Stine som 12-åring

Han meinte at ho såg ut som ein 18-åring.

Han meinte også at det var hennar feil at overgrepa skjedde.

Stine, overgrepssak.

Så bestemte ho seg for å ta serieovergriparen

Den ufrivillige detektiven

Jakta på serieovergriparen

Stine K. Reksten tar ein skjermdump og lagrar den. Slik ho har gjort det med så mange andre meldingar han har sendt ho.

H er han, S er Stine.

Han:Jeg har trøstet meg med en ting. Hvis det er lov. Det var ingen tvang..... håper jeg da
Stine:Det kan man ikkje sei at det var
Han:He he. Nei å var ikke vondt. Hverfall ikke for min del. Så da får det bli med det...

Det svir i hjernen når ho les det den 25 år eldre mannen skriv. Vonde minner om barndomen blir rippa opp kvar gong.

Ein barndom prega av at ho blei utsett for overgrep frå denne mannen.

Men den vaksne Stine har ein plan og gjer gode miner til slett spel.

For å forstå må vi skru tida tilbake til 2006.

Jenterommet i den vesle bygda i Sunnfjord er Stine sin fristad frå mobbinga på skulen og dei vanskelege forholda heime.

På internett søker ho etter nokon å snakke med. Ho treng nokon å stole på, ein ven.

Ho veit framleis ikkje kva konsekvensar dette vil få, og at ho på vegen skal bli svikta både av politi og barnevern.

Den no nedlagde chattesida Blinko blir hennar flukt frå kvardagen.

Sida hadde 18-årsgrense, men for 11 år gamle Stine var det berre å trykke OK på om ho var gamal nok.

– Eg var veldig forvirra då eg kom inn der, det var jo vaksne eg prata med. Eg hugsar at eg fekk spørsmål om eg var jomfru, men eg visste ikkje kva jomfru betydde ein gong.

Men på chatten føler ho seg raskt trygg. Her er det ho som har kontrollen, det er ho dei vaksne mennene vil snakke med.

– Du kunne framstille deg sjølv slik du ville vere. Eg hadde eigentleg berre eit veldig behov for omsorg.

Det var då han kom inn livet hennar.

Stine var deprimert og skreiv i chatten «Kva er den minst smertefulle måten å døy på».

«Du får ikkje lov å forlate denne verda før du har blitt kjent med meg», skreiv han tilbake.

Han fortalde at han jobba i helsevesenet og at han jobba frivillig i ei hemmeleg sjølvmordspatrulje i Røde Kors.

Nokon slik patrulje kan Røde Kors stadfeste at dei aldri har hatt.

Men det stemmer at mannen i mange år var tillitsvald i Røde Kors og svært aktiv i det lokale hjelpekorpset.

Stine som 13-åring

KJØPTE HUND: Stine K. Reksten på tur på Gaularfjellet med hunden Spike, som ho kjøpte til seg sjølv då ho var 13. – Hunden var livreddande for meg, seier Stine.

Foto: Privat

Treffet

Barnet Stine stolte på den vaksne mannen og fortalde han alt om korleis ho hadde det heime.

Han blei den ho hadde sakna. Han lytta og forstod.

Men ein morgon vakna ho til ei melding.

Han skreiv at stod utanfor lensmannskontoret i kommunen der han budde og skreiv til Stine at han kom til å gå inn dit og fortelje ting ho hadde fortalt.

Men om ho gjekk med på å møte han, så skulle han ikkje gjere det. Ho ville ikkje møte han, det var ikkje det ho trengde.

I rein frykt gjekk ho med på kravet hans.

– Ein halvtime før han var på plass sende han ei melding: «Eg tør å ta deg på puppane før du tør å ta meg på puppane». Då eg møtte han var det første han gjorde. Han gav meg ein klem, så snudde han meg og tok meg på puppane. Så lo han.

– Kor gamal var du då?

– 12

– Kor gamal var han?

– 37

Den kvelden kom han i ein kvit varebil. Baki bilen hadde han lagt ei madrass, vindauga var skjerma for.

Det skjer ikkje eit fullbyrda overgrep den kvelden. Men det skjer seinare, igjen og igjen.

Men han sa at han elska ho.

Ho kjenner seg makteslaus mot den eldre mannen. Han tvingar seg på ho, tvingar ho til å gjere ting ei mindreårig jente ikkje skal gjere.

Som den gongen på parkeringsplassen ved skisenteret rett sør for Førde. I skogen slik at ingen skal sjå.

Stine grin og gir beskjed at ho ikkje vil, men det skjer likevel.

– Eg gjorde jo motstand dei første gongane, men etter kvart så blir det nesten berre rutine. Eg visste akkurat kva som skulle skje då han kom. Det var prisen å betale for å ha nokon som brydde seg og nokon som såg meg.

Der og då følast det umogleg å tenke seg at nokon skal berge ho, og enda mindre at ho sjølv ein gong skal klare å be om hjelp.

Kvar gong sender han meldingar etterpå og snakkar om det som har skjedd.

Han skildrar overgrepa, han likar å snakke om det han har gjort.

– Så lo han av at eg syntest det var flaut og fælt, seier Stine.

Overgrepa utviklar seg og dei møtest jamleg. Han kommenterer kroppen hennar, fortel at han er den einaste som bryr seg om ho.

– Eg hugsar at eg sat og grein då eg fekk desse meldingane. Samtidig var han den omsorgsfulle mannen som eg hadde blitt kjent med. Eg forstod ikkje kvar eg hadde han, det var så vanskeleg for meg å plassere om han var snill eller slem.

Hytteturen

26. februar 2009 er Stine 14 år gamal og stikk av heimanfrå.

Han har bestilt hytte i ei grend utanfor Førde og hentar Stine.

Ute er temperaturen så vidt over null, men inne i hytta er det varmt. Det nærmar seg slutten av ski-VM i den tsjekkiske byen Liberec.

Han skrur på fjernsynet medan han plasserer Stine oppå fanget sitt.

På skjermen er det skuffa norske skijenter som hamna utanfor pallen på stafetten.

Medan sendinga rullar vidare på TV-skjermen tvingar han seg på Stine.

Sjølv om Stine har det vanskeleg heime, så har familiemedlemer forstått kven Stine er med.

Både politi, barnevern og pårørande veit på dette tidspunktet at Stine har ein vaksen ven. Men dei veit ikkje at han er ein valdtektsmann.

Denne kvelden ringer ein slektning operasjonssentralen til politiet i Florø. Dei kontaktar den lokale lensmannen som ringer overgriparen.

Telefonen ringer i hytta der han er med Stine. Men mannen lar det ringe ut og ingen patrulje kjem på tunet.

Det politiet gjer er å ringe til ein tilfeldig overnattingsstad i Førde og spørje om det er der dei er.

Den gangen får det ingen konsekvensar.

Men han får panikk, pakkar saman tinga sine og køyrer Stine heim.

Stine forstår ikkje kva som skjer. Ho føler at den vaksne venen sviktar ho. I hennar hovud er overgrepa betaling for å ha nokon ho kan stole på.

Først ni dagar seinare ringer han tilbake til politiet.

Då forklarte han til politiet at han var ein ven og sjelesørgar for ho. Det godtok politiet.

I dag vedgår både barnevern og politi at dei burde ha gjort meir.

Han i bilen

PÅ JOBB: Mannen frå Innlandet jobba i mange år som sjåfør for ulike transportørar i Noreg.

Foto: Privat

Heimbygda

I bygda på det sentrale Innlandet der han bur, er det ingen som kjenner til bilturane til Vestlandet.

Her har han lenge vore ein mann folk har stolt på, som smiler lurt til folk han møter. Fortel gjerne ein grovis og ler høgt.

– Han er ein jovial og grei type, seier ein av dei som har jobba mykje med han.

Andre fortel at han har vore ein god ven i fleire tiår, og at han er fagleg dyktig. Anten det er som yrkessjåfør eller tillitsvald i det lokale hjelpekorpset.

I kameratgjengen handlar praten ofte om sex. Det gjer det også når han snakkar med folk i hjelpekorpset.

– Det var no slik han var og oppførte seg, fortel ein tidlegare kollega.

Men ingen han møter trur at mannen bak den smilande maska er ein overgripar.

For Stine er ikkje aleine. Det finst andre offer. Kanskje mange.

Også Røde Kors vedgår i dag at dei aldri tok mannen sin oppførsel som eit teikn på overgrep.

Ansvaret

Etter hytteturen skjer det store endringar i livet til Stine. Ho blir plassert i fosterheim.

Forholdet til den biologiske familien er vanskeleg å fortelje om. Men dei klarte aldri fylle behovet hennar for vaksenkontakt.

Det var det overgriparen som gjorde.

– Han spelte veldig på at eg var blitt så viktig for han at om han mista meg, så kom han til å ta livet av seg sjølv. Han trua med dette fleire gonger og eg følte på at eg ikkje kunna ha skulda for det.

For ei 14 år gamal jente er det eit stort ansvar å bere.

Stine var sikker på at han kom til å døy om ho braut kontakten.

No rømmer ho ikkje lenger heimanfrå når ho skal møte han. No skjer det dei helgene ho eigentleg skal ha samvær med den biologiske familien.

– Treffa var veldig like. Han køyrde frå der han kjem ifrå og opp hit for å vere med meg, seks-sju timar. Så reiste han heim.

I bygda der han bur, jobbar han stadig meir frivillig for Røde Kors.

Den bakgrunnen gjer til at han får eit vikariat som ambulansearbeidar i Sogn og Fjordane sommaren 2010.

Til Stine fortel han at han gjer det for å kome nærare ho.

Når han har fri frå ambulansejobben køyrer han for å møte Stine.

Men då ho fyller 16 år i juli det året ebbar kontakten mellom dei ut.

Ho har blitt ei ung kvinne. Det skjer store endringar i livet hennar som skal få mykje å seie for framtida.

– Eg var forbanna, eg var sur og jævlig. Eg hadde fått fullstendig nok, eg berre klikka, seier Stine om det siste møtet.

Ho forsøker å leve eit vanleg ungdomsliv, forelskar seg og festar. Forsøker å halde han og dei vonde kjenslene på avstand.

No byrjar Stine å ta vare på meldingar han sender. Arkiverer når han skildrar det han gjorde då ho var mindreårig.

– Eg var i ein prosess der eg tenkte «Du har faktisk misbrukt meg» og at eg hadde vore eit lett offer for han.

Men ville ho klare å skaffe nok bevis mot han?

VG-lista i Førde 2016

VG-LISTA: Han har køyrd teknisk utstyr til konserten i Førde. Under konserten blir han tilfeldig fanga av NRK sin fotograf.

Foto: NRK

Konserten

Våren 2016 lyser VG ut tevlinga «By Extra». Ein by i Noreg skal få VG-lista på besøk og i Førde blir det jobba knallhardt for dette.

Kampen blir krona med siger. 27. juli samlar 11.000 barn og vaksne seg på kunstgrasbana framfor Førdehuset.

Langt framme, litt på sida av scena, står ein vaksen mann med grått hår og smiler.

Han er med på turneen for eit av dei største festivalselskapa i landet som sjåfør for teknisk utstyr.

Og medan eit hylande publikum ventar på første artist, ventar han på Stine som no har blitt 22 år gamal.

Men for Stine blir dette ein del av planen om å avsløre han.

Det korte møtet mellom dei den kvelden blir eit vendepunkt.

– Eg møtte han i nokre få minutt. Så byrja han å snakke i kodar slik at berre eg og han forstod, så lo han av det. Då tenkte eg «Du er den eg tenker at du er».

Etter at flaumlyset er sløkt, publikum reist heim og artistane reist vidare, står Stine igjen med ein flaum av tankar.

Ho trengde å sjå han, snakke med han og vite kvar ho hadde han. Men den dagen bestemmer ho seg.

– Eg tok opp litt hyppigare kontakt og var vennleg mot han og interessert i å snakke om det som hadde skjedd. Eg prøvde å få han i tale om dette utan at han skulle forstå at hensikta mi var å fiske ut ei tilståing frå han.

Politimeldinga

Stine trur ikkje lenger at ho er det einaste offeret, og ho vil gå til politiet.

Men ho treng tida. Symptoma på posttraumatisk stress, angst og depresjon blir stadig sterkare.

Dei to neste åra brukar Stine tid til å jobbe med seg sjølv og dei sterke kjenslene.

– Eg var veldig redd for å gå til politiet. Eg var redd for ikkje å bli trudd, eg var redd for kva dei kom til å tenke.

Dette er ein av chattane ho har med han i denne perioden:

Stine:Det som skjedde mellom oss skulle aldri skjedd. I form av at eg mener at en 12-13 åring ikkje skal måtte forholde seg til sex, det er altfor tidlig... var liksom bare barnet
Han:Nei det skulle ikke skjedd å jeg skal ta min del av skylden

Det tar i snitt over 17 år frå eit overgrep skjer til det blir meld til politiet. Frå dei første overgrepa mot Stine skjedde i 2006 til 15. mai 2018 har det gått over 12 år.

Det er ganske kjølig denne maidagen. Den store temperaturmålaren på busstasjonen i Førde viser 9 grader, sjølv om det er midt på dagen.

Inni hovudet til Stine kokar tankane. Ho har ein avtale i dag som vil forandre alt, så lenge dei trur ho.

Ho opnar døra til lensmannskontoret, går forbi passautomaten og møter kvinna som skal følgje ho tett i åra framover.

Det er politietterforskar Eivor Sleire Øyen som tar imot Stine. Eivor lyttar til Stine, ber ho ta kontakt med ein bistandsadvokat.

Den første samtalen blir snart til fleire avhøyr og politimelding.

Stine syner etter kvart fram skjermdumpar av meldingar, chatloggar og fortel i detalj om overgriparen. Ein av samtalane såg slik ut:

Han:Det veit jeg ikke helt om jeg tørr skrive
Stine:Si det da
Han:Blant annet noe du brukte munnen til. Å det du gjorde på hytta
Stine:Kan aldri tenke meg at eg hadde peiling på ka eg dreiv med når eg var så ung! Huff nei.
Han:Joda det måtte du vite for det var slett ikke verst. Ingen har noen gang klart å ta en sånn plass i hjertet mitt.
Stine:Det må jo være godt gjort som 13-åring.

Etterforskinga

No byrjar ballen å rulle.

Dei neste vekene og månadane set politiet i Vest og i Innlandet i gang ei svært omfattande etterforsking.

Dei mistenker raskt at den joviale sjåføren og Røde Kors-mannen har levd eit dobbeltliv.

– Dette er ei av dei mest alvorlege sakene eg har jobba med, seier Eivor Sleire Øyen til NRK i dag.

Meldingane og skjermdumpane Stine syner fram er i stor grad med på å gjere at politiet ikkje er i tvil.

– Det kom fram informasjon frå Stine som gjorde at vi forstod at det kunne vere fleire offer, seier Øyen.

Etterforskarar frå fleire politikontor i Sør-Noreg jobbar intenst i fleire månader for å sikre spor. Dei må heile tida spørje seg om bevisa vil halde om saka kjem til retten.

– Alt vi kan finne som kan vere med å dokumentere den eine eller andre vegen har stor verdi.

Pågripinga

I november 2018 er politiet klare til å gå til aksjon.

Dei har ei stund vurdert om dei skal sende eigne politifolk frå Vestlandet, men ender opp med at det er lokalt politi som skal i elden.

På denne tida har overgriparen store personlege problem. På heimebane er ting i ferd med å skjære seg og han har gått konkurs.

Likevel anar han fred og ingen fare då han blir vinka inn i det som verkar som ein vanleg rutinekontroll langs riksvegen der han held til.

Men det er ikkje førarkortet hans dei er interesserte i.

– Du er sikta for grove overgrep, du må bli med oss, seier politifolka.

Han blir raskt varetektsfengsla og blir frakta til fengselet i Vik i Sogn og deretter til Bergen fengsel.

Heile historia til 51-åringen frå Innlandet blir no endevent. Politiet får stadig sterkare bevis for at mannen dei har tatt er ein serieovergripar.

I tillegg til Stine finn politiet fram til fleire andre jenter, både i nær familie med han, men også andre i ein utvida krins. Fleire av dei fortel hjarteskjerande historier i avhøyr.

I mai 2020 tar påtalemakta ut tiltale med ei strafferamme på 21 års fengsel for overgrep mot fem jenter.

Men utan Stine, ingen tiltale mot mannen.

– Hadde ikkje ho kome og meldt dette, så hadde ikkje vi kome i kontakt med dei andre som er fornærma i saka. Utan ho hadde det ikkje vore ei sak per i dag.

Det sa politiadvokat Christine Wisløff til NRK i sommar.

Samstundes nektar mannen for å ha gjort noko som helst gale.

Rettssaka

7. september 2020 klokka 08.20.

Ein av politiet sine cellebilar parkerer på framsida av det nye tinghuset i Førde.

Ut av bilen kjem først to uniformskledde politimenn frå lensmannskontoret i Vik i Sogn, der fengselet ligg.

Dei opnar bakdøra. Ein mann med grått hår og stor pondus kjem ut. Han som før framstod som høgreist og stolt, framstår no som dukknakka og full i angst.

Han er kledd i penbukser, kvit skjorte og ein blå genser. Han ber om å få ta seg ein røyk.

Fingrane skjelv når han trekker inn nikotinen.

Inne i rettssal 1 sit dei andre og ventar. Mannen sin forsvarar, statsadvokaten, Stine og hennar bistandsadvokat.

Tiltalt i overgrepssak fra Innlandet.

SÅG NED: Mannen frå Innlandet i retten i Førde i august 2020.

Foto: Charlotte Rintler / NRK

Så opnar døra seg ut til gangen.

Han kjem inn i salen med ein politimann bak seg og ein framfor. Ser mot Stine og nikkar.

Ho ser berre rett på han med eit iskaldt blikk. Ho veit kva han har gjort. Spørsmålet er om dommarane vil tru ho og dei andre jentene.

Tingrettsdommar Ida Bøen kjem inn, spør tiltalte om namn, yrke og bustad. Og om han erkjenner straffskuld.

– Nei, svarar mannen og ser ned.

Stine svelger ein klump i halsen. Ho har bestemt seg for å sitje der og sjå på han dei neste to vekene.

Sjølv om ho veit at det blir beintøft.

På tilhøyrarbenken sit to nære vener av Stine. For første gong ser dei mannen som tok seg til rette.

– Det er forferdeleg å sitje her, men eg gjer det for Stine, seier ein av dei til NRK.

Det er grove detaljar som blir lagt fram i tingretten.

I rettssalen sit Stine tvers overfor tiltalte. Fire meter unna sender ho han blikk, stirer på han. Han sveittar.

Dei andre jentene sit på eit advokatkontor på Austlandet og ser det heile på videolink.

Kvar og ein av dei har ei historie å fortelje om valdtekter og overgrep.

Men særleg ei tekstmelding han har sendt til Stine får stor merksemd:

Han:Men kan du svare om jeg var første..? :) :)
Stine:Første?
Han:Ja som var inni hehe
Stine:Koffor spør du?
Han:Jeg har bare lurt litt på det. Nysgjerrig :)

– Det var ikkje slik meint. Dette var berre ein spøk, seier mannen i vitneboksen.

Han seier også at han meiner at Stine må ta sin del av skulda for at overgrepa skjedde.

Blikket hans er flakkande då han forklarar seg. Han blir pressa av aktor. Klagar over hovudverk og ber om å få sitje i eit anna rom.

– Du kan få ein paracet om du vil ha, seier dommaren tørt.

Stine og dei andre jentene skildrar valdtekter og overgrep i sine forklaringar.

I ettertid har fleire av dei fått den alvorlege diagnosen PTSD, også Stine.

For Stine er rettssaka knallhard. Kvar dag møter ho opp i retten, alltid pent kledd og nysminka.

Men bak den strigla maska er det eit menneske som kjempar mot trauma når ho må sitje og sjå overgriparen i auga.

Men ho viker aldri blikket.

Der i rettssalen veit ho at ho gjorde det rette med å melde han til politiet, uansett kor tungt det er å sitje der.

Ho ser at han slit med å forklare seg og ser korleis han krympar seg for kvar detalj som kjem fram.

Der og då er ho sikker på at ho og dei andre jentene vil vinne fram. Trygg på at dommarane vil dømme han.

Dommen

Hausten 2020 er spenninga stor i den ferske chattegruppa Girlpower.

Der har jentene som var samla som offer i rettssaka delt tankar og kjensler dei siste vekene.

No har dei venta i fleire veker på retten sin konklusjon.

Dommen mot den populære Røde Kors-leiaren, sjåføren, familiefaren og kompisen er nådelaus:

12 år i fengsel og erstatning på over 2 millionar kroner til offera.

Men først to veker etter dommen torer jentene å sleppe jubelen heilt laus. Han trekk anken dagen før siste frist. Dommen er rettskraftig.

Han er for all tid skuldig som serieovergriparen, sjølv om han framleis hevdar det motsette.

Sjå tilsvaret frå 51-åringen lenger nede i saka.

Skjermdump NRK / Girlpower

JENTEKRAFT: Då NRK melde at mannen trakk anken, kunne offera juble i si eiga chattegruppe.

Tårene kjem fort når jentene snakkar saman, og dei andre rosar Stine for det ho gjorde.

Det er ho som er lagkapteinen. Det var ho som gjekk til politiet, det var hennar bevis påtalemakta brukte.

Ein felles skjebne med valdtekter og overgrep har ført til nye venskap på tvers av Sør-Noreg.

Når dei andre slit med kjenslene sine og kjenner angsten rive, er Stine ofte den som kan gje gode råd.

Men saman har dei noko heilt unikt, for venskap kan også byggjast når tragediane råkar.

Framtida

I Førde har livet til Stine tatt nye vendingar. I sosiale medium har ho vald å vere heilt open.

Som råka av posttraumatisk stress i koronatida er det lett å bli einsam, men Stine har eit godt nettverk av folk rundt seg.

Ho har også fått kontakt med overgrepsofferet Kari frå Tromsø som NRK sine lesarar kunne møte i denne saka frå mars i 2020.

– Det Stine gjorde og konsekvensane av det er enormt bra, seier Kari til NRK.

Ekspertane fann ut at Stine er 37 prosent ufør som ein følgje av det serieovergriparen gjorde mot ho.

Likevel satsar Stine no på høgskuleutdanning og jobb der ho kan hjelpe andre med utfordringar.

– Han tok frå meg barndommen min, men han skal ikkje få ta frå meg framtida mi

Veit du noko eg bør vite?

Har du tips i denne eller andre saker? Ta kontakt, vi behandlar all informasjon konfidensielt.

Overgrepa

Mannen frå Innlandet blir dømt for grove overgrep og valdtekter sidan 2004.