Hopp til innhold

Har stilt til val sidan 1923 – no kan korona setje ein stoppar for kommunistane

Koronareglar gjer at fleire av landets minste parti står i fare for å ikkje kunna stilla til stortingsvalet i 2021. – Ikkje eit demokratisk problem, meiner valforskar.

NKP-leiar Runa Evensen

VERVA: Noregs Kommunistiske Parti (NKP) og leiar Runa Evensen var synlege på torget i Stavanger under valkampen i fjor haust. No slit dei med den digitale oppslutninga.

Foto: Mathias Oppedal

– Vanlegvis ville me stilt oss opp på Torgallmenningen og samla underskrifter der. I år kan me ikkje det, seier Alexander Sørnes.

Han er nestleiar i Noregs Kommunistiske Parti (NKP), og andrekandidat i Hordaland.

Heilt sidan 1923 har partiet stilt liste til det norske stortingsvalet. No fryktar partileiinga at dei ikkje kan stille til val dersom ikkje talet på underskrifter aukar drastisk.

I dag må alle parti som fekk under 5000 stemmer nasjonalt eller under 500 stemmer i ein valkrins ved førre val, samla 500 nye underskrifter i kvar valkrins for å stilla liste.

For dei minste partia kan det bli ein utfordring.

Seig mobilisering

Ved kommune- og fylkestingsvalet i fjor stemte 308 personar på NKP i Noreg. Så langt har dei samla 33 underskrifter i Hordaland.

Partiet ønskjer ikkje å oppgi kor mange underskrifter som er samla inn til no i Oslo.

I år må nemleg dei og andre små parti samla underskriftene digitalt, av smittevernomsyn.

– Førebels er det tungt. Det går i eit vesentleg tregare tempo enn det ville gjort om me skulle samla inn fysisk, seier Sørnes.

– Me er bekymra for vår deltaking, seier han.

Norges Kommunistiske Parti

TUNGT: Det går tregt å samla inn underskrifter digitalt, seier Alexander Sørnes i NKP.

Foto: Runa Victoria Engen

NKP meiner regjeringa akkurat i år bør gi etablerte småparti unntak frå kravet om underskrifter.

–Under normale omstende klarer me å samla nok underskrifter. Når koronareglane gjer dette vanskeleg i år, bør Kommunal- og moderniseringsdepartementet droppa dette kravet, i følge Sørnes.

Det avviser statssekretær Paal Pedersen frå Høgre.

– På grunn av pandemisituasjonen har me i år opna for at partia kan samla underskrifter digitalt, noko som vanlegvis ikkje er lovleg. Men kravet om å dokumentera ein viss oppslutnad må stå fast, seier han.

Sørnes har også gjesta podkasten Kjennskap og vennskap ved Studentradioen i Bergen, der problemstillinga blei tatt opp først.

Sentrum kan nå 5000 denne veka

Ifølge vallova må nyetablerte parti samla 5000 underskrifter for å koma inn i Partiregisteret.

Det nye partiet Sentrum, som vart stifta i haust, er nære ved å nå grensa. I veke 48 hadde dei teke i mot 4488 underskrifter. Dei skal telja underskrifter att på onsdag denne veka.

– Eg synest det har gått bra. Me er veldig sikre på at me kjem i mål no, i god tid før fristen ved nyttår, seier komande partileiar, Geir Lippestad.

Han fortel at dei har måtta samla underskrifter på papir, sidan dei er eit nytt parti.

Nokre av underskriftene har dei fått ved å stå på stand, men dei fleste har kome i posten.

– Me har fått så mykje post dei siste vekene at me har fått brev frå postkontoret som har lurt på kva me held på me, seier Lippestad.

Geir Lippestad med nytt parti som skal hete Sentrum.

HAR TRUA: Geir Lippestad og det nye partiet Sentrum har tru på at dei får minst 5000 underskrifter, som dei treng for å stilla liste.

Foto: Berit Roald / NTB

– Ikkje eit demokratisk problem

Valforskar og professor Bernt Aardal ved Universitetet i Oslo seier små parti som slit med mobiliseringa, kan vera eit uttrykk for avgrensa engasjement.

– Slit ein med å få nok underskrifter, slit ein nok også med å få nok oppslutning, seier Aardal.

Han meiner ordninga med å samla underskrifter på nytt gjer at det finst parti som berre eksisterer på papiret, og ikkje i røynda.

– Eg synest ikkje det er eit demokratisk problem. Me har jo trass alt over 20 registrerte politiske parti i Noreg, seier Aardal.

Sjølv om Sentrum no nærmar seg 5000 underskrifter, er Aardal avventande på vegner av det nye partiet.

– At dei har samla underskrifter, tyder ikkje nødvendigvis at folk støttar dei. Me har tidlegare sett parti som har fått underskriftene dei treng, men som ikkje har klart å omsetja det til stemmer ved val, seier valforskaren.

Bernt Aardal

IKKJE PROBLEM: Valforskar og professor Bernt Aardal ved Universitetet i Oslo synest ikkje det er eit demokratisk problem at nokre parti slit med å stilla liste til stortingsvalet.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix