Hopp til innhold

Sogndal snusar på svenskar

Sportssjef i Sogndal, Trond Fylling har ved fleire høve vore i Sverige for å sjå på spelarar. Vlado Zlojutro skal vere ein dei.

Trond Fylling

SVENSKEJAKT: Trond Fylling har brukt mykje tid i Sverige siste tida. Ved tre høve har han sett IFK Värnamo sin kantspelar Vlado Zlojutro.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Zlojutro har gjort det bra i svensk førstedivisjon, og gjorde på kort tid seks mål på berre 14 kampar for IFK Värnamo. No kan han vere på veg til Sogndal, skriv fotbolltransfers.com.

Fylling stadfestar at han har sett Zlojutro i aksjon.

– Eg har vore å sett på han tre gonger, seier Fylling til NRK.no.

Ser på fleire

Sportssjefen poengterer samtidig at Zlojutro berre er ein av fleire svenske spelarar han har sett på frå tribunen.

Fylling vil ikkje gå ut med namn, og seier Zlojutro per dags dato ikkje er meir aktuell enn andre.

– Eg har blitt både imponert og skuffa over han. Men ingenting er sikkert endå, langt derifrå, seier Fylling.

– Ingenting avgjort

Også FC Nordsjälland, Silkeborg, Fredrikstad, Tromsø og GAIS skal ifølgje fotbolltransfer ha følgt 23-åringen.

Zlojutro, som er venstrekantspelar, har kontrakt ut 2012-sesongen og Värnamo har opsjon på ytterlegare eitt år. Han har tidlegare spelt for Hammarby og den spanske Serie B-klubben Ontinyent.

– Det finst interesse kring han, men ingenting er avgjort. Han vurderer framleis framtida hans, seier agenten til 23-åringen, Hasan Cetinkaya, til nettstaden.

Diskutert med nyesjefen

Sogndal får svensk trenar neste sesong. Fylling seier det har vore naturleg for lagleiinga å diskutere svenske spelarar med Jonas Olsson, også gjennom dei kontaktane han har i Sverige.

– Blir det mange svenskar på Sogndal neste sesong?

– Nei, det trur eg ikkje, seier Fylling.

Treng oversikt

Han seier det er svært mange usikre faktorar som spelar inn før Sogndal bestemmer om dei skal hente fleire nye spelarar, også frå Sverige.

– Det har vore viktig for oss å kartlegge og ha ei oversikt over moglege nye spelarar, men det aller viktigaste er at vi først finn ut kva divisjon vi skal spele i, seier Fylling og legg til.

– Eg har vore med så lenge at eg veit vi må prestere også dei siste to kampane, så får vi sjå.

Store utskiftingar

Sogndal vil til neste sesong misse fleire spelarar. Det er allereie klart at Barry Kader og Joe Bendik ikkje får fornya kontrakt med eliteserieklubben.

I tillegg er Mats Solheim (Kalmar) og Isak Scheel (Lillestrøm) klare for nye klubbar. Mest truleg vil også Even Hovland reise frå saftbygda.

Det er førebels uvisst med Cato Hansen, Thomas Ness og Vegard Gjermundstad.