Politiet meiner at han har valdteke ei jente to gonger og utført uønskte seksuelle handlingar mot ei anna mindreårig jente.
NRK erfarer at han nektar straffskuld for desse forholda. Men han har stadfesta at han har sendt og motteke seksualiserte bilete frå ei av dei fornærma jentene. I eit rettsmøte denne veka blei det mellom anna lagt fram skjermdumpar av chattar han har hatt med dei fornærma i saka.
Politiet har gjennomført ei omfattande etterforsking i saka og dei har avhøyrt ei rekkje vitne som dei meiner knyter mannen til den alvorlege saka. Mannen skal ha fått eit tillitsforhold til jentene gjennom fleire opphald i Sogn og Fjordane i samband med jobb.
Den fengsla artisten hadde planar om å reise til Gran Canaria for å jobbe etter at han var ferdig med jobben han skulle gjort i Sunnfjord. Dette blir det no naturleg nok ikkje noko av og tingretten meiner også at det er ein fare for at han reiser til heimlandet sitt i Sør-Europa, dersom han blir sleppt fri.
Politiet skal no på det næraste vere ferdig med etterforskinga og det blir no opp til Statsadvokaten om det skal takast ut tiltale mot mannen.