Hopp til innhold

Frekke tjuvar stal fotoutstyr for 500.000 kroner

For tredje gong sidan 2007 har Reidar Helgheim fått butikken sin rundstolen av frekke tjuvar. I natt tok dei med seg fotoutstyr og dyre klokker til ein verdi av 500.000 kroner.

Reidar Helgheim

TRIST: Reidar Helgheim er trist og oppgitt over nok eit innbrot. Men han nektar å la seg knekkje.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Vi har ikkje heilt fått talt opp, men eg har sagt til politiet at det er snakk om verdiar på mellom 300.000 og 500.000 kroner, seier ein oppgitt Helgheim.

Han driv butikken Alf Helgheim & Co. på Skei i Jølster. Butikken førte tidlegare både fotoutstyr, gullvarer og klokker. Etter innbrotet desember i fjor, eit innbrot som framleis ikkje er oppklart, kutta butikken ut gullvarer.

Har stole kamera og dyre ur

Men heller ikkje det var nok til å halde tjuvane unna.

– Det som er stole, er det som har stått i utstillingsmontrane våre. Dei har tømt skåpa med Canon-kamera, samt tre av golvskåpa med dyre ur, seier Helgheim.

Han har god kontroll på når innbrotet skjedde. Helgheim var nemleg sjølv på jobb i butikken fram til halv eitt i natt. Han kom seg heim og i seng, men det var berre så vidt.

– Eg vart oppringt då alarmen gjekk klokka 02.27. Då eg kom heim ti minuttar etter, var to av naboane til butikken kommen hit. Ein av dei er ein som vert oppringt når slikt skjer, den andre naboen hadde høyrt alarmen gå, seier Helgheim.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

STAL STORE VERDIAR: Tjuvane fekk med seg fotoutstyr og ur til ein verdi av ein halv million. Foto/redigering: Steinar Lote/Tone Merete Lillesvangstu

Såg ikkje snurten av nokon

Men trass i at alle tre var på staden kjapt etter at alarmen gjekk, såg dei ingen gjerningspersonar.

– Vi såg korkje bilar eller folk. Ingenting, seier Helgheim.

Tjuvane har heilt tydeleg visst kva dei har vore ute etter, og dei har heller ikkje vore uvane med den typen aktivitet det er å ta seg inn i andre sine hus, utan å knuse ruter.

– Dei har klart å ta ut låssylinderane i inngangsdøra på butikken, seier Helgheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alf Helgheim & Co

FÅ SKADAR: Tjuvane har teke seg inn i butikken ved å fjerne låssylinderane i inngangsdøra.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Har berre brukt minuttar

Han trur alarmen har gått av umiddelbart etter at tjuvane kom seg inn i butikken.

– Dei har ikkje hatt lang tid her. Toppen eit par minuttar. Dei har konsentrert seg om det mest verdfulle i utstillinga av foto og ur. Dei visste kva dei var på jakt etter, seier Helgheim.

Tjuvane har brote opp utstillingsskåpa av glas for å få med seg varene, men også det er gjort utan det store skadeverket.

Det er ikkje første gongen Helgheim opplever innbrot. Butikken flytte til dei noverande lokala i 1996, og sidan 2007 har dei hatt tre innbrot. Det siste så seint som 17. desember i fjor.

– Det er utruleg trist at vi skal oppleve dette igjen. Det er store verdiar som er vekk. Men dette skal ikkje få ta knekken på oss, seier Helgheim.

Har innhenta tilbod på overvaking

Etter innbrotet i desember, der tjuvar omtrent tømde butikken for gullsmedvarer og klokker, tok Helgheim til å innhente tilbod på å få installert mellom anna kameraovervaking. Men dessverre er ikkje planen sett ut i live.

– Eg har innhenta forskjellige tilbod på førebyggjande tiltak, men det har dessverre ikkje vorte sett ut i live. Men det må vi få gjort noko med. I lag med forsikringsselskapet må vi gå gjennom kva vi må gjere, for her kan ein ikkje drive forretning, slik vi har drive det i dag, seier Helgheim.

Men han innrømmer at det er litt trist å tenkje på at dersom kameraovervaking hadde vore på plass, så kunne tjuvane vore festa på tape no.

– Eg har liggjande eit tilbod som eg fekk utarbeidd i juli/august med kameraovervaking som gjekk på uteområdet spesielt. Det var eit ganske omfattande og sikkert bra anlegg, men som vi ville vurdere i lag med andre tiltak, som gitter og liknande, seier Helgheim.

(Artikkelen held fram under videoen)

Innehavar Reidar Helgheim på Jølster fortvilar etter at tjuvar stakk av med store verdiar natt til måndag.

FØRRE GONG: I desember stal tjuvar alt av gullsmedvarer og klokker då dei braut seg inn i butikken til Reidar Helgheim.

Noko må gjerast

Å investere i ytterlegare tryggleiksutstyr kostar mykje pengar, men Helgheim er klar på at ein ikkje kan vente lenger.

– Det kostar ganske mykje, men det er uhaldbart og gale dette som skjer no. Så det må berre gjerast eitt eller anna, seier Helgheim.

Politiet har ikkje funne gjerningspersonar frå dei to andre innbrota Helgheim har hatt.

– Eg håpar at dette blir det, men eg er ikkje sikker. Men eg håpar inderleg, seier Helgheim.

Tykkjer det er veldig likt innbrotet i desember

Sjølv ser han parallellar til innbrotet i desember i fjor.

– For meg verkar det som om det kan vere dei same folka som var her 17. desember. Alt verkar likt, når det gjeld metodane som er brukte, seier Helgheim.

Etter dette innbrotet bestemte Helgheim seg for å droppe gullsmedvarer, og heller utvide fotoutvalet.

– Vi har pussa opp heile butikken, fått ny innreiing og meir varer, seier Helgheim.

Han poengterer at sjølv om innbrotet kjennest surt, så er butikken langt ifrå tom for varer.

– Vi har rikeleg med varer på lager, så butikken skal bli fylt opp att i løpet av dagen. Det er ikkje slik at det stoppar opp her på Skei. Vi må prøve å komme over dette her, og det skal vi klare, seier Helgheim.

Politiet er interessert i tips

– Politiet er svært interesserte i tips dersom nokon har vore i området frå klokka 01.00 og utover. Har nokon sett eller høyrt noko, så ta kontakt med politiet på telefonnummer 02800, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.

Politiet har ikkje fått melding om andre tjuveri i løpet av natta, korkje i Sogn og Fjordane eller nokon av nabofylka.

– Vi har førebels ikkje nokon andre tjuveri vi kan knytte dette til, seier Holme.