Hopp til innhold

- Viktig for både byen og fylket

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen ønskjer Fjord1 velkommen til å utvide sitt kontor i Florø. – Viktig signal at dei vil satse her.

Bengt Solheim-Olsen

SINGAL: Bengt Solheim-Olsen gler seg over at Fjord1 kan få fleire arbeidsplassar i Florø.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fjord1 må effektivisere drifta og eit av forslaga er å leggje ned kontoret selskapet har i Molde, og i staden flytte funksjonane til kontoret i Florø.

Om det blir tilfelle er det bra for både kystbyen og Sogn og Fjordane, meiner Flora-ordføraren.

– Ein kvar arbeidsplass som blir tilført ekstra til Flora kommune og Sogn og Fjordane er viktig. Både for regionen, fylket og for byen, seier Bengt Solheim-Olsen til NRK.no.

– Men først og fremst så sender dei signal om kor dei ønskjer å satse frå, og det er eit veldig viktig signal.

Kan få fleire Fjord1-arbeidsplassar

Fjord1 jobbar med ei rekkje effektiviseringstiltak, og selskapet er budd på endringar både på sjøsida og på den administrative sida.

Administrerande direktør Leif Øverland sa i går til NRK.no at eit av forslaga er å flytte funksjonar frå kontoret i Molde til kontoret i Florø.

Kor mange arbeidsplassar som eventuelt blir flytta til Florø vil han ikkje uttale seg om. Uansett kor mange det blir er Flora-ordføraren positiv til planane.

Framtida

– Dette er ein intern prosess som Fjord1 må avgjere sjølv, og for alle verksemder er det viktig å drive så effektivt som mogleg.

– Når det er sagt, så ønskjer vi sjølvsagt Fjord1 si verksemd velkommen til Florø, seier Solheim-Olsen.

Han seier det utan tvil vil bety mykje for byen om konsernet bestemmer seg for å flytte heile administrasjonen til nettopp Florø.

– Dette sender sterke signal om at det er i Florø dei ønskjer å vere, og at det er der dei i framtida vil drive verksemda si frå.