Hopp til innhold

Har måtte tole mykje kritikk - skryt uhemma av velkomsten i Sogndal

Sogndal-trenar Jonas Olsson skryt uhemma av korleis han har blitt teke i mot i saftbygda. Det gjer truleg godt etter eit tøft sisteår i IFK Göteborg.

Jonas Olsson

TØFF KRITIKK: Er noko Jonas Olsson har måtte tole i Sverige. No spørst det korleis han blir motteke når Tippeligaen startar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

For svensken måtte då tåle mykje kritikk frå tilhengarane. Etter at klubben gjekk på fire strake tap i byrjinga av sesongen vart det oppretta fleire grupper på Facebook som kravde at han gjekk av.

Men Olsson let seg ikkje knekke. Han stod rak i ryggen mot dei til dels hatske tilbakemeldingane og leia laget til ein sjuande plass i Allsvenskan. At han no blir nær som ein kjendis og rekne i det vesle bygdesamfunnet i Sogn er heilt greitt.

– Det er moro at det er så stort engasjement for Sogndal her. Folk er så positive til både meg og Sogndal fotball, seier Olsson.

Den svenske trenaren har allereie sett sine spor i Sogndal. Under si aller første trening tok han full styring over korleis spelarane skal ete. No er det mellom anna slutt på å hoppe over frukosten.

Har blitt hardhuda av kritikk

Svensken har bak seg fem år som hovudtrenar i IFK Göteborg, der spesielt siste året sette spor. For 41-åringen vedgår at han har blitt litt ekstra hardhuda etter å ha møtt så mykje motstand som han gjorde då.

Dei svenske supporterane vart nemleg både sure og sinte då laget gjekk på fire tap på rappen på starten av sesongen. Dei gav uttrykk for sin sinne på fleire måtar, mellom anna ved å opprette fleire grupper på Facebook.

Her kravde dei at Olsson gjekk av og fleire heldt ikkje akkurat igjen når dei skulle seie kva dei meinte om trenaren. Nokre gjekk så langt som å be han stille seg framfor ein lastebil langs ein veg.

– Det er klart eg fekk oppleve ein del ting som ein trenar ikkje bør oppleve. Men dessverre er det slik bransjen er, seier Olsson.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Her er Sogndal sin nye trenar

Fekk støtte frå klubben

Også i media var trykket mot trenaren stort etter den dårlege sesongstarten, fortel Olsson.

– Det var eit hardt trykk frå media både mot meg som person og mot klubben. Men dei støtta meg, og eg støtta laget. Så det var ein periode eg lærte mykje av, seier han.

– Tungt å sjå korleis borna hadde det

Og det har gjort noko med han at Facebook-gruppene som kravde hans avgang fekk fleire tusen medlemmar.

Når folk i tillegg kom med svært kritiske tilbakemeldingar på desse gruppene vart det ikkje berre-berre å stå rakryggja og ha tru på si eiga linje.

For også borna hans opplevde tida som vanskeleg når dei fekk sjå at faren ikkje var spesielt populær.

– Det som gjer meg mest til er at borna mine vart utsette for ting dei ikkje har noko med å gjere. Men dei er kloke og forstod situasjonen, seier Olsson og legg til:

– Dei vart lei seg nokre gonger, men det gjekk bra.

– Eg stakk meg ikkje vekk

Svensken trur mykje av grunnen til at både han og familien kom seg ut av det med hovudet høgt var at han valde å svare på kritikken. I staden for å stikke hovudet i sanden.

– Eg svara for meg og gjekk ikkje å gøymde meg. Eg stilte opp på alle intervju. I tillegg klarte vi til slutt å snu den negative trenden. Etter tapa byrja vi å vinne kampar, og vann mange på rad, fortel Olsson som skryt av at han heile tida fekk støtte frå klubben.

Sjølv om sisteåret vart tøft skildrar han tida i klubben som fantastisk. Når han no går inn i ein ny epoke med Sogndal er han glad for at bygda har teke han så godt i mot.

– Eg har blitt fantastisk bra motteke. Det er ei lita bygd, men med ei veldig fotballinteresse.