Hopp til innhold

Har reserveplanen klar for påska

Etter mykje ferjetrøbbel for Fjord1 ser alt ut til å vere i orden igjen, men Fjord1 har likevel reserveplanen klar for påsketrafikken på ferjesambandet Lavik-Oppedal.

Ferja Lifjord sperrar kaien på Lavik

SPERRA KAIEN: Ferja MF Lifjord har hatt tekniske problem fleire gonger denne veka. Biletet er frå måndag då ferja sist hadde problem.

Foto: Jardar Raa Haugland

Så langt i å har ferjesambandet hatt like mange problem som i heile fjor. Med problema måndag var Fjord1 oppe i fem driftsavvik så langt i år på sambandet Lavik-Oppedal. Det er nesten like mange driftsavvik som i heile 2012, då det var seks driftsavvik i løpet av 12 månader.

Ferja «MF Lifjord» måtte måndag takast ut av trafikk grunna problem, og torsdag måtte ho på ny leggje til kai.

Same feil

Problemet skal no vere løyst, ifølgje kommersiell direktør i Fjord1, Tor Vidar Kittang.

– Ja, alt skal vere i orden no. Vi har gjort det vi kan, og ferja begynte å gå att om lag klokka 11 i dag. Dessverre så er det mykje den same feilen. Det er injektor på motoren som vi har plagast litt med både i dag og tidlegare denne veka, seier han.

Fjord1 er likevel førebudd dersom liknande problem skulle oppstå i påska, når pågangen på ferjesambandet er ekstra stor.

– Akkurat denne feilen er ein feil som vi har klart å reparere sjølv, og vi håpar vi er ferdig med den. Sånn generelt, om vi skulle få problem med materiell må vi sjølvsagt bruke reservar, seier Kittang.

Har klar reserveferje

Han fortel at ferja Gulen vil bli sett inn som reserveferje dersom det skulle vere behov for det.

– Den går akkurat no som avløysingsferje for andre ferjer som er på verftsopphald, men dette er planlagte verftsopphald. I påska stoppar vi dei planlagte verftsopphalda og har Gulen som reserveferje i Sogn og Fjordane, seier Kittang.

Han forventar stor trafikkpågang allereie frå morgondagen, samt ein ny topp frå onsdag og utover i påska.

– Vi reknar med at i byrjinga og slutten av påska er det som vanleg stort trykk. No skal vi også bruke Gulen som suppleringsferje enkelte dagar i påska, så det beste er jo sjølvsagt at alle ferjene går. Så det blir ikkje heilt utan konsekvensar om den må steppe inn for andre ferjer, seier Fjord1-direktøren.