Hopp til innhold

Fekk på nytt problem med ferje

Berre dagar etter at ferja sist hadde tekniske problem måtte Fjord1 på ny ta «MF Lifjord» ut av trafikk.

Ferja Lifjord sperrar kaien på Lavik

NYE PROBLEM: Torsdag har Fjord1 på ny fått problem med bilferja MF Lifjord. Biletet er frå måndag kveld, då ferja sist hadde problem.

Foto: Jardar Raa Haugland

Ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39 over Sognefjorden gjekk med redusert kapasitet ein periode torsdag føremiddag.

Fjord1 opplyste like over klokka 09 at dei hadde fått problem, halvannan time seinare var ferja tilbake i drift og sambandet gjekk som normalt.

Seinast på måndag var ferja «Lifjord» ute av drift, også då på grunn av tekniske problem. Ferja vart liggande å sperre for kaia på Lavik, og dermed måtte heile kaia stengjast.

Trafikken på sambandet gjekk nokre timar mellom Oppedal og Rysjedalsvika, og det vart mange timar å vente for bilistane som skulle over Sognefjorden.

Med problema måndag var Fjord1 oppe i fem driftavvik så langt i år på sambandet Lavik-Oppedal. Det er nesten like mange driftavvik som i heile 2012, då det var seks driftavvik i løpet av 12 månader.

Når ferja Lifjord på ny må leggje til kai torsdag har selskapet hatt like mykje trøbbel på dette sambandet på tre månader som dei hadde i heile fjor.

Fjord1 sa måndag at dei meiner stabiliteten på sambandet er bra.