Hopp til innhold

Har tru på null drepne i trafikken

Finnmark vart historisk etter at det i fjor var null trafikkdrepne i fylket. I Sogn og Fjordane var det fem personar som miste livet i 2012, men også her kan det vere eit realistisk mål at ingen skal miste livet i trafikken.

Audun Heggestad

TRUR TALET KAN KOME NED I NULL: Audun Heggestad i Trygg Trafikk trur det er mogleg å få talet på trafikkdrepne ned i null også i Sogn og Fjordane.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Det meiner Audun Heggestad som er distriktsleiar i Trygg Trafikk.

– Vi kan nok heilt sikkert klare det, seier Heggestad til NRK.no.

Store svingingar i dødstala

Statens vegvesen sine førebelse ulukkestal viser at 154 personar miste livet på norske vegar i fjor. Dette er 14 færre enn året før og det lågaste talet sidan 1950.

Som det første fylke sidan ein byrja føre nasjonal statistikk i 1939 var det i fjor ingen som mista livet på vegane i Finnmark. Heggestad trur dette også går an å få til i Sogn og Fjordane.

– Statistisk sett ligg vi dei siste fem åra på 6.6 omkomne i året, seier han og viser samtidig til at det kan vere store svingingar i tala.

– På 1980-talet var vi nede i to personar som vart drepne i trafikken, men så har vi også sett at vi på 1970-talet var oppe i 18 personar i året, seier Heggestad.

– Det er ikkje umogleg

Uansett går dødstala i trafikken nedover på landsplan. I Sogn og Fjordane var det i fjor fem personar som miste livet, mot sju personar i 2011.

– Tala går nedover, så det er ikkje umogleg å få til det same som Finnmark her, seier Heggestad.

– Vi har ein nullvisjon, og det er eit sterkt ønske at vi skal oppnå det, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dødsulukke på E16 i Lærdal

OMKOM: Ein polsk lastebilsjåfør miste livet etter ei dødsulukke på E16 i Lærdal i februar i fjor.

Foto: Anne Karin Skjær

– Vi er på rett veg, men det er for mange

Også vegdirektør Terje Moe Gustavsen gler seg over at dødstala i trafikken går ned.

– Dette er gledeleg og viser at vi er på rett veg. I forhold til snittet i alle år sidan tusenårsskiftet på 250 drepne, har vi no nesten 100 færre trafikkdrepne.

– Men samtidig er 154 for mange, dette er meir enn tal og statistikk, seier han.

Mange årsaker

Årsakene til at talet på alvorlege ulukker og dødsulukker går ned er mange meiner både vegdirektøren og Heggestad i Trygg Trafikk.

– Fartsnivået har gått ned, vi har fått nyare og tryggare bilar, samtidig som folk veit meir om trafikktryggleik og er blitt betre til å køyre etter forholda og tilpasse seg, med til dømes beltebruk, seier Heggestad.

Han meiner også at ein no byrjar sjå verknadene av dei mange forskjellige trafikkampanjane, som til dømes kampanjar for å få fleire til å bruke bilbelte.

På mange måtar meiner Heggestad at ein også ser at folk har blitt betre sjåførar.

– Vi har ei veldig god trafikkopplæring, seier Heggestad.

– Reddar fleire når ulukka først skjer

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen har den same oppfatninga. Han ser resultata av betre bilar og betre vegar, lågare fart og at fleire brukar bilbelte og anna tryggleiksutstyr. Men lista over årsaker til den positive utviklinga er lang.

– Politiet sin innsats mot bilistar med ekstremåtferd, ei betre trafikkopplæring og ei akuttmedisinsk utvikling som gjer at ein redder fleire når ulukka først er ute er forhold som bidreg.

– Målretta kontrollverksemd og kampanjar mot enkeltgrupper har gitt resultat. Det pågåande arbeidet mot høg fart har gitt utslag i lågare fart på norske vegar, seier Moe Gustavsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alvorleg trafikkulukke på riksveg 5 ved Klavelandet i Florø

PÅKØYRSLE: Ein 51 år gamal mann miste livet etter ei påkøyrsle på riksveg 5 i Florø 1. november i fjor.

Foto: NRK-tipsar

Meiner alle kan bidra

Sjølv om det altså blir færre alvorlege ulukker med varig skade og trafikkdrepne vil ikkje Audun Heggestad slå seg til ro med dødstala. Han meiner ein framleis må jobbe målretta for å nå nullvisjonen – at det ikkje skal skje trafikkulukker der folk blir drepne eller skadde for livet.

Han likar spesielt dårleg at det er fleire fotgjengarar som mister livet.

– For oss er det viktig at vi har gode gang- og sykkelvegar for dei mjuke trafikantane.

Han har også ei oppmoding til alle, slik at alle og ein kvar kan vere med å halde dødstala så låge som mogleg.

– For å få ned talet på trafikkulukker er det viktig at alle avpassar farten, køyrer rusfritt, bruker bilbelte i bil, hjelm for syklistar og ikkje minst at fotgjengarar brukar refleks, seier Heggestad.