Hopp til innhold

Politiet meiner mistenkte opererte frå Florø

Mannen som er pågripen for fleire tjuveri, kan ha samarbeidd med utanlandske bandar. Politiet ser ikkje vekk ifrå at fleire kan bli pågripne.

Politførstebetjent Kjell Magne Barsnes og beslag gjort i Florø

BESLAG: Politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes meiner den pågripne i Florø har samarbeidd med andre mobile vinningskriminelle og har hatt kystbyen som base. I tillegg til beslaget i Florø vart ein bil registrert på mannen stogga på veg inn i Polen med store mengde tjuvegods.

Foto: Fotomontasje

Politiet vil varetektsfengsle den pågripne mannen i 30-åra. På bustaden til mannen fann politiet fleire ting som dei meiner stammar frå tjuveri.

I byrjinga av september vart ein varebil registrert på mannen stogga på grensa med store mengder tjuvegods.

– I den samband avgjorde vi å ransake bustaden til bileigaren, og der fann vi mykje som står fram som tjuvegods og smuglargods, seier Politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dop, smuglarvare og tjuvegods

Den mistenkte har til no vore eit heilt ukjend blad for politiet. Ut frå beslaga som er gjort i heimen hans, kan ting tyde på at han har hatt «mange bein å stå på».

Mannen er sjølv av utanlandsk opphav, men har ei tid budd og jobba i Florø. Han har førebels ikkje gjeve frå seg fullstendig forklaring.

– Vi fann diverse verktøy, fleire mobiltelefonar, fleire musikkanlegg, fleire fiskestenger og nøklar. I tillegg har vi gjort beslag av det vi meiner er smuglarsprit og sigarettar, samt anabole steroid, seier Barsnes.

Vart stogga i Polen

Ballen byrja å rulle då ein norskregistrert bil, registrert på den pågripne mannen, vart stogga på veg inn i Polen med elektrisk verktøy, ein motorsykkel, grasklippar, fem påhengsmotorar og mykje elektrisk verktøy.

Barsnes seier dei har eit godt samarbeid med polsk politi. Mannen var ikkje sjølv med i bilen.

– Det elektriske verktøyet har vi spora attende ti Kystmuseet i Florø. Resten har vi ikkje fått spora, men vi har stort håp om å kunne knyte påhengsmotorane og motorsykkelen til konkrete tjuveri i området, seier Barsnes.

Har samarbeidd

– Stemmer beslaga med tjuveri som har vore gjort i Sogn og Fjordane den siste tida?

– Det trur vi, og det er det vi held på å nøste opp i no. Vi må inn i kvar enkelt sak for å finne ut kvar tinga stammar frå, men vi kjenner oss trygge på at dette er tjuvegods.

Politiet har lenge mistenkt at utanlandske bandar har samarbeidspartnarar som bur og fungerer i det daglege liv i Norge.

Hatt Florø som base

Bilete frå beslag i Florø

BUSTAD: Dette beslaget vart gjort i mannen sin bustad.

Foto: Politiet

Barsnes meiner den mistenkte mannen i Florø passar til ei slik skildring, og mistenkjer at mannen har samarbeid med utanlandske bandar.

– Den mistenkte har sitt arbeid på verftet i Florø, der han er innleigd arbeidskraft frå utlandet. Som det står fram som oss har han hatt Florø som base, og saman med andre reist rundt og gjort tjuveri i samband med at han skal attende til heimlandet, seier han.

Store tjuveri

I tillegg til fleire tjuveri, har det siste åra vore fleire større innbrot i forretningar. I mai forsvann store verdiar frå gullsmedforretningen Bjørklund i Førde . I byrjinga av denne veka forsvann store verdiar frå både Alf Helgheim & Co på Skei og dataforretninga XS Data i Sogndal .

– Kan mannen knytast til desse innbrota?

– Førebels har vi ikkje haldepunkt for det, seier Barsnes.

Fleire kan bli pågripne

Mannen vil bli avhøyrd når politiet har fått betre oversikt over situasjonen. Mest truleg vil dei også framstille han for varetektsfengsling.

– Vi mistenkjer at han samarbeider med andre partar, og det kan vere aktuelt å ransake fleire adresser. Då er det viktig at han ikkje får varsla andre som han kan samarbeide med, seier Barsnes.

Politiførstebetjenten oppmodar folk om å vere på vakt mot det som kan vere omstreifande vinningskriminelle.

– Ta gjerne bilete

– Vi oppmodar publikum om spesielt å vere på vakt for store kassebilar og varebilar i område der det vanlegvis ikkje ferdast mykje folk. Om det er bilar ein ikkje kjenner att ved bygningar og naust, så er det fint om folk noterer seg type køyretøy, kjennemerke, farge og om ein ser personar knytt til køyretya, seier han.

– Har ein mogelegheit til ta bilete med mobiltelefonen, så er det veldig nyttig for politiet, avsluttar Barsnes.