Hopp til innhold

Grunnstøytt ferje send til verkstad

Ingen vart skadde då bilferja «Nordfjord» grunnstøytte ved Rysjedalsvika i Hyllestad seint fredag kveld.

Nordfjord på grunn

SIT FAST: Ferja står fast ved innseglinga til ferjekaien i Rysjedalsvika.

Foto: Ragnhild Gudmundsos

Ferja gjekk på grunn i tett snødrev i innseglinga til ferjekaien i Rysjedalsvika rundt klokka halv tolv fredag kveld. Det var ein passasjer og eit mannskap på fire ombord. Verken personane eller ferja vart skadde. Passasjeren fekk overnatte ombord.

Tok ikkje inn vatn

Oskar Bergheim, driftsvakt i Fjord1, opplyser til NRK Sogn og Fjordane, laurdag morgon at det ikkje har lukkast dei å få ferja av grunn. Ferja tek ikkje inn vatn og det skal heller ikkje vere lekkasje frå den.

Ferja står på grunn på ein holme rett utanfor ferjekaien. Bergheim kan førebels ikkje seie noko om årsaka til at ferja grunnstøytte.

Det er sett inn ei mindre ferje som no trafikkerer sambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella.

Til verkstad

Klokka 15 laurdag kom ferja på sjøen igjen, og fekk slept av passasjer før turen gjekk vidare til Solund verft, opplyser kommunikasjonsdirektør i Fjord1, Ingrid Færøyvik til NRK.

- Ferja er på veg til Solund verft no. Den kan gå for eiga maskin, men vert slept med slepebåt for sikkerheits skuld. Dei tok den inn til kai i Rysjedalsvika så passasjer med bil kunne komme i land. Så tok dei ein liten sjekk før dei reiste til Solund for å få ferja på verkstad, seier Færøyvik.