Hopp til innhold

Håpar helseministeren vil stogge psykiatrikutt

– Eg oppfattar Helseministeren slik at han står fast på at psykiatrien og barne- og ungdomspsykiatrien skal prioriterast, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Montasje: Bent Høie og Alfred Bjørlo
Foto: Cornelius Poppe, NTB Scanpix/Geir Bjarte Hjetland, NRK

Eid-ordføraren stilte seg tidlegare i haust i spissen for eit ordføraropprop mot dei varsla psykiatrikutta i Helse Førde. Eit opprop som også fylkesutvalet stilte seg bak.

Oppropet Førde til at Stortingsrepresentant Ketil Kjenseth frå Venstre stilte spørsmål til Helse- og omsorgsminister Bent Høie om kutta i Helse Førde innan psykiatri generelt, og barne- og ungdomspsykiatri spesielt i Sogn og Fjordane i 2015 er i tråd med statlege og føringar og vedtak frå Helse og omsorgsdepartementet.

I sitt svar slår Høie fast at regjeringa har gitt tydlege signal om at psykisk helsevern og tverrfagleg rusbehandling skal prioriterast. Han seier og at han er nøgd med at Helse Førde i 2. tertial i 2014 har ei ventetid på 35 dagar i psykisk helsevern for barn og unge, noko som er lågt i landssamanheng.

– Frå kommunane si side har også vi vore tydlege på at vi ikkje har gått til opprør mot det omstillingsarbeidet som har vore gjort, men det vi har reagert på er at ein går til ytterlegare kutt i 2015, seier Bjørlo.

Når det gjeld dei planlagde kutta i Helse Førde syner Høie til at Helse Vest først skal handsame budsjettet for 2015 i januar, etter han har gjennomført føretaksmøtet. Han skriv og at Helse Vest har forsikra han om at dei vil følge opp styringssignala på området.

– Eg tolkar statsråden slik at han meiner dei planlagde kutta i Helse Førde er ei så viktig sak at han vil ta det opp med det overordna helseføretaket, altså Helse Vest.

–Så skal eg vere varsam med å tolke kva det inneber, men når han er så tydleg på at barne- og ungdomspsykiatri skal prioriterast, så håpar eg at det får nokre konsekvensar i dei prosessane som då tydelegvis skal vere på nyåret.