Hopp til innhold

Tek du på deg refleks blir du 85 prosent tryggare i trafikken

Refleks reddar liv og er lettvint. likevel blir det berre brukt av 24 prosent av fotgjengarane i landet. No vil Trygg Trafikk ha reflekspåbod.

Video Traffikk i Sogn og Fjordane

Trafikk på E39 i Førde ein novembermorning.

Det er haust. For kvar morgon blir det mørkare, og vanskelegare for bilistar å sjå svartkledde fotgjengarar. Refleks reddar liv og er lettvint. likevel blir det brukt av langt under halvparten av fotgjengarane.Kvar vinter blir fotgjengarar påkøyrd av bilistar om ikkje ser dei, men er det fotgjengaren eller bilisten sin feil?

Køyrde på skuleelev

Arne Kråkenes var for nokre år sidan på veg til jobb. Vegen var lommekjend og han såg ingen hindringar i vegbana. Plutseleg høyrte han eit dunk frå panseret på bilen. Han forsto fort at han måtte ha køyrd på nokon, men han hadde ikkje sett nokon ting.

– Det var motlys frå bilane som køyrde mot meg, eg trudde eg hadde full oversikt. men plutseleg dunka det i bilen. Guten eg køyrde på hadde heilt mørke klede og hadde mørk hette på seg, seier Kråkenes som er lærar i Vågsøy Kommune.

Heldigvis gjekk det bra med fotgjengaren men Kråkenes seier ulukka kunne vore unngått om fotgjengaren hadde sett seg om, og brukt refleks.

– Eg har lært at eg må køyre seinare for å ha full oversikt i mørket, men det er vanskeleg for bilistar å slakke på farten, fordi dei trur dei ser alt. Når ein trur ein har full oversikt, føler ein ikkje at det er naudsynt å bremse ned.

Bilistane har ansvaret

Audun Heggestad

VIL HA PÅBOD:Audun Heggestad vil at alle skal bruke refleks

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Audun Heggestad frå Trygg Trafikk seier at bilistane er pålagt ansvar for å ikkje køyre på menneske og dyr. Det er det bilisten sitt ansvar å passe på at det ikkje er noko i vegbana.

– Likevel har fotgjengaren eit moralsk ansvar. Fotgjengaren er den mjuke trafikant, og det er han som blir skada i ulukker. Difor må fotgjengarar sjå seg for før dei går ut i vegen, og alltid ta på seg refleks, seier Heggestad.

Sterkt ønskje om reflekspåbod

I Sogn og Fjordane brukar meir enn fire av ti refleks. på landsbasis ligg det mellom to og tre av ti.

– Det er bra at så mange brukar refleks i Sogn og Fjordane, men det er framleis under halvparten av alle fotgjengarane. Når ein veit at risikoen for å bli påkøyrd blir redusert med 85 prosent i det du tek på deg ein refleks, ser eg ingen grunn til at alle ikkje skal bruke det, seier Heggestad.

Trygg Trafikk har lansert eit sterkt ønskje til politikarane om å gjere refleks påbode for fotgjengarar, slik dei har i Finland.

– Me har utført ei undersøking som viser at heile tre av fire er positive til eit slikt påbod, seier Heggestad.

Trafikantar ved E39

MJUK TRAFIKKANT:Mor og barn over E39 på veg til skule og barnehage.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK