Hopp til innhold

Ber om fengsel for alle dei tiltalte i gruppevaldtektssaka i Bergen

Saka som har skapt kaos i og utanfor rettsalen går mot slutten. – Dei har utnytta ei ung og sårbar jente for å ha sex med ho, sa aktor under rettens siste dag.

Statsadvokat Benedicte Hordnes

Aktor Benedicte Hordnes.

Foto: Marit Hommedal

I dag er det siste dag i den mykje omtala rettssaka, der totalt fem unge menn står tiltalt for seksuallovbrot mot tre unge kvinner i Bergen.

På grunn av kaos i både rettssal og sosiale medium har rettssaka blitt utsett, og Hordaland tingrett opna difor dørene 2. pinsedag.

Fredag var det prosedyrar i den første tiltalen som gjeld grov valdtekt av ei ung kvinne. I dag er det dei to siste tiltalane som står i fokus.

Tre menn står tiltalt for å ha hatt gruppesex med ei 15 år gammal jente. I tillegg er ein av dei tre tiltalt for å ha valdtatt ei kvinne då ho sov.

Dette ber aktor om at dei tiltalte blir dømt til:

  • Mann (23) tiltalt for grov valdtekt og seksuell omgang med barn under 16 år: Fem år og seks månadar i fengsel.
  • Mann (24) tiltalt for grov valdtekt: Fem år i fengsel.
  • Mann (26) tiltalt for grov valdtekt: Fem år i fengsel.
  • Mann (25) tiltalt for seksuell omgang med barn under 16 år: Eit år i fengsel.
  • Mann (25) tiltalt for seksuell omgang med barn under 16 år og sovevaldtekt: Tre år i fengsel.

Les også Alvorlig voldtektssak rullet opp: Mener ung kvinne ble lurt inn på rom og bundet fast

Bilde av hvitt belte som ligger på en pult

Tre år fengsel for sovevaldtekt

Mot slutten av rettsdagen var det tiltale nummer tre som stod i fokus.

Ein av dei fem mennene står tiltalt for å ha valdtatt ei kvinne då ho sov på ein fest.

Aktor la til grunn at den tiltalte 25-åringen burde dømmast til tre år i fengsel, for valdtekta og den seksuelle handlinga med jenta som var under 16 år.

25-åringen har heile tida nekta for sovevaldtekta.

Under prosedyren til forsvarar Ellen Eikeseth Mjøs la ho vekt på at det ikkje finst nokon fysiske eller tekniske bevis på at klienten hennar har forgrepet seg på kvinna.

– Kan ein vera sikker på at det verkeleg var tiltalte som kom inn på soverommet den kvelden? I mi meining kan han vera ein tilfeldeg utvalgt person frå den festen, sa Mjøs og ba om at 25-åringen skulle frifinnast.

Gruppevoldtekt Bergen - Advokat John Christian Elden og advokat Maria Hessen Jacobsen. Forsvarere i Hordaland tingrett.

Advokat John Christian Elden og Maria Hessen Jacobsen representerar to av dei fem tiltalte.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Sprikande forklaringar

Aktor Benedicte Hordnes, la dei sprikande forklaringane til dei tre tiltalte mennene til grunn då ho prosederte under rettssaka i dag.

– Forklaringane til dei tiltalte har endra seg frå då dei forklarte seg i avhøyr første gongen, til dei forklarte seg no, sa ho.

Blant anna drog ho fram forklaringa til ein av dei tiltalte, der han i avhøyr fortalde at han hadde hatt sex med jenta i senga saman med dei andre. Han fortalde ingenting om sex andre stadar i huset.

I retten fortalde han det motsette; at han ikkje hadde sex med jenta på soverommet saman med dei andre, men på badet, aleine.

Ein video av dei to nakne saman på badet har blitt brukt som bevis i saka.

Den sprikande forklaringa meiner aktor er bevis på at mennene ikkje snakkar sant og at dei har endra forklaring for å sleppe unna straff.

– Dei har henta ei ung, sårbar jente mitt på natta og utnytta ho til å ha sex med dei, sa aktor under prosedyren.

– Dei har hatt sex i fellesskap, det er det ingen tvil om, la ho til.

Ingen av mennene erkjenner straffskuld.

Tiltalte: Trudde ho var 16 år

Gjennom forklaringane til dei tiltalte og den fornærma har alder vore eit sentralt tema.

Visste dei tre mennene at jenta var under 16 år? Og gjorde dei nok for å finne ut av alderen hennar?

Dei tre mennene har forklart at dei trudde jenta var over 16 år. Ein av dei har også forklart at han spurte om legitimasjon før dei hadde sex.

– Det er ein underleg ting å spørje om, sa aktor under forklaringa til den tiltalte førre veke.

Ho legg legg til grunn at forklaringane til dei tiltalte heller ikkje her er truverdige, og at dei ikkje gjorde nok for å finne ut av alderen til jenta før dei hadde sex med ho.

Bistandsadvokat Ingrid Aksnes ba om mellom 100.000 - 150.000 kroner i oppreisningserstatning frå kvar av dei tiltalte.

Les også Aktor om gruppevoldtektssaken i Bergen: – De vet de oppnår den seksuelle omgangen med tvang

Statsadvokat Benedicte Hordnes

La fram «liggeliste»

Forsvarar til ein av dei tre tiltalte menna, Ellen Eikeseth Mjøs, var ikkje einig i aktor sin påstand om at klienten hennar hadde endra forklaring.

– Det er eg sterkt ueinig i. Han har ikkje endra forklaringane sine.

Ho la vekt på at den tiltalte alltid har holdt fast på at han meinte ho var 16 år då dei hadde sex.

Både ho, og forsvarar John Christian Elden, trakk fram «liggelista» til ein av dei tiltalte, der han hadde skrive namnet på jenta og årstalet 03.

– Det viser at dei har trudd ho var 16 år heile tida, sa Elden under prosedyren.

Forsvararane til dei tre tiltalte mennene meiner alle tre burde frifinnast.

Meiner 5 år er rett for gruppevaldtekt

På fredag prosederte aktor for tiltalen som gjeld grov gruppevaldtekt.

Tre menn står tiltalt for å ha saman valdteke ei ung kvinne på fest. Valdtekta skal ha vore valdeleg og grov.

– Dette skjer med høg intensitet, det skjer brutalt, sa aktor fredag.

Ho meiner dei tiltalte visste at dei oppnådde den seksuelle omgangen med tvang.

Derfor meiner ho at fem år er rett straff for dei mennene som står tiltalt.

I retten på ein helligdag

Siste dag i retten hamna på 2. pinsedag på grunn av forseinkingar.

Blant anna har tre hendingar i forbinding med rettssaka blitt meldt til politiet:

  • Spreiing av tiltalen med namn på dei tiltalte og dei fornærma på sosiale medium.
  • Ein video bergensartisten Kamelen delte på sine sosiale medium, der han snakkar til ein av dei tiltalte på ein butikk og blant anna spør om han «liker å valdta barn».
  • Plakatar med namn og adresse på dei tiltalte som vart hengt opp i bergensområdet.

Sorenskrivar Håkon Rastum i Hordaland tingrett seier det er sjeldan at rettssaker går føre seg på helgedagar.

– Det er svært uvanleg, for å seie det rett ut. Det skjer at me har rettsmøte på raude dagar, men det er fengslingar.

Siste rettsdag måtte skje i løpet av langhelga, blant anna fordi forsvarar John Christian Elden skal representera i ei anna sak i Høgsterett tysdag.

Høyr meir om saka i NRK-podkasten Oppdatert: