«Spøkelseshuset» Harastølen blir hotell – no er arbeidet i gang

Om tre år kan du etter planen sjekka inn på det gamle tuberkulosesanatoriet og psykiatriske sjukehuset på Harastølen – som hotellgjest.

Harastølen mai 2021. Investorane er Terje Svindland (t.v.), Sverre Ophaug og Øystein Høyheim.

BLIR HOTELL: Det står att litt arbeid før Harastølen står fram i gamal prakt att. Framme står investorane som skal bygga hotellet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tuberkulosesanatorium. Psykiatrisk sjukehus. Asylmottak. Skrekkfilm-innspeling. Teater. Og feilslåtte planar.

Den 119 år lange historia til Harastølen inneheld mykje. Men etter fleire tiår med forfall, skjer det noko der att.

For dei som kjenner historia om den karakteristiske bygningen 500 meter over Sognefjorden, kunne det vore freistande å skriva overskrifta «Store planar på Harastølen og ja, denne gongen skjer det faktisk».

For deg som ikkje kjenner historia så godt, slik summerer opp Lusterordførar Ivar Kvalen at det er arbeid der:

– Det er jo nesten så ein må klypa seg i armen.

Harastølen i Luster mai 2021

Det trengs nok eit strøk maling, eller kanskje to, før det er klart for hotellgjester på Harastølen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Lyster sanatorium

I stordomstida. Legg merke til spira på fasaden og utsmykkinga rundt glasa, samt dei to balkongane. Spira og utsmykkingane på taket vart etter nokre år fjerna, då dei vart skadde av snø og is. I framgrunnen ligg kurhallane der pasientane kura.

Foto: privat
Harastølen

Høgt opp på svingete vegar. Busslastar med turistar er ikkje hovudmålgruppa til det nye hotellet. Kanskje like greit, for store bussar klarer neppe den smale og svingete vegen opp til hotellet uansett.

Foto: Harastølen Hotell
Båre og rullestol

Mykje står att frå sjukehusperioden.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK
Fyrrommet på Harastølen. F.v.: Sverre Ophaug, Øystein Høyheim og Terje Svindland.

Kolet ligg framleis på golvet like ved dei store omnane som varma opp bygningen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sjukehus, flyktningar og okkupantar

Investorane Terje Svindland, Sverre Ophaug og Øystein Høyheim syner fram innsida av den forfalne bygningen.

– I første omgang blir det 30–40 rom, alle med utsikt mot fjorden og fjella, seier Svindland.

– Dette er plassen for dei som vil litt vekk frå kvardagen, seier Ophaug.

Ute er nokre arbeidarar i gang med å setta opp eit enormt stillas. For det er ikkje berre-berre å setja i gang med å pussa opp ein 119 år gamal bygning som har stått til forfall sidan midten av 90-talet.

Naturen har gjort sitt. Men det har menneske også.

Harastølen var i årevis populært for ungdomar å ta seg inn i. Spøkelsesjakt , eller berre utforsking. Folk har budd her, og mykje av skrekkfilmen Villmark 2 vart spelt inn her.

Panoramarom på Harastølen. Investorane Øystein Høyheim (t.v.), Sverre Ophaug og Terje Svindland

NOK ARBEID: Det er første, andre og tredje etasje som skal pussast opp først. Her er det rause fire meter takhøgd. Her står investorane i det som blir eit av hotellromma.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Skal ikkje bli «spøkelseshotell»

– Me kjem til å fortelja heile historia til plassen, med alt det har vore og nedfallstida. Men fokuset blir på rekreasjon, avslapping og turmoglegheiter, seier Svindland.

Med andre ord: det er ikkje «dobbeltrom m/spøkelse» dei kjem til å selja romma som.

– Men å laga eit påskemysterium her oppe, der ein person blir funnen død i overlegebustaden eller noko slikt, det er det jo gode moglegheiter for, legg han til.

Investorane kom fram med planane i 2017 . I 2020 var plutseleg planane heilt i det blå att , grunna ein konkurs.

Då var det lett å tenka at det vart med nok eit «nesten».

20 år med berg og dalbane

– Dei var ein av mange som hadde vore i kontakt med meg og kommunen om Harastølen dei siste åra. Me tok i mot dei og var høflege og høyrde på ideen, men me var vel litt avventande og kjølige i starten, seier ordførar Kvalen.

Men no er det synlege bevis på at det skjer ting. Heile bygget skal renoverast utvendig, samt den austre delen innvendig. Investorane reknar med at første byggetrinn kjem til å kosta rundt 50 millionar kroner.

– Innvending startar me med 2000 av dei 5000 kvadratmeterane areal det er. Me vil gå litt forsiktig ut og sørga for at økonomien er god. Så kan me pussa opp resten av bygningen og då få mellom 80 og 90 rom totalt etter kvart, seier Svindland.

– Dei viste tidleg at dei hadde seriøse planar. Etter 20 år med oppturar og nedturar, og eit rivingsvedtak, så har det snudd til ei framtid der oppe som gir ny aktivitet. Det er utruleg kjekt, avsluttar Kvalen.

Kjellaren på Harastølen. Om dette er autentisk eller ikkje er usikkert. Men truleg er dette rekvisittar som er sett inn her i ettertid.

TANNLEGESJEKK? Kanskje det ikkje freistar så veldig akkurat her. Alle gjenstandane er nok ikkje autentiske frå historia til Harastølen, og nokre er nok sett inn i ettertid til filminnspeling eller fotografering. Dette rommet i kjellaren skal i første omgang ikkje pussast opp.

Foto: Sondre Dalaker / NRK