Hopp til innhold

Vil ha startsperre på bilbelte

Altfor mange forstår ikkje kor farleg det er å droppe bilbelte, seier fylkesleiaren i Trygg Trafikk. Startsperre på bilbelte kan vere den einaste løysinga skal ein få slutt på det evinnelege problemet.

Audun Heggestad, bilbelte

UROA: Audun Heggestad er oppgitt over at mange aldri verkar forstå kor viktig det er å bruke bilbelte.

Audun Heggestad er leiar i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane. Han er både skremt og forundra over at politiet stadig vekk stoggar mange bilistar utan bilbelte.

Seinast i helga vart over halvparten av dei kontrollerte bilistane tekne på fersken utan bilbelte då politiet hadde kontroll i sentrum av Førde.

– Både politiet og Vegvesenet har stadige kontrollar og vi er fleire som stadig fekk informerer om kor viktig det er å bruke bilbelte. Eg forstår ikkje kvifor alvoret når fram til folk, seier Heggestad oppgitt.

Ikkje imponert over bilistane

I byrjinga av september viste tala frå politiet at folk i Sogn og Fjordane var blitt flinkare til å bruke bilbelte. På eit år er talet nærast halvert, samtidig som ein har kontrollert fleire.

Men trafikkoordinator Johnny Jansen ved Sogn og Fjordane politidistrikt er likevel ikkje imponert over bilbeltebruken blant bilistane.

I ein kontroll i Førde sentrum laurdag vart 120 bilar stogga. Over halvparten, 67 bilførarar hadde ikkje bilbelte.

– Dette er svært beklageleg og det viser dessverre at det er veldig viktig at vi held trykket oppe på slike kontrollar, seier Jansen til NRK.no.

Stadige kontrollar får ikkje bukt med problemet

Og slik det er i dag skortar det ikkje på kontrollar. Både politiet og Statens vegvesen kontrollerer tusenvis av bilar og ei rekkje instansar er med jamne mellomrom ute for å informere om bilbeltebruk.

Trygg Trafikk og Statens vegvesen frontar kvart år at bilbelte er livsviktig. Ifølgje Heggestad kunne mellom 50 og 60 personar kvart år overlevd alvorlege bilulukker, dersom dei hadde brukt bilbelte.

Dette er nær ein fjerdedel av dei vel 200 personane som kvart år blir drepne på vegane i Norge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Husk bilbelte

KAMPANJE: Statens vegvesen har fleire gonger hatt kampanjar for å få fleire til å bruke bilbelte.

Foto: Statens Vegvesen

– Folk undervurderer bilbelte

Analyser av dødsulukker på vegane viser at 40 prosent av dei drepne ikkje brukte bilbelte. Men sjølv om folk vert pepra med denne informasjonen er det framleis mange som droppar bilbelte.

– Folk undervurderer kor farleg det er å droppe bilbelte. Det synst eg er både trist og leit, seier Heggestad og legg til:

– Mange verkar heller ikkje forstå at dei utgjer ei stor fare for andre i bilen dersom dei ikkje brukar bilbelte i ein eventuell kollisjon. Ein kan bli kasta rundt i bilen og gjere stor skade på dei andre passasjerane.

– Det er ikkje kult nok for mange

Teljingar som Statens vegvesen har gjort syner at folk er flinkare på å bruke belte utanfor tettbygd strok. Tal frå 2010 viser at åtte prosent av bilførarane og dei som sat framme ikkje brukte belte på korte turar. Talet utanfor tettbygd strok er fem prosent.

Jansen i politiet vil ikkje umiddelbart gå god for tala, men seier manglande bilbelte uansett er eit stort problem.

– Generelt vil eg seie at vi ikkje ser noko særleg betring frå år til år. Folk har for mange unnskyldningar. Skal berre, skal berre, seier Jansen og legg til:

– Dessverre er det også slik at i mange ungdomsmiljø er det ikkje kult nok å bruke belte. Dette har ungdomen sjølv fortalt i møte med politiet ved fleire ulike høve.

Vil ha startsperre på bilbelte

Slik det er i dag får du 1500 kroner om du vert stogga utan bilbelte. Heggestad trur ikkje dette verkar skremmande for folk.

– Det kan verke som at denne bøtesatsen er for liten slik den økonomiske situasjonen er for folk i dag, seier Heggestad som ikkje er framand for å heve satsen.

Etter årevis med haldningsskapande arbeid og hyppige kontrollar trur han det nesten berre er ein ting ein gong for alle vil sikre at alle brukar belte. Nemleg startsperre på bilbelte.

– Eg håpar ein på sikt hadde fått gjennom ei ordning der bilen ikkje startar før alle i bilen er sikra med bilbelte. Dessverre trur eg dette er langt fram i tid, men det er nok einaste måten å få alle til å bruke bilbelte, seier Heggestad.