Hopp til innhold

Denne fjellovergangen opnar ikkje før tidlegast torsdag

Varsel om sterk vind og store snømengder gjer at Statens vegvesen stengjer Rv. 7 over Hardangervidda til torsdag.

Leiro bom

STENGT: Her kan du ikkje køyra over før tidlegast torsdag. Rv. 7 er stengt til torsdag.

Foto: Statens Vegvesen

Riksveg 7 over Hardangervidda er ein av dei fjellovergangane som er stengt grunna dårleg vêr tysdag morgon.

Og den vert ikkje opna før tidlegast torsdag, noko som betyr at vegen vil vera stengt i over 48 timar.

– Vêrvarselet seier stiv og sterk kuling i dag, med vindkast på 25 meter i sekundet. I morgon kan vinden komma opp i 30 meter i sekundet. I tillegg til at det er meldt opp mot ein halvmeter med snø, og då bles vegen fort igjen, seier Jon Anders Omdal ved Vegtrafikksentralen i Bergen, som forklaring på at vegen vert stengt lenge.

Fleire vegar stengt

I tillegg til at Hardangervidda er stengt, er det også stengt på fleire andre fjellovergangar i Sør-Noreg:

  • Fv. 53 Tyin-Årdal.
  • Rv. 13 over Vikafjellet.
  • Fv. 50 Hol-Aurland.

Medan det er opent på E16 Filefjell, er dei andre fjellovergangane også prega av dårleg vêr:

  • På E134 over Haukelifjell er det kolonnekøyring.
  • Rv. 52 over Hemsedalsfjellet er det redusert sikt.

Ventar store snømengder

Problema på fjellovergangane kan halde fram. For frå tysdag ettermiddag er det venta store mengder snø, og farevarsel er sendt ut for både Vestland, Trøndelag, og Møre og Romsdal.

Fram til torsdag er det venta mykje snøfokk i fjella på grunn av kraftig vestleg vind og snøbyer. Meteorologen oppmodar sjåførar om å berekne ekstra tid til transport og køyring.

– Oppe i høgda, frå om lag 200 meter over havet, kan det komma opp mot ein halv meter snø, kanskje meir, seier statsmeteorolog Lars Andreas Seberg ved Meteorologisk institutt til NRK tysdag morgon.

Seberg seier dette kan bety fine forhold for skientusiastane. Samstundes er det no farevarsel 3 for snøskred i store deler av Sør-Noreg, ifølgje nettsida varsom.no

– Når det kjem mykje snø og vind, dannar det seg nye flak, seier Gustav Pless i snøskredvarslinga.

Då kan det vere lurt å halde seg unna, oppmodar han.

Pless seier det er meldt mildare vêr tysdag, noko som aukar faren for fleire våte skred.