Hopp til innhold

Har stått tomt i 30 år: Lovar hotelldrift i «spøkelseshus»

Den 120 år gamle bygningen har vore tuberkulosesanatorium og psykiatrisk sjukehus. No lever hotelldraumen.

Harastølen, mai 2022

FRÅ FORFALL TIL HOTELL: Slik ser det ut på Harastølen i dag.

Foto: Lars Erik Kjos

Som eit ørnereir ligg den massive bygningsmassen på Harastølen, 500 meter over Sognefjorden.

I snart 30 år har bygget stått tomt. Bygget har vore gjenstand for spøkelsesjakt og skrekkfilmen «Villmark 2» vart spelt inn her.

Om to år kan 100 hotellrom stå klare, men enno er det ei stykke fram til den første gjesten kan sjekke inn.

– Totalpakken på heile prosjektet er på 150 millionar kroner. Det er mykje pengar, det er ingen tvil om det, seier investor og dagleg leiar for hotellet, Terje Svindland.

Den 120 år gamle enorme bygningen ruvar i terrenget i fjellsida. Tidlegare har det vore både tuberkulosesanatorium, psykiatrisk sjukehus og asylmottak her.

Huset stod til forfalls i mange år. Men i fjor byrja det å skje noko. Arbeidet starta på det som skal bli eit hotell.

Snøen stoppa arbeidet

Snøen stoppa arbeidet i vinter, men no er arbeidarane på plass igjen.

Svindland seier det likevel er mykje arbeid som står att før eit hotell kan stå klart.

Når det gjeld det utvendige er pengane på plass, men for å bygge hotellrom manglar det enno pengar. Først var tanken å lage 30 hotellrom. No er planen å bygge 90–100 hotellrom og bruke alle dei 5000 kvadratmetrane.

Hotellet er ikkje fullfinansiert enno, og han vil ikkje seie kor mykje pengar dei manglar.

– Men vi har god dialog med investorar, seier han.

Oppstarten av hotellet er flytta på, og no trur Svindland at 2024 er eit realistisk mål.

Harastølen, mai 2022

HARASTØLEN: Når det gjeld det utvendige er pengane på plass, men for å bygge hotellrom manglar det enno pengar.

Foto: Lars Erik Kjos

Skeptisk reiselivsjournalist

Men ikkje alle har like stor tru på planane. Odd Roar Lange er reiselivsjournalist. Han står bak nettsida The traveller inspector. Han har besøkt mange overnattingsstader både i Noreg og i utlandet. Han er skeptisk.

– Eg vil nødig vere festbrems, men eg er redd dette ikkje berre er eit slott, men eit luftslott. Dette kjem til å koste meir enn dei kjem til å få inn igjen.

Han legg til:

– Det er sjarmerande med sanatoriumhistoria, spøkelse i gangane og skrekkfilmane. Det er artig å lese om, men trur ikkje det blir like artig å lese rekneskapane, seier han.

Andre i bransjen har derimot stor tru på Harastølen som reisemål.

– Det er eit veldig spennande prosjekt som vi har følgt i fleire år. Når vi ser på trendane framover, er plasseringa til Harastølen heilt unik med den flotte utsikta mot Sognefjorden og Jotunheimen, seier Heidi Hauge som er dagleg leiar i Visit Sognefjord.

Harastølen i Luster mai 2021

SLITE: Slik ser det ut innvendig på Harastølen i Luster.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Meiner Harastølen er unik

Svindland kjenner seg trygg på at Lange sine spådomar blir gjort til skamme.

– Det er mange sjølvoppnemnde ekspertar, og eg kjenner ikkje til han og kor mange hotell han har drive og kor mange bygg han har renovert. Det er mange andre som er positive.

Hotelldirektøren meiner at staden er såpass unik og at ingen andre har ei slik plassering som Harastølen.

Folk er interessert det unike. Og dette er unikt, både historia og der det ligg. Det er veldig mykje kjensler i bygget. Det er ikkje berre vonde ting som har skjedd der, det er så mange gode historier også.

Les heile historia til Harastølen Bygningen som nektar å døy

Lyster sanatorium