Hopp til innhold

Verste ulykkesdag på vegen på åtte år

Søndag gjekk sju liv tapt på vegane. Det gjer dagen til ein av dei mørkaste i norsk ulykkesstatistikk.

Trafikkulykke på E16 ved Seimsvatnet i Voss kommune.

VOSS: Fleire var vitne til ulukka, og Voss legevakt tilbyr samtalar om nokon treng hjelp til å handtera inntrykka.

Foto: Bjørn Sandnes / Avisa Hordaland

Søndag var det to dødsulykker på norske vegar. I Voss og i Steigen. Til saman omkom seks personar.

I tillegg vart det funne ein livlaus mann i Grenland, som låg i vegbanen saman med ein motorsykkel. Natt til måndag vart det bekrefta at personen omkom.

Det gjer søndag til den verste ulykkesdagen på norske vegar sidan 2014, og kan hende sidan 2001.

Det viser tal frå Utrykkingspolitiet og Statens vegvesen.

Slik er oversikta over dei verste ulykkesdagane på 2000-talet:

Sidan 1977 har det i alt vore 17 ulykkesdagar med 7 eller fleire omkomne.

I 1988 omkom 15 personar då ein svensk turistbuss køyrde inn i fjellveggen i Måbødalen i Eidfjord i Hordaland (sjå faktaboks).

Bårebiler kjører inn i Steigentunnelen hvor fire omkom.

BÅREBILAR: Søndag var den verste ulykkesdagen på norske vegar sidan 2014.

Foto: Elena Junie Paulsen / NRK

– Ein grufull dag for trafikken

– Gårsdagen var ein grufull dag for trafikken og for dødstala på norske vegar. Den blir med oss i mange år framover. Det er ikkje kjekt å vera del av ein slik statistikk, seier Hans-Erik Ringkjøb (Ap), som er ordførar i Voss.

I 2018 vart E16 mellom Bergen og Voss kåra til «Noregs verste veg». Juryen karakteriserte vegen som «livsfarleg» og la til at «tusenvis av folk køyrer med hjartet i halsen kvar einaste dag».

Voss-ordføraren har lenge kjempa for å få ein tryggare veg til Bergen, men vil ikkje kopla ulukka i går til den politiske kampen.

– No må me tenka på dei som er midt oppe i ein traumatisk situasjon. Me veit at me må leva med dagens veg og jernbane i mange år til, så folk må køyra forsiktig. Det er det einaste me kan seie.

Det har vore ein forferdeleg helg, seier Cecilie Bryner i Trygg Trafikk.

Steigentunnelen.
Foto: Elena Junie Paulsen / NRK

37 omkomne så langt i år

Måndag viste ulykkesstatistikken at 37 liv har gått tapt på norske vegar så langt i år.

I fjor døydde 87 menneske i ulykker på norske vegar. I 2020 var talet 93.

Det er dei to einaste åra i nyare tid der under 100 menneske har mista livet i trafikken.

Politiet kunne måndag føremiddag ikkje seie meir om hendingsforløp og ulukkesårsak då to utlendingar omkom i ein kollisjon mellom tre bilar på E16 i Voss.

– Pårørande vert framleis varsla, seier Olav Otterdal.

Harald Rongen er innsatsleiar i Voss brannvern.

– Eg har dessverre sett mange dødsulykker. Men dette var ein av dei styggaste, seier han til BA.

Havarikommisjonen har starta utvida forundersøking

Same dag meldte Havarikommisjonen at dei har starta utvida forundersøking av ulukka i Nordland.

– Vi vil etter kvart gjere ei undersøking av ulukkesstaden og involverte køyretøy, seier avdelingsdirektør Ingvild Ytrehus til NRK.

I år er det 20 år sidan Stortinget vedtok ein visjon om ingen drepne eller hardt skadde i vegtrafikken («nullvisjonen»).

– Vi må slutte å klappe oss sjølv på skuldrene og skryte av at vi har dei tryggaste vegane i Europa. Framleis har vi meir enn 1000 kilometer med høgtrafikkert veg som ikkje er sikra som møtefrie vegar, seier Geirr Tangstad-Holdal, dagleg leiar i Trafikksikkerhetsforeningen.

Innsatsleiar Christian Meyer, Vest politidistrikt

VOSS: – Då naudetatane kom fram, vart det raskt konstatert at to hadde omkome i denne ulukka, seier politiets innsatsleiar på ulukkesstaden, Christian Meyer til NRK.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK