Hopp til innhold

Mista tre studiemånadar da dei blei skulda for juks

Dei fekk ikkje sove og sette studia på pause. Men studiestaden fann ikkje juks. Nå krev studentorganisasjon like reglar i heile landet.

Malin Lund Sørlie og Trine Lise Thune Meyer

Malin Lund Sørlie (til venstre) og Trine Lise Thune Meyer blei saman med Mette Fredriksen (ikkje på bildet) skulda for juks på HVL i Haugesund. Dei tre leverte ei semesteroppgåve saman ved fakultet for økonomi- og samfunnsvitskap (FØS). Da nemnda for studentsaker var ferdig med saka, fann dei ikkje juks.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Det kjennest som verda står stille, seier Malin Lund Sørlie om tida rundt årsskiftet.

Det ho snakkar om, starta i desember og var ferdig i mars.

Saman med medstudentane Trine Lise Thune Meyer og Mette Fredriksen blei ho skulda for juks i ei semesteroppgåve.

I desember kom den første beskjeden. Først i slutten av februar var saka ferdig behandla i nemnda for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Vedtaket frå nemnda fekk dei ikkje i hendene før i mars.

36 hadde ikkje juksa i 2023

– Eg gjekk ikkje på skulen, for du veit ikkje om du får fortsette eller blir stengd ute, seier Lund Sørlie.

Thune Meyer og Fredriksen opplevde det på same vis.

– Det gjekk utover søvn og den psykiske helsa. Ein har ikkje same motivasjon til å gå på førelesing, seier Thune Meyer.

Mette Fredriksen

Mette Fredriksen studerer i Haugesund, men bur i Bergen.

Foto: Privat

Fredriksen beskriv det som ho fekk «ein kjempeekkel klump i magen».

– Eg gjekk heilt i kjellaren. Eg var så lei meg, seier Fredriksen.

NRK har fått tal frå ti høgskular og universitet i Noreg. Til saman blei 458 saker behandla i nemndene for studentsaker ved desse studiestadene.

I 36 saker blei det ingen reaksjon, altså juks blei ikkje bevist. Det er nær 8 prosent av alle fuskesakene.

Juks som likevel ikkje er juks, er eit problem, meiner Norsk Studentorganisasjon (NSO).

FUSK ELLER SLURV? NSO-leder Oline Sæther sier det kan være vanskelig å sette seg inn i regler for fusk - spesielt siden definisjonen varierer.

Oline Sæther, leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO).

Foto: Skjalg Bøhmer Vold

– Mange studentar opplever skulding om fusk som eit angrep på integriteten deira. I ein slik prosess er det viktig at studentane blir godt informerte, seier NSO-leiar Oline Sæther.

Ho beskriv eit utdanningssystem med ulike reglar for kva som kan vere juks og korleis ei slik sak skal bli behandla.

– Vi meiner at studentar er nærast rettslause. Det er ulike kriterium for kva som er juks, seier ho.

Sæther seier det er sett ned ei arbeidsgruppe (ekstern lenke) som skal utarbeide eit forslag til nasjonale retningslinjer for fuskesaker, og ho ser fram til dette arbeidet.

Arbeidsgruppa skal levere forslaget sitt i juni.

– Lite sympati

Studentar som får fuskesaker opp i slike nemnder, har rett til å bli representerte av ein advokat. Kristian Berge er ein slik advokat.

Bilde av advokat Kristian Berge.

Advokat Kristian Berge.

Foto: Osloadvokatene

– Dei som blir skulda for fusk, blir generelt møtte med lite sympati. Når studentar blir frifunne, er skaden allereie skjedd for dei, seier han.

Han har representert fleire hundre studentar i fuskesaker og seier saksbehandlingstida hos HVL ikkje er uvanleg lang. Han har heller ikkje stor tru på at det høgare utdanningssystemet får laga reglar som gjer at ein aldri vil bli skulda for juks utan å ha juksa.

– Det er et utal lokale forskrifter. I tillegg har forskjellige studiestader eigne rutinar, seier han.

Har utsett studia

Studentane ved HVL i Haugesund beskriv veker og månader kor dei forsøkte å få meir informasjon, utan at dei fekk det før seinare.

Dei var på møter. Dei fekk advokat før saka skulle opp i nemnda.

Malin Lund Sørlie og Trine Lise Thune Meyer

Malin Lund Sørlie (til venstre) tar ein bachelor, mens Trine Lise Thune Meyer og Mette Fredriksen (ikkje på bildet) tar eit årsstudium i administrasjon og leiing.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Thune Meyer meiner heile prosessen tok for lang tid med tanke på kor lite dei fekk vite mens det gjekk føre seg.

– Dei burde vore flinkare med informasjon, meiner Thune Meyer.

Lund Sørlie skulle ha vore ferdig til sommaren, men trur kanskje ho kan klare det i haustsemesteret. Fredriksen, som bur i Bergen og tok studia ved sida av jobb der, mista så mykje at ho ikkje får fullført før våren 2025.

– Eg er skuffa over at dei har hjelpt oss så lite som dei har gjort. Det har vore veldig vanskeleg, seier ho.

Instituttleiar: – Læring i alle saker

Instituttleiar ved HVL, Tone Merete Brekke, skriv til NRK at normal behandlingstid er tre månader. Ho forstår at ei slik sak er krevjande å stå i, men skriv at skulen gjer det dei kan for å hjelpe. Det er fleire tilsette ein kan vende seg til.

Tone Merete Brekke, instituttleiar, Handelshøgskulen ved Høgskulen på Vestlandet (HVL)

Tone Merete Brekke, instituttleiar ved Handelshøgskulen på HVL.

Foto: Privat

Berre dei tilsette som må kjenne fuskesaker, kjenner dei, og derfor kan informasjonen opplevast dårleg, skriv ho vidare.

– Også for oss i HVL er det læring i alle slike saker. Vi gjør vårt ytste for å vareta alle våre studentar, skriv ho, og legg til at ho håpar saka på sikt kan gi dei tre kvinnene motivasjon til vidare studium.