Hopp til innhold

Bilmiljøet redda livet til Aleksander (26): – Eg var på ein veldig mørk plass

Tre gonger så mange menn som kvinner tek livet sitt. Aleksander fann tilbake livsgløden i bilmiljøet.

Bilete av Aleksander Boge

MØRK UNGDOMSTID: Som ungdom ønskte Alexander Boge å forlata verda, men alt snudde då han fann seg til rette i bilmiljøet.

Foto: Erlend Skorpetveit Aga / NRK

– Eg var i kjellaren heile dagen, kvar einaste dag. Og det einaste eg gjorde var å grine.

Grov mobbing prega store deler av ungdomstida til Aleksander Boge frå Fjaler kommune på vestlandet.

Etter kvart vart tankane om sjølvmord stadig meir påtrengande.

Men før det var for seint fann han gneisten som skulle snu alt.

De tek feil. Eg skal visa dykk!

Aleksander Boge

Boge hadde nemleg ei glødande interesse for bil og motor. Ei interesse han delte med mange.

Fellesskapet han fann vart redninga for den unge motorentusiasten.

– Det tok lang tid å bygga meg opp att, men no er eg sterkare enn nokon gong.

Peder Kjøs

PÅ KARTET: Unge gutar si mentale helse er eit svært dagsaktuelt tema, noko blant anna NRK-serien «Rådebank» har bidratt til å setja på kartet, seier Peder Kjøs.

Foto: Kristoffer Myhre

Fellesskap er avgjerande

Unge gutar si mentale helse vart sett på dagsorden i NRK-serien «Rådebank».

– Serien belyser fleire viktige tema som mange unge skammar seg over. Dette fokuset kan gjera det enklare å snakka om tunge ting, har psykolog Peder Kjøs tidlegare uttalt.

Sentralt i serien er sjølvmord. I 2020 var talet på sjølvmord blant norske menn omtrent tre gongar høgare enn for kvinner. Det viser tal frå Folkehelseinstituttet.

Trenden har vore stabil i fleire år.

– Det å ha ei god mental helse er verdas viktigaste ressurs. Har du ikkje det, så fungerer ingenting lenger, seier Vebjørn Leite Olsen, sentralstyremedlem i Mental Helse Ungdom.

Han seier at det å tilhøyre eit fellesskap er blant dei mest avgjerande faktorane for ei god mental helse, både for unge og vaksne.

– Alle treng eit miljø der dei kan dela tankar om alt. Då er det irrelevant om miljøet er interessert i musikk, fotball, bil eller andre ting.

Bakgrunnen for serien er at kvar tiande mann har forstyrra kroppsbilete. At unge menn droppar i større grad ut av vidaregåande skole enn kvinner, og stadig fleire menn lever aleine.

Skuespillerne Maja Christiansen, Sjur Vatne Brean og Odin Waage snakker om synet på råning før og etter Rådebank.

TRE GONGAR: Eit sentralt tema i Rådebank er sjølvmord. I 2020 var talet på sjølvmord blant norske menn omtrent tre gongar høgare enn for kvinner.

Foto: Max Emanuelson

– Eg følte meg fri

Motorinteressa har følgt Boge heile livet, men då ungdomsskulen kom ville han ikkje å ta mopedlappen slik alle rundt han skulle.

Han ville vekk derifrå. Langt vekk. Då var ikkje mopedar med toppfart på 45 km/t godt nok.

Løysinga vart lappen for lett motorsykkel, som med kraftigare motor gav Boge moglegheita til å køyra på alle vegtypar i Noreg.

– På sykkelen følte eg meg fri på ein måte eg aldri hadde opplevd før. Eg kunne kopla heilt ut, og for ein gongs skuld hadde eg det kjekt.

Slik vart det også då Boge fekk seg bil. Då merka han at det var enkelt å bli kjent med andre bilinteresserte.

– Dei brydde seg ikkje om fortida mi, eller korleis eg såg ut. I staden for spurte dei kven eg var, og om køyretøyet eg hadde.

Dette vart som ei openberring for unge Boge, som i dag er lastebilsjåfør.

– Det var ikkje berre eg som var interessert i bil. Andre brann for det også. Alle var likestilte, og hadde ei felles interesse.

Dermed fann Boge den trygge plassen som han trong.

– Dei hjelpte meg å finna tilbake til meg sjølv, og det kjem eg alltid til å vera takksam for.

Bilete av Aleksander Boge

LYSARE TIDER: Etter ei mørk fortid er både smilet og livsgleda no tilbake. No gler Boge seg til å oppleva det resten av livet har å by på.

Foto: Erlend Skorpetveit Aga / NRK