Hopp til innhold

Dette har Jan-Erik jobba for i seks år

– Det her har eg jobba for i seks år, seier Jan-Erik Sunde frå Jølster.

Jan-Erik Sunde - NM-veka i Stavanger

TOK GULL: I dag vart det kjempa om medaljar i handbak under NM-veka i Stavanger. Jan-Erik Sunde frå Jølster er blant utøvarane som tok gull.

Foto: NRK / NRK

NM-veka i Stavanger er godt i gang. I dag vart det kjempa med nebb og klør om medaljar i blant anna handbak.

Under dagens NM i handbak var det totalt 80 utøvarar som stilte i dei ulike klassane. Blant dei var jølstringen Jan-Erik Sunde, som tok sitt tredje gull i dag.

Rørt vinnar

Sunde fekk stor utfordring då han skulle kjempe om gullmedalje mot Lars Holen frå Oslo. Til slutt gjekk det vegen for jølstringen.

– Det her er berre heilt fantastisk, seier ein rørt vinnar.

Han har i seks år trena hardt for akkurat denne dagen, og tok i dag gullmedalje i Seniorklassa 70 kg med høgrearm.

Jan-Erik Sunde frå Jølster kjempa mot Lars Holsen frå Oslo om medalje i handbak

TØFF KAMP: Jan-Erik Sunde møtte Lars Holen i finale i handbak i seniorklassa 70.kg med høgre hand.

Foto: NRK / NRK

– Dei som ikkje driv med handbak må kome ned til lokala så skal vi vise kor fantastisk dette er, seier ein tydeleg letta og nøgd vinnar.

Sunde tok sitt første gull i 1996, medan det er åtte år sidan han tok si andre gullmedalje.

I tillegg til gull tok han også bronsemedalje i dag for bryting med venstrearm.

Fleire medaljar

Brytarar frå Jølster og Lærdal gjorde det godt under dagens NM i handbak. Av sju representantar frå Jølster tok seks med seg medaljar heim. Frå Lærdal tok tre av fire representantar medaljar.

I juniorklassa i 80 kg tok jølstringen Runar Berg med seg heile to gull under dagens handbak-kamp.

Bård Grindheim frå Lærdal tok gull i venstrearm og sølv i høgrearm.

– Eg har ein skade i skuldra, og hadde tenkt å stå over venstre. Men det var så lenge å vente til høgre at eg vart med. Samstundes vann eg venstre i fjor og følte eg hadde noko å stille med, seier Grindheim.

Geir Inge Olsen, også frå Lærdal, tok med seg sølvmedalje under bryting med venstrearmen.

Bård Grindheim under NM-veka i Stavanger

MEDALJEVINNAR: Bård Grindheim frå Lærdal tok med seg både gull og sølvmedalje under dagens NM i handbak.

Foto: NRK / NRK