Hareide og KrF vil ha bru Lote–Anda

ANDA (NRK) KrF vil ha bru over Anda-Lote. Partileiar Knut Arild Hareide lovde dette på ferjekaia i dag.

Knut Arild Hareide

LOVAR: Partileiaren i KrF vitja Anda ferjekai og lova at partiet vil gå for bru over til Lote.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Partileiaren opna valkampen i Sogn og Fjordane med konkrete løfter då han vitja Nordfjord i dag.

Knut Arild Hareide seier partiet vil nytte ferjeavløysingsmidlar til å bygge bru over den 1,8 kilometer lange fjordstrekket i Nordfjord.

– Det er ikkje tvil om at ei bru her vil ha stor verdi i eit 40-årsperspektiv. Og derfor meiner eg det er god logisk tenking, sa Hareide, som stadfesta at Anda-Lote blir eit pilotprosjekt i deira auge.

Brukonflikt

Han avviser at ei bru over denne strekninga vil kome i konflikt med bru mellom Svarstad og Frøholm. Den planlagde hengebrua på E39 blir 1760 meter lang, og lengst i landet.

– Vedtaket om stamveg (E39) står fast. Desto viktigare er det å få gjort noko med Anda-Lote.

Han aviser også at KrF vil ha omkamp om E39.

– Dette er ingen omkamp om stamvegen. Det er ein signal til regionen at vi prioriterer og ser ein heilskap. Bru Anda-Lote er eit veldig godt prosjekt som KrF nasjonalt ønsker å løfte fram, seier Hareide.

Knut Arild Hareide og Tore Storehaug

VALKAMP: Partileiar Knut Arild Hareide og KrF sin førstekandidat til stortingsvalet frå Sogn og Fjordane, Tore Storehaug.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Samfunnsøkonomisk

Han tykkjer ikkje at to bruer i Nordfjord med så kort avstand i mellom er ei samfunnsøkonomisk dårleg løysing.

– Vi må sjå tidsperspektivet. Og mange vil seie dette er ein ganske lang avstand. Gloppen-regionen er ein viktig region i fylket. Stryn-regionen er det same. Eg meiner dette er ei investering for framtida. Ja, begge bruene vil vere store investeringar, men begge vil vere viktige.

Men Hareide ville ikkje seie noko om tidsaspektet, utan at KrF går for ei både og-løysing i Nordfjord.

Signal

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid, er representant for bruselskapet Nordfjordkryssing Lote-Anda, og var glad for at Hareide var så konkret som han var på ferjekaia.

– Det er eit viktig signal til regionen at de er tydeleg på at denne brua skal byggast og realiserast. Lote-Anda er eit ferjeavløysingsprosjekt som står på eigne bein, med perfekt avstand for ferjeavløysingsmidlar, sa Bjørlo. som tidleg måndag tok opp att kravet om å få MF Lote attende på ferjesambandet.