Politiet åtvarar forretningsdrivande mot kriminelle

Politiet i Sogn og Fjordane ber no forretningsdrivande i Sogn og Fjordane om å vere ekstra på vakt.

Kollasj innbrot

ÅTVARAR: Politiet ber folk vere på vakt mot det som kan vere mobile vinningskriminelle i fylket.

Foto: Steinar Lote/Arve Uglum / NRK

Politiet ber forretningsdrivande i Sogn og Fjordane vere ekstra obs i tida framover, då det er mogleg at det er mobile vinningskriminelle i distriktet.

– Årsakene til at vi ber folk vere på vakt er at det har vore eit grovt tjuveri i Sogndal denne veka, samt eit grovt tjuveri på Skei i natt, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Wenke Hope.

Felles for begge stadane er at gjerningspersonane ikkje har brukt lang tid inne i butikkane, samt at dei har fått med seg store verdiar.

Har hatt store ressursar ute

Ved innbrotet hjå XS Data i Sogndal fekk tjuvane med seg varer for vel 100.000 kroner. Ved Alf Helgheim & Co. på Skei i Jølster, fekk dei med seg varer for så mykje som ein halv million kroner.

– Vi har hatt store ressursar ute for å prøve å lokalisere gjerningspersonane i natt, utan at vi lukkast med det. Vi veit per no ikkje om desse to sakene heng saman, eller om vi snakkar om forskjellige gjerningsmenn, seier Hope.

Ho understrekar at politiet ønskjer at dei som driv forretningar, spesielt gullsmedar, elektronikkbutikkar og liknande, er spesielt på vakt.

– Og at dei varslar politiet dersom dei ser bilar eller personar rundt butikkane deira, seier Hope.

Ikkje utenkjeleg at dei slår til igjen

Ho seier det ikkje er usannsynleg at tjuvane kjem til å slå til igjen.

– Dei kan liggje og vake i området. Dei kan ha lagt seg til ro for å dukke opp i natt eller neste natt. Det kan vere lokale folk, men det kan også vere mobile vinningskriminelle som er på reise gjennom fylket. Då er det ikkje usannsynleg at dei slår til fleire gonger, før dei dreg vidare, seier Hope.

Ho ber folk sikre butikkane sine ekstra godt.

– Og følg godt med om det er folk som heng rundt på dagtid og observerer. Då kan dei dukke opp att på natta, seier Hope.

Ber folk følgje med

Ho legg til at dei også ønskjer at vanlege folk held auga opne.

– Vi ønskjer sjølvsagt også tips frå andre som er ute nattetid, spesielt viss dei har gjort observasjonar som ikkje er vanlege å gjere på natta, seier Hope.

Denne type kriminalitet er svært vanskeleg for politiet å få hol på, spesielt dersom det ikkje kjem tips frå publikum.

– Det er vanskeleg, for dei skjer på den tida av døgnet der det er minst folk ute. Det er også mørkt, og dei er ofte svært kort tid på åstaden. Så det er vanskeleg for oss å fange dei opp, før dei er vekk. Det krev mykje arbeid, i kombinasjon med tips frå publikum, seier Hope.