Hopp til innhold

Artist fengsla for to valdtekter mot mindreårig jente i Sunnfjord

Ein omreisande artist er sikta for to valdtekter og overgrep mot to mindreårige jenter i Sogn og Fjordane. Han er no fengsla i fire veker medan politiet etterforskar saka.

Politiadvokat Sissel Kleiven

AKTOR I SAKA: Politiadvokat Sissel Kleiven i Vest politidistrikt.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Mannen i tjueåra blei arrestert 8. juni etter at dei i oktober i fjor fekk melding om to valdtekter.

– Dette skal ha skjedd i Sunnfjord i 2016 og 2017. Fornærma i saka var under 16 år då forholda skal ha skjedd, fortel Vest politidistrikt i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Mannen er i tillegg sikta for eit tilfelle av seksuell handling mot ei anna fornærma under 16 år. Begge dei fornærma er kvinner.

Har anka

Den sikta mannen er ikkje norsk statsborgar, men har vore mykje i Noreg i samband med jobben som kulturarbeidar. Ifølgje mannen sin profil i sosiale medium, har han blant anna vore lærar innan sitt fag for unge elevar.

Den sikta vart i Sogn- og Fjordane tingrett varetektsfengsla i 4 veker, med brev- og besøkskontroll i to av vekene.

Han nektar straffskuld for alle punkt i siktinga. Avgjerda er anka til Gulating lagmannsrett, seier advokat Ivar Bikra.

Møta mellom mannen og offera skal ha funne stad i samband med ulike oppdrag han hadde som artist i Sogn og Fjordane.

Bad om å sleppe fengsling

Tingretten meiner det er grunn til mistanke og godtok politiet sitt krav om fire veker i varetekt. I avgjerda frå tingretten kjem det fram at mannen bad om å sleppe fengsling fordi han skulle til Gran Canaria på jobb. Dette tok ikkje retten omsyn til.

Politiet har lagt eit tett lok over etterforskinga, men har varsla at dei vil kome med ei orientering om saka innan kort tid. Tingretten peikar på at det neppe ligg føre tekniske bevis og at det vil bli ord mot ord.

I ein tidlegare versjon av denne artikkelen skreiv vi at det dreidde seg om valdtekt av ei kvinne. Det rette er at det gjeld valdtekt og overgrep mot to mindreårige jenter.