Hopp til innhold

Trur smykketjuvane er omreisande

Bjørklund i Førde er ikkje dei einaste som har blitt utsett for grovt tjuveri. I løpet av dei siste dagane er det meld om likande tjuveri fleire stader i landet.

Tjuvar stikk av med store verdiar

STORE VERDIAR: Tjuvane fekk med seg varer for store verdiar. Her er dei fanga på film av eit av overvakingskamera på kjøpesenteret.

Foto: Overvakingskamera

Etterforsking i Førde viser at innbrotet har skjedd natt til 1. mai, og at tjuvane har teke seg inn i frisørsalongen Nikita der dei har slått hol i veggen inn til gullsmedforretninga Bjørklund som ligg vegg i vegg.

Gjennom holet fekk dei direkte tilgang inn i ein av utstillingsmontrane med gullsmedvarer, og her har dei fritt kunne forsyne seg. Gull til ein verdi av fleire hundre tusen er stole.

Politiet jobbar no ut ifrå ein teori om at det er omreisande tjuvar, og at det minimum er snakk om to personar som har vore involverte.

Truleg mobile tjuvar

Bjørklund er den siste i rekkja av fleire liknande tjuveri dei siste dagane. Både på Sunnmøre, i Bergen og i Trøndelag har gullsmedbutikkar opplevd innbrot.

– Vi kan ikkje sjå vekk frå at det kan ha ein samanheng, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magne Faleide ved Førde og Naustdal lensmannskontor trur dei er profesjonelle folk som står bak innbrotet på ein gullsmed i Førde natt til 1. mai.

SJÅ VIDEO: Magne Faleide i politiet trur profesjonelle står bak innbrotet. (Foto/redigering: Johan Moen).

Lokalt er politiet godt i gang med åstadsundersøking og anna etterforsking, men dei har også varsla andre politidistrikt då innbrotet kan ha samanheng med andre tjuveri.

Ønskjer tips

Ifølgje Vereide har politiet no sikra biletbevis frå overvakingskamera på kjøpesenteret, der ein eller fleire gjerningspersonar har komme med på opptaket.

Publikum som kan ha observert noko mistenkjeleg frå og med natt til 1. mai til i dag, blir oppmoda om å kontakte politiet på 02800.

– Profesjonelle folk

Magne Faleide ved Førde og Naustdal lensmannskontor fortel at det ser ut til tjuvane har teke seg inn gjennom eit glas i andre etasje på kjøpesenteret. Deretter har dei teke seg inn i frisørsalongen. Det er truleg snakk om profesjonelle og mest sannsynleg omreisande, tjuvar.

– Dette ser ut til å vere gjort av folk som har gjort det før, og då er mobile vinningskriminelle det første vi tenkjer på. Desse er rimeleg profesjonelle i si utføring når dei bryt seg inn på slike butikkar. Dei veit kva dei går etter, og dei veit korleis dei skal komme inn til varene utan å utløyse alarmar, seier Faleide.

– Trur du dei er på veg vidare?

– Eg har fått inntrykk at dei vil liggje og vente ein plass til dei tenkjer at kysten er klar til at dei kan reise vidare ut av distriktet.

Er det nokon sjanse for å få tatt tjuvane?

– Det er ikkje alltid like lett, men av og til lukkast vi. Så vi prøvar med godt samarbeid over heile politi-Norge med å nå fram, seier Faleide.

Innbrot hos gullsmed

SLO HOL I VEGGEN: Tjuvane tok seg inn i frisørsalongen vegg i vegg ved gullsmedbutikken. Deretter slo dei hol i veggen inn til smykkehyllene og forsynte seg grovt.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK