Hopp til innhold

Han vil bruka den finaste barten i Noreg til å få menn til å snakka om si psykiske helse

Halgeir Våge (42) er oppvaksen med at menn ikkje skal visa seg som svake. No tør fleire å snakka om psykiske problem enn før, ifølgje organisasjonar.

Halgeir Våge

Halgeir Våge har ein ungarsk keiserbart. Den gjekk heilt til topps i NM i fjor. Men under barten har det skjult seg mørke tankar.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

I dag, 1. november, går startskotet for årets «Movember»-aksjon.

Og no kan alle menn la barten gro med godt samvit.

Aksjonen skal nemleg samla inn pengar til forsking på spesielt testikkel og prostatakreft, og menn si psykiske helse.

– Menn er meir ukomfortable med å snakka om psykisk helse enn kvinner. Menn snakkar meir om overflatiske ting, seier Halgeir Våge.

Vestlendingen vart i 2022 kåra til noregsmeister i bart. Han har også delteke i verdsmeisterskap.

Men bak den flotte barten skjuler det seg ei tung bør.

Les også Kampen om mannen

Mann ved PC-en

Langt nede

Eit arbeidsopphald i eit borgarkrigsherja Libya gav han inntrykk som brann seg fast.

Angst, mareritt, og sjølvmedisinering vart resultatet. Til slutt fekk han diagnosen PTSD.

– Eg kunne drikka ei flaske sprit om kvelden om eg ikkje skulle på jobb dagen etterpå. Det var berre eit tidsspørsmål før det gjekk heilt gale, seier han i dag.

Heile to av tre som tek livet av seg er menn, viser ein rapport frå Folkehelseinstituttet.

Våge fekk profesjonell hjelp før det var for seint.

No har han lært seg dei verktøya som trengst for å takla livet.

Samstundes sit han igjen med eit inntrykk av at det er lang veg å gå før menn tør å opna opp om korleis dei verkeleg har det.

– I min generasjon er me opplærte til at me er svake om me slit med psykiske problem. Men eg håpar neste generasjon vert betre. Og Noreg er på veg i rett retning, seier han.

Les også Bilmiljøet redda livet til Aleksander (26): – Eg var på ein veldig mørk plass

Bilete av Aleksander Boge

Fann fellesskap med menn med skjegg

I tillegg til profesjonell hjelp, har Våge også fått god hjelp i fellesskapet Skjeggmennklubben.

Det er ei gruppe på Facebook med over 13.000 medlemmer.

Der er psykisk helse ofte er tema.

– Menn får ofte høyra, frå dei små, at dei må slutta å skrika, at dei må veksa opp, vera ein mann. Me får printa inn at det ikkje er viktig å snakka om kjensler, seier Ove Skjeggmann, visepresident i klubben.

Sjølv sat han med konkrete sjølvmordstankar då han fekk ein lapp om klubben, og kva dei kunne bidra med.

– Då fann eg ut at det slett ikkje berre var eg som hadde det vanskeleg, seier han.

Livet snudde, og no reiser Skjeggmann rundt kvar desember og spreier glede med skjegget på norske sjukehus.

Les også Aadne (25) grodde «movemberbart» – samla inn ein halv million kroner

Fitjar Bart, november

Fleire menn tek kontakt med Mental Helse

Movember-kampanjen starta i Australia for 20 år sidan, og i Noreg for tolv år sidan.

Mental Helse har gradvis merka ein auke i talet på menn som tek kontakt med hjelpetelefonar og via chat.

– Unge menn i dag er meir opne enn unge menn for 20 år sidan. Og dei som var unge for 20 år sidan, har også letta litt opp, seier landsleiar Ole-Marius Minde Johnsen.

– Samtidig ligg det nok ei genetisk frykt frå spesielt menn mot å dela korleis dei har det psykisk.

Landsleder i Mental Helse, Ole-Marius Minde Johnsen.

Landsleder i Mental Helse, Ole-Marius Minde Johnsen.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy

Også Rådet for psykisk helse meiner kampanjar som Movember har effekt, men at det framleis er ein lang veg å gå.

– For mange menn er det no enklare å vera opne, og noko mindre skam og tabu knytt til det å setja ord på kjensler, seier generalsekretær Tove Gundersen.