Hopp til innhold

Artist må sitje fengsla

Ein utanlandsk artist, sikta for to valdtekter mot ei ung jente i Sunnfjord, får ikkje sleppe fri frå varetekt. Gulating lagmannsrett opprettheld avgjerda til tingretten om at mannen må sitje fengsla i fire veker medan politiet etterforskar den alvorlege saka.