Hopp til innhold

– Eg vil beklage for Stine at ikkje barnevernet klarte å forhindre overgrepa

Politi og barnevern visste kven overgriparen var og mistenkte at den mindreårige jenta blei utsett for overgrep. I dag vedgår dei at dei ikkje gjorde nok for å stoppe mannen.

Stine som 11-åring

MEINTE HO VAR ELDRE: Stine var 12 år då ho møtte overgriparen fysisk. I retten meinte han at ho såg ut som ho var 18.

Foto: Privat

No legg dei seg langflate og beklagar.

Hausten 2020 blei ein 51 år gamal mann frå Innlandet dømd til 12 års fengsel for valdtekter og grove overgrep mot fem jenter.

Ei av dei jentene var Stine K. Reksten frå Sunnfjord, som samla bevis mot sin eigen overgripar.

No syner dokumentasjon NRK har fått tilgang til at både lokalt politi og barnevern kunne ha gripe inn og stoppa overgrepa alt i 2009 då ho var 14 år gamal.

Under ein hyttetur i februar det året, blei det lokale lensmannskontoret tipsa om at Stine var med den vaksne mannen. Dei ringde han, men då dei ikkje fekk svar, så blei det ikkje gjort noko meir.

Ni dagar seinare ringde ein frå politiet til overgriparen.

«Vi hadde ein roleg og oppklarande samtale, i om lag 10–15 minutt», skriv dei i ein rapport til barnevernet i mars 2009.

Frå politi- og barnevernsrapportar

UTDRAG: Rapportane er mange, omfattande og inneheld mange personopplysningar. Her er eit lite utdrag frå to av dei.

Visste alderen hans

Også i fleire andre brev og rapportar skildrar barnevernet og politiet at det er kontakt mellom Stine og mannen frå Innlandet.

Begge etatane visste at Stine var mindreårig og at mannen var fødd i 1969. Dei visste også at han hadde reist frå Austlandet til Vestlandet for å møte Stine.

– På spørsmål frå underteikna om dei har hatt eit intimt forhold, benekta han dette, skriv politiet i ein rapport til barnevernet.

I staden for å rykke ut og pågripe han, fekk han halde fram med overgrepa mot Stine og andre jenter i ni år til før han blei tatt i 2018.

Ove Mjåtveit er sjef for Sunnfjord barnevern.

SEIER UNNSKYLD: Ove Mjåtveit er sjef for Sunnfjord barnevern. No innrømmer han på vegner av etaten dei feila som blei gjort den gongen dei kunne ha stoppa serieovergriparen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Venta på kontakt

I dag fortel Stine om korleis ho nærast inviterte andre til å forstå at ho blei utsett for valdtekter og overgrep.

Men ho blei aldri kalla inn til avhøyr.

– Eg høyrde aldri noko frå dei sjølv. Ingenting. Eg sat og venta på at dei skulle ta kontakt og at noko skulle skje. Når det ikkje skjedde noko, så tenkte eg at dei ikkje brydde seg, seier Reksten til NRK.

Både politiet og barnevernet innrømmer i dag at det kunne vore gjort langt meir for å stoppe serieovergriparen.

– Det er grunn til å beklage at vi ikkje forstod og hadde kunnskap eller forståing av saka. Det synest eg er på sin plass.

Det seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, på vegner av etaten.

NRK har snakka med mannen som var lensmann i den aktuelle kommunen. Han ønskjer ikkje å kommentere saka no.

Arne Johannessen i politiet om overgrepssak.

TAR KRITIKK: Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, er tydeleg på at politiet ikkje gjort alt rett i 2009 då dei fekk vite namnet på den vaksne mannen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mistenkte overgrep

– Kva tenker du om at overgrepa mot Stine heldt fram i to år etter at politiet visste kven mannen var?

– Det kunne ho ha vore spart for dersom politi og andre i hjelpeapparatet hadde tolka ting rett og hadde gått inn med dei metodane som ein skulle ha gjort.

Barnevernet var også klar over at Stine i sin søken etter trygg vaksenkontakt hadde kome inn under overgriparen sine vengjer.

Dei mistenkte også at det kunne ha skjedd overgrep.

– Ein bør kanskje ta kontakt med NN (ekspert, red.anm.) for å drøfte kva ein skal gjere vidare i forhold til informasjonen ein har fått, skriv barnevernet i eit brev i mars 2009.

Men det skjer ikkje noko meir.

Stine overgrep

OFFER: Som vaksen kvinne har Stine K. Reksten vald å vere heilt open med si historie.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vil beklage

Ove Mjåtveit jobba ikkje i barnevernet den gongen. I dag tek han på seg ansvaret som sjef for Sunnfjord barnevern.

Han innrømmer at dei burde ha gjort mykje meir for å få fakta på bordet den gongen.

– Eg vil beklage for Stine at ikkje barnevernet klarte å forhindre overgrepa. Så eg vil seie unnskyld til ho for det, seier Mjåtveit.

I dag er Stine K. Reksten ei kvinne på 27 år. Ho er glad for at både politiet og barnevernet i ettertid beklagar.

– Eg er veldig glad for at dei ser eigne feil og innrømmer det. For meg er det tydeleg at dei burde ha skjønt og at dei burde ha gjort noko, seier Stine.

Veit du noko eg bør vite?

Har du tips i denne eller andre saker? Ta kontakt, vi behandlar all informasjon konfidensielt.