Hopp til innhold

Har til no i år hatt nesten like mykje ferjetrøbbel som i heile fjor

På under tre månader har Fjord1 hatt nesten like mange driftavvik på ferjesambandet Lavik-Oppedal som i heile fjor. – Ikkje særleg bra, sukkar transportsjef.

Det har vært full stopp på ferjesambandet Lavik - Oppedal fem ganger i år. 
Det er nesten like mange ganger som i hele fjor. 
Og mens køene står, tapar transportnæringen penger.

FULL STOGG: Då ferja MF Lifjord fekk motorhavari måndag ettermiddag førte det til lange køar på ferjesambandet Lavik-Oppedal.

Tal frå Vegtrafikksentralen viser at det i 2011 var totalt sju driftsavvik på ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39 over Sognefjorden. Året etter, i 2012 var det talet seks, men berre på to og ein halv månad i 2013 har det vore fem driftsavvik.

Seinast i går, då bilistane måtte bu seg på timevis med venting etter at ei ferje fekk motorproblem og vart liggande å sperre for kaia på Lavik.

Gitle Sande som er dagleg leiar i transportfirmaet Nistad Transport på Sande er oppgitt.

– Om dei tala er korrekte i forhold til at det tidlegare har vore seks, sju hendingar på eit heilt år, så er dette ei dårleg utvikling.

– Det er ikkje særleg bra, seier han til NRK.no.

Ferja sperra for kaia i fleire timar

Mykje gjekk gale for Fjord1 måndag kveld. Då dei seint på ettermiddagen fekk motorhavari på bilferja MF Lifjord fekk bilistane beskjed om forseinkingar på Lavik-Oppedal. Med ei ferje ute av drift måtte det tungt trafikkerte sambandet greie seg med ei ferie.

Men så vart det verre. Ferja Lifjord vart liggande å sperre for kaia på Lavik, og sambandet måtte i staden gå mellom Oppedal og Rysjedalsvika, ei ferjekai som ligg over 20 kilometer unna Lavik.

Ferja sperra for kaien i fleire timar, og det vart mange timar venting på dei mange som skulle over Sognefjorden i går kveld.

Kan fort bli dyrt for transportørane

Gitle Sande i Nistad Transport hadde sjølv seks sjåførar som vart råka av problema. Han seier slike episodar får både økonomiske og praktiske konsekvensar for dei som driv transport.

– Ein konsekvens er at sjåførane brukar mykje lenger tid, og i går hadde vi direkte lønskostnader på 5000 kroner ekstra.

– Men det verste er at sjåførane blir forseinka til neste oppdrag.

For lastebilsjåførane må rette seg etter strenge køyre- og kviletidsreglar, og blir dei forseinka i nokre timar kan det fort få følgjer for både den dagens arbeidsøkt og dagane etterpå.

– Om dei kjem seint fram og får starta døgnkvilen seint, så får det konsekvensar for neste dag. Det forskyvar seg heile tida, og i verste fall kan det føre til at dei ikkje rekk å laste neste dag. Då kan det fort bli snakk om mykje pengar, seier Sande til NRK.no.

Medan det i snitt var 35 prosent færre som måtte stå att på kaien på alle Fjord1 sine ferjesamband i Norge i 2012, var det på Lavik-Oppedal heile 40 prosent fleire som måtte stå att.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ferja Lifjord sperrar kaien på Lavik
Foto: Jardar Raa Haugland

– Vi synest det er lite

Tala frå Vegtrafikksentralen viser altså at Fjord1 har hatt nesten like mange driftsavvik på Lavik-Oppedal så langt i år som dei hadde i heile fjoråret. Produksjonssjef i Fjord1, Oscar Bergheim, meiner uansett at fem driftsavvik ikkje er det store talet.

– Vi meiner at vi ikkje har hatt så mange driftsstogg til no i år. Før gårsdagen hadde vi ein fire-fem kansellerte avgangar, og det synest vi er lite.

Samtidig er han klar på at det er uheldig kvar gong bilistar blir tvinga til å vente på ferjer som ikkje går som dei skal.

– Det er heilt klart uheldig for våre kundar at ferja ikkje går, og at det får konsekvensar, det forstår vi.

– Men vi gjer så godt vi kan for at dette ikkje skal skje, seier Bergheim til NRK.no.

– Stabiliteten har vore bra

Han seier ferjene følgjer strenge vedlikehaldsprogram, og at selskapet gjer det dei kan for å halde ruta.

– Vi meiner stabiliteten i sambandet har vore veldig bra, og vi ventar at det skal vere det framover også.