Deira kamp har endra lova og fått fleire jenter til å gå til politiet med overgrepssaker

Etter at Kari og Stine stod fram i NRK om kampen mot overgrep, har straffelova blitt endra og fleire jenter har meld sakene sine til politiet og snakka med hjelpeapparat.

Kari Kolbotn og Stine Reksten.

VENNINNER: Kari Kollbotn (t.v.) jobbar i dag som major i Hæren. Stine Reksten er snart ferdig utdanna barnevernspedagog.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

For første gong har Kari Kollbotn og Stine Reksten møtt kvarandre på skikkeleg. Det skjedde nyleg ein kjølig haustdag i Oslo.

Men mellom dei to nye venninnene er det varme.

– Vi forstår kvarandre godt. Dette er veldig fint, seier jentene då NRK møter dei på Aker Brygge.

Dei har begge vore hovudpersonar i store NRK-saker og dei har fortalt sine historier til langt over ein million lesarar, lyttarar og sjåarar.

– Det har vore krevjande. Eg har fått veldig mange tilbakemeldingar, utelukkande positive. Men det er veldig mange historier der ute. Det er vondt å ta inn over seg kor mange det er som går rundt og ber på liknande opplevingar, seier Stine Reksten.

Fekk endra lova

Men først ut var Kari Kollbotn.

8. mars i 2020 publiserte NRK den sterke historia om korleis mannen som forgreip seg på ho blei frikjend fordi saka var forelda.

Mannen innrømma i avhøyr skuld for det som skjedde. Men det var ikkje hjelp i så lenge det hadde gått så mange år.

– Foreldingsfristane for seksuelle handlingar må bli oppheva, kravde Kari då.

Ho tok kampen og fekk støtte frå eit fleirtal på Stortinget. No blir lova endra.

– Dei fleste seier at dei er veldig takksame for at lova blir endra. Eg trur også det har ført til større respekt for at overgrep er eit samfunnsproblem, seier Kari no.

– Dei trur på meg

Stine si historie blei publisert 30. januar 2021.

Ei historie om korleis fleire jenter gjennom fleire år var misbrukt på det grovaste av ein mann frå Hadeland.

Men først og fremst historia om korleis Stine valde å samle bevis mot serieovergriparen.

– Eg har i alle år tenkt at dette er ei historie som ikkje toler dagslys. Eg skamma meg og eg trudde at folk ville klandre meg for det som hadde skjedd. Det er veldig godt å få stadfesta at samfunnet toler historiene. Dei trur på meg og heier meg fram, seier Stine no.

Mannen fortalde at han jobba i helsevesenet og at han jobba frivillig i ei hemmeleg sjølvmordspatrulje i Røde Kors.

Den patruljen var rein løgn. Hausten 2020 blei mannen dømd til 12 års fengsel for valdtekter og overgrep mot i alt fem jenter.

Stine Reksten, Kari Kolbotn og June Holm.

FINT SELSKAP: F.v. Stine Reksten, Kari Kollbotn og June Holm samla i samband med Plan International Noreg sin prisgalla nyleg. Holm er blant anna kjend for Vi Tror Deg-stiftinga.

Foto: Plan International Norge

– Angrar ikkje

– Eg føler jo sjølv at det har vore godt å stå opp for meg sjølv. Det har vore fint å få bruke saka til noko positivt. Eg ser at det hjelper. Ikkje berre meg, men også mange andre.

Både Kari og Stine har blitt nominert til ulike prisar det siste året, og dei har begge knytt sterke kontaktar med andre som kjempar den same kampen for overgrepsoffer sine rettar.

– Det er godt å bli sett pris på, sjølv om det er tøft innimellom, seier Kari.

– Hender det at du angrar på at du stod fram?

– Eg angrar ikkje, heller ikkje på politimeldinga. Særleg sånn som i dag når eg får møte Stine som verkeleg har slåst og opplevd mange av dei same tinga.

Ho tar eit godt tak rundt skuldra til Stine. Begge får tårer i augekroken.

– Vi er mange som slåst denne kampen og eg vil vere med på laget.

– Fleire unge tek kontakt

Julie Håtuft er prosjektleiar for telefon- og chattetenesta Valds og overgrepslinja (VO-linjen).

Ho rosar Stine og Kari for den openheita dei har synt gjennom NRK og i andre medium.

– Dei kjempar ein viktig kamp for valdsutsette sine rettar. Det er rørande å lese at dei ønskjer å bruke dei sterke historiene sine til hjelp for andre, og at dei har funne styrke i å stå opp for seg sjølv.

Chattetenesta til VO-linjen blei opna i april i år. Etter det har det vore eit jamt sig av folk som tar kontakt.

– Vi ser at det er fleire unge som tek kontakt. I tillegg har vi òg fleire førespurnader frå menneske som blir eller har vorte utsett for seksuelle overgrep, seier Håtuft.

Julie Håtuft er prosjektleder for VO-linjen.

LÅGTERSKEL: Julie Håtuft meiner det er avgjerande viktig med lågterskeltilbod for å få fleire til å fortelje om det dei har opplevd av vald og overgrep.

Foto: Pressefoto

– Fleire oppsøkjer hjelp

Ho legg stor vekt på at det er viktig med lågterskeltilbod for at overgrepsoffer skal klare å ta kontakt og få hjelp.

– Mange opplever nok chattetenesta som endå meir lågterskel, og det bidreg til at endå fleire tør å oppsøkje hjelp. Så det er heilt fantastisk.

Ho tykkjer likevel at det er trist å sjå at det trengst store medieoppslag og det urokkelege pågangsmotet til enkeltindivid, for å få merksemda til styresmaktene.

Men at Kari Kollbotn og andre fekk pressa igjennom lovendring til fordel for offera, meiner ho er svært viktig.

– Lovendringa for fjerning av foreldingsfristen for alle typar seksuallovbrot mot barn er eit viktig skritt i riktig retning for å styrkje valdsutsette sine rettar, meiner Håtuft.

Ho merkar at stadig fleire no torer å fortelje. Hittil i år har nær 2000 henvendt seg til VO-linjen sine tenester, i heile fjor var talet 1431.

– 24 prosent av dei som har kontakta oss i 2021 fortel om vald for første gang til et hjelpeapparat, fortel prosjektleiaren.

Vil gjerne hjelpe fleire

Stine Reksten og Kari Kollbotn er glade for å høyre at dei får støtte frå andre som jobbar mot det same målet om å få fleire til å fortelje hjelpeapparat og politi om overgrep.

Begge har fått hundrevis av meldingar, ikkje minst frå andre jenter som med liknande historier.

– Fleire har også tatt kontakt med politiet etter at dei las om oss, seier Stine.

Stine og Kari meiner at det er viktig at jenter, og gutar, som opplever overgrep klarer å snakke med nokon om det.

– Om du vel å melde eller ikkje, så er det viktig at ein klarer å stå opp for seg sjølv. Om vi kan hjelpe og vere nokon som spelar på lag, så er det veldig fint.

Veit du noko eg bør vite?

Har du tips i denne eller andre saker? Ta kontakt, vi behandlar all informasjon konfidensielt.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger