Hopp til innhold

Vitne såg to maskerte menn springe frå staden

Eit vitne har sett to personar med maske, springe frå butikken som vart rundstolen på Skei natt til i dag.

Created by InfoDispatcher

INTERESSANT: Lensmann i Jølster, Knut Skurtveit, fortel at politiet ser på fleire spor. Foto/redigering: Steinar Lote/Tone Merete Lillesvangstu

– Vi har eit vitne som har observert to personar som spring frå området der butikken ligg, og austover mot Esso-stasjonen på Skei. Før personane kjem dit, er dei ute av vitnet sin synskrets, så vi veit ikkje vidare hendingsgang, seier lensmann i Jølster, Knut Skurtveit.

I 02.30-tida har tjuvar brote seg inn i foto- og urbutikken Alf Helgheim & Co på Skei i Jølster kommune.

Her har dei fått med seg fotoutstyr og klokker til ein verdi av ein halv million kroner. Trass i at dagleg leiar Reidar Helgheim og fleire naboar til butikken var på staden like etter at alarmen gjekk, såg dei ikkje snurten av folk.

Men ein annan nabo skal ha observert noko frå heimen sin, og det sporet set politiet stor pris på.

Såg personar springe med posar

Vitnet skal ha fortalt at dei to personane hadde kvar sin store pose med noko i.

– Dei har hatt to posar, truleg med tjuvegods i, seier Skurtveit.

Politiet har vore på åstaden i morgontimane og sikra seg tekniske bevis.

– No etterforskar vi breitt og set i verk vitneavhøyr. Vi går også gjennom videoar og overvakingsmateriell som måtte vere her, nøye, seier Skurtveit.

Har hatt peiling på det dei har drive med

Det er tredje gong sidan 2007 av butikken til Reidar Helgheim har hatt ubedne gjester på besøk. Seinast i desember i fjor tok tjuvar seg inn i butikken og stal for store verdiar.

Helgheim la sjølv merke til at framgangsmåten denne gongen var svært lik innbrotet i desember. Politiet ser ikkje vekk frå at sakene kan hengje i hop.

– Vi kan ikkje sjå vekk ifrå det. Det er same framgangsmåte, men vi er opne for alle moglegheiter. Men det slo oss at det var likt det som skjedde i desember, seier Skurtveit.

Han understrekar at dei som har gjort innbrotet, har vore proffe.

– Det er ikkje amatørar, dette her. Desse har nok hatt peiling på det dei har drive med, seier Skurtveit.