Hopp til innhold

Har påvist samanheng mellom angst og smertestillande

Svara frå 350 000 ungdommar viser at det er samanheng mellom bruk av reseptfrie smertestillande medisinar og angst og depresjon.

Paracet

KUNNSKAP: Studien som er gjort av forskarar ved Oslo Met er den største studien i verda som konkret peikar på at det er samanheng mellom bruken av reseptfrie smertestillande og symptom på psykisk helse.

Foto: Hans Ola Hevrøy / NRK

– Vi veit at verkestoffet påverkar korleis hjernen handterer kjensler. Viss det er slik at stoffa i slike medisinar påverkar psyken, så kan det vere på ein direkte negativ måte.

Det seier Rune Jonassen, forskar og førsteamanuensis ved Oslo Met.

Han og kollegaene har studert svara frå 350 000 norske ungdommar om symptom på psykiske plager og bruken av reseptfrie smertestillande medisinar. Slike medisinar skal i utgangspunktet lindre smerter som hovudverk, tannsmerter, menssmerter og feber.

I 2020 kjøpte nordmenn reseptfrie legemiddel for 3,5 milliardar kroner, tilsvarande 9,5 millionar pakkar. Forskarane bak studien meiner det sett i lys av forbruket finst alt for lite forsking på verknadar.

Reseptfrie legemidler

FORBRUK: I 2020 kjøpte nordmenn reseptfrie smertestillande for 9.5 millionar kroner.

Foto: Kirsten McDonagh / NRK

Vaksne førebilete

Det store spørsmålet forskarane bak studien no stiller seg er om ungdom tek slik medisin for å lindre angsten, eller om det er medisinen som fører til dårleg psykisk helse?

Helsesjukepleiarar rundt om i landet ser teikn på at ungdommar prøver å løyse andre typar problem på ein enkel måte.

– Det er ein metode som kan hjelpe nokre gonger, fordi ein trur det hjelper. Vi snakkar mykje med ungdomen om at piller ikkje løyser dei daglege utfordringane i livet, seier Agnes Giertsen.

Ho er leiar for Helsestasjon for ungdom i Bergen kommune og høgskulelektor i helsesjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet. Også på legekontora er dei klare over utfordringa. Kommunelege i Sunnfjord Øystein Furnes er ikkje overraska over funna frå studien:

– Vi spør alltid om slik bruk, og underrapportering er vanleg. Vi må alltid spørje konkret om kva «litt» betyr. Folk må også vere klare over biverknadane, og at dette ikkje er sukkertøy, men medisin.

Paracet

IKKJE SUKKERTØY: Kommunelege i Sunnfjord, Øystein Furnes, trur mange underrapporterer eigen bruk av reseptfrie legemiddel.

Foto: Hans Ola Hevrøy / NRK

På pakningane blir det åtvara mot høge dosar, og at langvarig bruk kan gje leverskade. Tilrådd mengde er éin til to tablettar, maksimalt fire gonger i døgnet. Likevel syner tal frå Ungdata at unge, spesielt jenter, har eit stort forbruk, også over tid.

Å fortelje unge at det er umogleg å gå gjennom livet utan å kjenne på smerte, er ein del av kvardagen til helsesjukepleiarane. Giertsen meiner ei anna gruppe må kome sterkare på bana for å tydeleggjere dette for dei unge.

– Vaksne er rollemodellar, og foreldre aller mest, seier ho.

Kan ha negativ påverknad

Nyleg kom det også fram at unge er mindre lukkelege enn før, og meir uroa for framtida.

Pressebilde Rune Jonassen Oslo Met

MEIR FORSKING: Studien frå Rune Jonassen og kollegaene syner at dei som har alvorlege symptom på dårleg psykisk helse brukar dobbelt så mykje reseptfrie smertestillande som dei med moderate symptom.

Foto: Oslomet

Den nye studien syner også at dei ungdommane som i større grad seier dei er ulukkelege, deprimerte, slit med søvnen eller uroar seg for framtida, også er dei som tek mest smertestillande.

– Vi veit for lite om den psykiske påverknaden. Vi kan ikkje seie at ungdom bruker slik medisin som antidepressiva, men det er ein sjanse for at det er slik, seier Jonassen.