Hopp til innhold

På nokre få timar fekk han 21 av 26 ordførarar med på psykiatri-opprop

I løpet av fredagen har 21 av 26 ordførarar i Sogn og Fjordane stilt seg bak oppropet om å stogge Helse Førde sine planlagde nedskjeringar i psykiatritilbodet til born og unge.

Alfred Bjørlo

STØTTE: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, har fått massiv støtte frå dei andre ordførarane i Sogn og Fjordane, i oppropet som krev at helse Førde stoggar nedskjeringa i barne- og ungdomspsykiatrien.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det har vore ein overveldande respons, med berre positive og støttande haldning frå ordførarar i heile fylket. Det er tydelegvis ei sak som engasjerer mange, seier initiativtakar bak oppropet og ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Dei fem ordførarane som manglar på full oppslutnad fekk han ikkje tak i fredag, han reknar med at også dei er med på oppropet når han får kontakt med dei.

Det er føreslått millionkutt og færre tilsette innan barne- og ungdomspsykiatrien for at Helse Førde skal få budsjettet i hop neste år. Tilsette og fagpersonar er særs uroa over endringane som er føreslått.

Kasta seg på med ein gong

Ein av dei som var kjapt ute med å støtte oppropet, var Selje-ordførar Ottar Nygård frå Tverrpolitisk liste.

– Eg sende ei tekstmelding til Alfred Bjørlo med ein gong, og sa at dette vil eg vere med på, fortel Nygård.

Han meiner psykiatritenestene til born og unge må styrkast heller enn svekkast, og at det er viktig å kome tidleg inn for å sikre at dei som treng det får den hjelpa dei bør ha.

Ottar Nygård

VIKTIG: Ordførar i Selje, Ottar Nygård, meiner psykiatritilbodet til born og unge bør styrkast heller enn svekkast.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Dette handlar om folkehelse og korleis folk har det. Ein kan ikkje skubbe ansvaret vidar ut i kommunane. Helseføretaka og staten må ta eit overordna ansvar for dette, understrekar ordføraren.

Eid-ordføraren frå Venstre var også tidleg ute med å uttrykke uro kring forslaget. Fredag morgon gjekk eposten om oppropet ut til dei andre ordførarane i kommunen, og få timar etter har støtteerklæringane tikka inn.

– Det er tydeleg at dette engasjerer på tvers av parti, i alle kommunar i fylket, store, små, sentrale og mindre sentrale.

Uroa for tempoet i endringane

På sikt skal kommunane få eit større ansvar for psykiatritenester. Likevel uttrykkjer fleire av ordførarane som har kome med støtteerklæringar, uro for at helseføretaket kuttar i tilbodet før kommunane sjølve er klare til å ta over.

– Vi opplever det som uheldig at i det vi skal gå i gang med det, så blir tenestene bygde ned. Det er mange ordførarar som kjenner på den uroa, fortel Bjørlo.

Direktør for Psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch, seier kuttforslaga ikkje skal gå utover helseføretaket og spesialisthelsetenesta si plikt.

– Vi skal behandle dei alvorlege sjuke pasientane. Dersom vi ikkje gjer det og kommunane må ta over, så sviktar vi oppgåva vår. Det ligg ikkje i korta i det vi har tenkt på i høve til budsjettet for 2015, sa han til NRK tidlegare i dag.

Tek saka vidare

Bjørlo ventar no på tilbakemelding frå dei resterande kommunane i fylket.

– Vi kjem til å ta saka vidare til Helse Førde, og engasjere fylket og vår organisasjon KS i saka. Dette er utan tvil ei sak Kommune-Norge har felles interesse av å få løyst. Vi kan ikkje leve med ytterlegare nedbygging av barne- og ungdomspsykiatrien, der det har vore gjennomført tøffe kutt siste åra.