Hopp til innhold

Vil prikkbelaste dei utan bilbelte

Er det større sjanse for at du brukar bilbelte dersom du risikerer prikkar på førarkortet om du blir ferska utan? Trygg Trafikk meiner dette er vegen å gå.

Audun Heggestad, bilbelte

VIKTIG: Audun Heggestad jobbar aktivt for at flest mogleg skal bruke bilbelte.

Slik det er i dag må du pent betale 1500 kroner dersom du blir stogga utan bilbelte. Men har du barn i bilen under 15 år som ikkje er festa med bilbelte får du to prikkar.

Men kva hadde skjedd om også vaksne vart straffa med prikkar om dei køyrde rundt utan bilbelte?

Trygg Trafikk trur folk hadde blitt flinkare fordi prikkar verkar meir skremmande enn ei bot.

– Alle veit at med åtte prikkar så misser du lappen, og då kan du ikkje kjøpe deg fri, for å seie det slik, seier Audun Heggestad som er distriktsleiar i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane.

Ministeren tok opp temaet

Også samferdsleministeren har fått auga opp for nettopp dette med prikkbelastning for dei som ikkje brukar bilbelte. Under den nasjonale trafikktryggleikskonferansen denne veka tenkte ho høgt om temaet.

Frå talarstolen spurte Magnhild Meltveit Kleppa dei frammøtte om nettopp manglande bilbelte skulle komme inn i prikkbelastningsordninga. Fleirtalet av deltakarane på konferansen var positive, skriv Trygg Trafikk på sine heimesider.

Heggestad håpar og trur at dette blir ein realitet om kort tid.

– Trygg Trafikk jobbar for å få dette til, og sjølv om ein blir nøydd til å revidere ordninga, så er dette fullt mogleg å få til, seier han.

– Ein skal nok ikkje sjå vekk frå at dette ligg i korta.

Mange som døyr brukar ikkje bilbelte

Heggestad seier det er mange grunnar til at det må gjerast så mykje som mogleg for å få flest mogleg til å bruke belte.

Mellom anna viser han til at 46 prosent av dei som omkom i trafikkulukker i 2010 ikkje brukte bilbelte, og at talet blant ungdom var endå høgare.

– Alle tiltak som kan vere med på å få ned talet drepne og skadde i trafikken er viktige, seier Heggestad.

Han har tidlegare også teke til orde for startsperre på bilbelte.

– Folk undervurderer kor farleg det er å droppe bilbelte. Det synst eg er både trist og leit, sa Heggestad til NRK i haust.

– Mange verkar heller ikkje forstå at dei utgjer ei stor fare for andre i bilen dersom dei ikkje brukar bilbelte i ein eventuell kollisjon. Ein kan bli kasta rundt i bilen og gjere stor skade på dei andre passasjerane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Husk bilbelte

BERGAR LIV: Trygg Trafikk og Statens vegvesen frontar kvart år at bilbelte er livsviktig.

Foto: Statens Vegvesen

Held trykket oppe

Teljingar som Statens vegvesen har gjort syner at folk er flinkare på å bruke belte utanfor tettbygd strok. Tal frå 2010 viser at åtte prosent av bilførarane og dei som sat framme ikkje brukte belte på korte turar. Talet utanfor tettbygd strok er fem prosent.

– Sjølv om tala altså tyder på at det er fleire enn 90 prosent som brukar belte, må ein ikkje gje opp kampen om å få endå fleire til å alltid gjere det, seier Heggestad.

Forskrifta om prikkbelastning vart revidert og endra frå 1. juli i fjor.

Les meir om prikkbelastning på Statens vegvesen sine heimesider.

Trur prikkar svir meir

Sjølv om det forskrifta nyleg har blitt revidert, utelukkar ikkje Heggestad at dette kan bli gjort igjen. Han meiner prikkbelastning for manglande belte er heilt naturleg å få inn.

– Inndraging av førarkortet er den største straffa for veldig mange, seier Heggestad og viser til at folk dessverre ikkje let seg skremme av ei bot på 1500 kroner.

– Trur du ein hadde sett ein umiddelbar effekt dersom ein innførte prikkbelastning for manglande bilbelte?

– Eg trur nok det ville ha ein viss effekt, ja.