Hopp til innhold

Gruveselskap i full strid om fjelltopp

VEVRING (NRK): Eit område på storleik med 12 hustomter har utløyst konflikt mellom to gruveselskap. No skal Næringsdepartementet bestemme kven som får eige toppen av fjellet.

Synfaring på Engebøfjellet

SYNFARING: Dette er området på Engebøfjellet som begge gruveselskapa ønsker å eige.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Gruveprosjektet på Engebøfjellet har skapt sterke reaksjonar blant miljøaktivistar og lokalbefolkninga. Grunnen er dei 140 millionar kubikkmetera restmasse som skal dumpast i Førdefjorden.

No har striden flytta seg opp til toppen av Engebøfjellet.

Der kranglar to selskap om eigarskapet til eit område på storleik med 12 romslege hustomter.

På den eine sida står Nordic Mining, selskapet som har fått løyve til gruvedrift på fjellet.

Dei står mot Arctic Mineral Resources (AMR), eit selskap som dukka opp i 2018 med løfte om ikkje å dumpe restmasse i fjorden.

Kenneth Nakken Angedal, prosjektleiar i Nordic Mining.

EKSPROPRIASJON: Kenneth Nakken Angedal og Nordic Mining meiner dei har rett på området, gjennom driftskonsesjonen sin. No skal Næringsdepartementet avgjere saka.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Ein kamp om verdiar

Nordic Mining meiner toppen vil bidra til meir effektiv gruvedrift.

– Dette gjer vi for å få ut mest mogleg ressursar totalt, og for å effektivisere drifta vi planlegg, seier Kenneth Nakken Angedal, prosjektleiar i Nordic Mining.

Det er dei som no vil kjøpe området frå grunneigarane. Fem av dei som eig delar av fjellet høyrer til Arctic Mineral Resources.

Dei søker ein liten flik frå vår eigedom. Dei kan fint trekke søknaden tilbake og ha eit verdig tiltak på si side, seier dagleg leiar Tore Viana-Rønningen.

– Det er dessutan snakk om millionar av mineralar på vår grunn, legg han til.

Angedal i Nordic Mining er likevel klar i sin sak:

– Vi meiner driftskonsesjonen er tydeleg på kven som har fått rettigheitene til å utvinne ressursar i heile det området som er søkt på, seier han.

Dagleg leiar i Arctic Mineral Resources Tore Viana-Rønningen.

VERDIAR: Dagleg leiar i Arctic Mineral Resources, Tore Viana-Rønningen, vil ikkje gi slepp på det han meiner er store verdiar.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

– Krevjande avgjerd

Striden mellom dei to selskapa går tilbake til 2018. Då melde AMR seg på for å drive mineralutvinning i fjellet. Det ville dei gjere utan bruk av dagbrot og fjorddeponi.

Nordic Mining har hatt planar om å hente ut minerala rutil og granat frå fjellet i over ti år. Planen om eit deponi i Førdefjorden har vore omstridd.

Og no flyttar slaget seg til toppen av Engebøfjellet.

Det største gruveselskapet, Nordic Mining, vil tvinge konkurrenten og grunneigarar til å selje – gjennom ekspropriasjon.

Onsdag denne veka kom Næringsdepartementet på synfaring med mål om å få avgjort striden.

– Ekspropriasjon er alltid krevjande, så det er viktig for oss å få alle synspunkta og fatte heilskapen før vi kan ta ei avgjerd, seier Sigrid Dahl Grønnevet, avdelingsdirektør i departementet, og held fram:

– Det er vanskeleg å seie når avgjerd er klar for vi har mange saker inne no, men det vil i alle fall ikkje bli før på nyåret.

Sigrid Dahl Grønnevet, avdelingsdirektør i næringsdepartementet

PÅ BESØK: Sigrid Dahl Grønnevet, avdelingsdirektør i departementet, var i dag på plass for å få heile bildet før departementet tek ei avgjerd i saka.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK