Hopp til innhold

Varer for 100.000 - 200.000 kroner kan vere stolne

Dei tilsette vart møtt av eit utriveleg syn, då dei kom på jobb måndag morgon.

Idar Nes etter innbrotet

HAR TAPT MYKJE: Dagleg leiar Idar Nes konstaterer at tjuvane har fått med seg store verdiar.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg kan ikkje seie eksakt kor mykje som er stole, så det blir berre tipping. Men det kan sjå ut for at det er snakk om verdiar for mellom 100.000 og 200.000 kroner, seier dagleg leiar Idar Nes ved XS Data på Sogningen Storsenter i Sogndal.

Tjuvane har brote opp ei butikkdør og teke med seg mobiltelefonar, datamaskiner, eit modellfly, samt kontantar.

– Dei har teke med seg alt frå utstillinga, men heldigvis ikkje komme seg inn på lageret. Uansett er det snakk om mange mobiltelefonar, iPads og datamaskiner. Eg tippar 20-25 mobilar, med ein snittverdi på 3000-4000 kroner - så det blir fort pengar av det, seier Nes.

Politiet er på åstaden og gjennomfører åstadsundersøkingar.

– Det er stole ein god del ting, utan at vi no har kontroll på omfanget. Men vi har sikra oss tekniske spor på staden, opplyser politibetjent Øyvind Solheim til NRK.no.

Det var tilsette ved butikken som oppdaga og meldte frå om innbrotet.

Politiet har no knytt ein mørk blå Audi80 som vart stole frå Førde førre veke til hendinga. Dei ønskjer at dei som kan ha informasjon i saka tek kontakt med politiet.

Stengt etter innbrot ved XS Data

MÅTTE STENGJE: Dette møtte kundane ved butikken måndag føremiddag.

Foto: Arve Uglum / NRK