Hopp til innhold

Som vaksen avslørte ho overgriparen sin: – Meir og tidlegare seksualundervisning hadde hjelpt meg

Fleire fagfolk meiner born får seksualundervisning for seint. – Eg hadde enklare sett dei raude flagga om eg hadde lært meir om seksualitet tidlegare, seier Stine K. Reksten (28), som blei utsett for overgrep som ung jente.

Stine, overgrepssak

FOR SEINT: Stine K. Reksten skulle ønskt ho lærte meir om trygg og god seksualitet då ho var yngre.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ho var berre 11 år då ho møtte ein vaksen mann som i ei årrekkje utsette henne for overgrep.

Fredag skildra ho si historie under Kompetansesenter mot seksuelle overgrep sin landskonferanse i Førde. Ho har tidlegare fortald historia i NRK.

Mannen blei seinare dømt til fengsel for overgrepa mot henne og ei rekkje andre kvinner, takka vere at ho samla bevis mot han.

Fekk feil «bilete»

Som ung jente lærte Reksten om overgrep og blei fortalt at ho skulle passe seg for menn med varebil som lokka med kattungar og godteri.

Men det var ikkje slik overgriparen hennar framstod.

– Han stemte ikkje med mitt bilete av overgrep. Ikkje var han framand, og ikkje var han skummel.

Eg lærte seinare at det kan vere nokon som står deg nær og som ser ut til å bry seg om deg, som kan utsette deg for dette.

Stine K. Reksten

Sunnfjord-kvinna trur meir seksualundervisning – og at den kom tidlegare – hadde vore til hjelp for henne den gongen.

– Då hadde eg lettare sett fleire raude flagg, og det hadde vore enklare for meg å fange opp intensjonen hans, seier Reksten.

Ho oppmodar foreldre om å snakke med born om kropp og seksualitet frå dei er små, og at vi må gjere det til noko som er naturleg og ikkje flaut.

– For elles kan det bli vanskeleg for dei å kome til oss om det skjer noko gale, seier ho.

Bør få éin time i veka med seksualundervisning

– Seksualitet må snakkast om allereie frå barnehagen. Det er ingen grunn til å vente med å snakke om ting som kan bli vanskeleg, seier sexolog Tuva Fellmann, som også hadde foredrag under konferansen i Sunnfjord.

Fleire av fagfolka der meiner det må meir seksualundervisning inn i skulen og i barnehagane.

Det er viktig at born allereie frå dei er små lærer at seksualitet er ein del av kroppen, seier Atle Austad spesialist i klinisk sexologi.

– Dei må lære kva som er greitt, og kva som ikkje er greitt, seier Austad.

Ho meiner born bør få éin time i veka med slik undervisning frå første klasse og ut skuletida.

– Det vil føre til at dei fleste veit så mykje at dei vil unngå mykje problem. Det vil også føre til at seksualhelsa blir betre, og det vil vere med å førebygge overgrep, seier Austad.

Ungdommane Halvor Strømsli, Tonje Holme Ulleland og Gina Hinsverk deltok også under konferansen. Dei meiner dagens seksualundervisning handlar for mykje om kropp, og for lite om kjensler og grensesetting.

– Det er mykje du ikkje kan lese deg opp på, seier Hinsverk.

Til venstre: Halvor Strømsli, Tonje Holme Ulleland og Gina Hinsverk.

Halvor Strømsli, Tonje Holme Ulleland og Gina Hinsverk meiner dagens seksualundervisning må bli betre.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Dei trur at dersom born tidlegare lærer om temaet, vil det føre til mindre overgrep.

Halvor Strømsli meiner ungar i barnehagen bør få seksualundervisning.

– Vi har alle ein kropp og ein seksualitet, og den har vi heile livet, seier han.

Tidlegare kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) har etterlyst betre seksualundervisning i skulen, og meiner lærarar må snakke om grenser så tidleg så råd.

– Det er ingen tvil om at det er viktig med tidleg førebygging, seier stortingsrepresentanten.

I praksis startar skulen med seksualundervisning i 1. klasse, medan også barnehagar er forplikta å jobbe med temaet, fortel Melby.

Skal vere ok seie nei til bestemor-klem

Tone Gulsvik og Renate Ytterdal i Kripos meiner førebygging og seksualundervisning må ta endå meir plass i barnehagar.

Foreldre må også lære borna sine om kropp og grenser.

– Det er til dømes heilt greitt at dei seier nei til ei bestemor som vil ha ein klem. Det skal vere ok å ikkje kose om ein ikkje vil, seier Ytterdal.

Dei oppmodar foreldre om vere like når borna er på nett som når dei er ute og leikar.

– Stine Reksten fortalde at ho ikkje lærte nok om temaet til å vite at ein overgripar også kan vere ein person du har tillit til. Er dagens undervisning god nok til å femne om dette?

– Det enkle svaret er nei. Her har vi ein veg å gå, seier Ytterdal.

Ho trur ein del vaksne heller ikkje har forståing for at personar som gjer seg skuldig i overgrep kan vere kven som helst.

– Det er umogleg å sjå på nokon at dei har seksuell interesse for born. Vi kan derfor ikkje sikre oss mot at dei møter på desse, men gi dei verktøy for kva dei skal gjere når, og ikkje om, dei møter desse, seier Ytterdal.

Advokat Silje Breimo Bredesen seier det er viktig at born lærer å sette fokus på eigen kropp og grenser. Ho meiner det i større grad kan føre til førebygging og å avdekke seksuelle overgrep.