Hopp til innhold

Har ikkje nok hender til å ta vare på eigne eldre – kan bli sendt til nabofylket

Pressa helseteneste gjer at Gloppen i Vestland vurderer å sende pleietrengande til Møre og Romsdal. – Det blir billigare, seier kommunalsjefen.

LANG DAGS FERD: Mellom Sandane og Hornindal må ein ta ferje og rekne med ei reisetid på halvannan time. Det vil seie tre timar fram og tilbake.

– Uakseptabelt, men diverre ikkje eineståande, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen.

I vinter fekk pleietrengande i Gloppen flytte inn i eit splitter nytt omsorgssenter. Men i dag er helsetenesta i kommunen så pressa at kommunalsjefen sjekkar om det er mogleg å kjøpe plassar andre stadar.

Det mest aktuelle er Hornindal i Volda kommune, som ligg i nabofylket Møre og Romsdal.

For å kome dit må ein ta ferje og rekne med ei reisetid på halvannan time.

Det vil seie tre timar fram og tilbake.

Saka vart først omtalt i Firda Tidend.

Til no i år har kommunen fått rekningar på over 300.000 kroner for pasientar dei ikkje klarer å ta imot – fordi dei manglar personell.

Det er fleire av desse pasientane det kan bli aktuelt å kjøpe plassar til i nabofylket.

– Vi snakkar om pasientar som er utskrivingsklare frå sjukehuset. Det blir billigare å leige plass hos ein anna kommune, seier kommunalsjef for helse og velferd, Gunhild Gimmestad til NRK.

Tomt rom ved omsorgsbustaden i Gloppen.

MANGLAR HENDER: Ved omsorgssenteret i Gloppen står fleire rom tomme. Kommunen manglar pengar og personell for å fylle dei opp.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Uakseptabelt

Eldreombod Bente Lund Jacobsen har det siste året høyrd om fleire liknande historier. Det skjer til dømes når ein sjukeheim eller omsorgsbustad blir lagt ned, og næraste tilbod ligg fleire mil unna.

– Det er uakseptabelt. Kommunen må ta vare på eigne innbyggarar. Det er ikkje god ivaretaking å flytte innbyggarane ut av kommunen og fylket.

Ho har forståing for at det kan vere krevjande å få endane til å møtest for ei kommune med trong økonomi, men meiner å flytte eldre til andre kommunar eller fylke er ei dårleg løysing.

– Det er ikkje alle pårørande som har privatbil som lett kan kome til. For mange skapar dette ein særs vanskeleg situasjon.

Dette er Sandane i Nordfjord. I vinter fekk dei eit splitter nytt omsorgssenter. Men kommunen manglar hender til å fylle det opp. No ser dei på omsorgsplassar i nabofylket.
Til Hornindal på Sunnmøre tek det 90 minutt å køyre. Turen inkluderer også ein ferjereise.
Eldreombod Bente Lund Jacobsen har det siste året høyrd fleire historier der kommunar kjøper plassar i andre kommuner. – Det er uakseptabelt, seier ho.
Visualisering: Anders Nøkling

– No den verkelege eldrebølga vil slå inn

Hans Johan Breidablik er spesialist i samfunnsmedisin og allmennmedisin i Helse Førde.

Han trur mange kjem til å oppleve minst like store utfordringar som Gloppen, og peikar mellom anna på demensbølgja som kjem for fullt dei neste åra.

Demenskartet viser at talet på demente i Noreg blir meir enn dobla dei neste 30 åra – frå 101.000 i dag til 238.000 i 2050.

– I dag er situasjonen ganske idyllisk samanlikna med kva han kjem til å bli framover. Det er først no den verkelege eldrebølga vil slå inn over Noreg.

NRK har dei siste vekene vist kor utfordrande det er å få tak i nok helsepersonell. Dette kjem til å forsterke seg, meiner Breidablik.

– Det største problemet blir mangel på kvalifisert personell. Det kjem til å bli ekstremt krevjande.

Omsorgsbustaden i Gloppen kommune. Gamal og ny del.

NYTT BYGG: Det nye omsorgssenteret sto ferdig i slutten av februar. Likevel vurderer Gloppen kommune å kjøpe omsorgsplassar i nabofylket Møre og Romsdal.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Leiar i helse- og omsorgsutvalet i Gloppen, Monica Grov (Ap), seier dei manglar pengar til å ta imot fleire bebuarar i det nye omsorgssenteret.

– Dersom vi skal ta i bruk dei nye omsorgsplassane, må vi også ha personale til å handtere det. Og det har vi ikkje i dag.

Kommunen må bestemme om dei ønsker å kjøpe plassar i løpet av sommaren.

– Eg skulle ønske det var annleis. Det er uheldig og ikkje ei løysing vi ønsker. Vi må ta den endelege avgjerda når vi får avtalen på bordet, seier ho.