Hopp til innhold

- Kunne overlevd i nyare bilar

Hans Olav Hellesøe i Ulukkesanalysegruppa til Vegvesenet har sett nærare på mange dødsulukker der ungdomar har mist livet. Fleire gonger ser dei at ungdomane kunne ha overlevd dersom bilen dei hadde krasja med var nyare og betre sikra.

Hans Olav Hellesøe

SKEPTISK TIL GAMLE BILAR: Hans Olav Hellesøe forstår Trygg Trafikk sin skepsis til at mange unge køyrer rundt i gamle bilar.

Foto: Giselle Jensen

– I tilfelle der bilane er blitt deformerte fordi dei er gamle og svake, så hadde det vore stor sjanse for at dei kunne overlevd om dei køyrte ein nyare bil, seier Hellesøe til NRK.no.

Han er leiar i Ulukkesanalysegruppa til Statens vegvesen i region Vest og har vore med å sjå nærare på mange av dødsulukkene som skjer langs vegane. At det er skilnad på utfallet av ulukker i gamle og eldre bilar er noko dei har registrert.

– Vi får knapt inn heilt nye bilar som har vore involvert i ulukker der folk dør. Det skjer nesten ikkje, seier Hellesøe.

Ber om at unge får låne den nye bilen

Sjølv om ungdom er mest utsett for alvorlege trafikkulukker, er det ofte denne aldersgruppa som har dei dårlegaste bilane.

Dyre forsikringar, faren for bulkar og rot i bilen gjer at mange foreldre vegrar seg for å låne bort den nyaste bilen til husstanden. I staden blir unge og uerfarne sjåførar køyrande rundt i gamle og meir usikra bilar.

Trygg Trafikk oppmodar no foreldre om å ta ansvar og låne ungdom den sikraste bilen.

– Dersom uhellet er ute så blir skadane så mykje mindre i ein relativt ny bil, enn i ein relativt gammal bil, åtvarar distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Audun Heggestad

BER FORELDRE TA ANSVAR: Audun Heggestad i Trygg Trafikk ber foreldre bli flinkare til å låne ut den tryggaste og nyaste bilen til dei unge og uerfarne sjåførane.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Større skadepotensial i eldre bilar

Hellesøe i Ulukkesanalysegruppa til Vegvesenet forstår at Trygg Trafikk er uroa. Også han likar dårleg at så mange unge køyrer rundt i gamle bilar.

– Det er uheldig. No blir ulukkene ofte skapt av andre ting enn køyretyet, men konsekvensane når noko går gale blir mykje større i ein gamal bil enn i ein ny bil.

Han viser til at det tidleg på 2000-talet skjedde store endringar i korleis bilane er bygde opp.

– I ein gamal bil skal det mindre til for å trykke den saman. I nyare bilar er det eit tryggleiksbur rundt der folk sitter som er veldig mykje sterkare enn det var før.

Kan hindre ulukkene

I ein ny bil kan også dårlege val og vurderingar gjort av ein ung og uerfaren sjåfør bli oppdaga av bilen, fortel Hellesøe. Han viser til forskjellige teknologiske innretningar som mellom anna antisladdsystem.

– Eit slikt system kan fanga det opp slik at skrensen blir stogga og det ikkje skjer ei ulukke, seier Hellesøe.

Hellesøe vil i utgangspunktet ha vekk mest mogleg av dei gamle bilane frå vegane, men meiner det er betre med erfarne sjåførar bak rattet i desse.

– Ein som har køyrt bil ei stund, som følgjer regelverket, fartsgrensene og brukar bilbelte, har større sjanse til å kome frå det enn ein ungdom som gjer ein del impulsval som ein vaksen ikkje ville gjort, seier han.

Håpar utviklinga går rett veg

Statistikken til Vegvesenet i region Vest viser at ungdomsbilane som var involvert i dødsulukker i 2010 hadde ein snittalder på 16,7 år. Året etter, i 2011, hadde snittalderen gått ned til 13 år. Hellesøe håpar at dette er teikn på ei utvikling som går i positiv retning.

– Kanskje er det ein trend at ungdom i dag får tak i ein meir brukbar bil. Kanskje har dei og meir tilgang på pengar til å kjøpe seg bil, seier Hellesøe.

– Det ser ut til at det går rett veg.

Han gler seg også over statistikkane som seier at det over dei siste åra har blitt færre unge som misser livet i trafikken. Likevel er tala for høge og ein må halde fram med tiltak, meiner Hellesøe.

Nye bilar kvar dag – ein ungdom som dør er borte for alltid

Det å få færre unge til å køyre eldre bilar er ein av tinga, men Hellesøe har også fleire andre klare oppmodingar til unge i bil.

– Bruk bilbelte, det er nummer ein. Utan bilbelte har det lite å seie om bilen er ny eller gammal når ulukka skjer og ein blir kasta ut, seier han.

– Ver edru og vaken, det har betydning for kor vidt ulukka skjer.

Når det kjem til foreldra sitt ansvar for å la ungdomane låne ein ny og sikker bil seier Hellesøe det slik.

– Eg oppmodar dei til å låne ungdomen den gode bilen. Nye bilar blir det laga kvar dag på bilfabrikkar rundt om kring i verda, men ein ungdom som mister livet, den får du faktisk ikkje igjen. Den er tapt for alltid.