Kvitt barberskum tyt ut frå ei lita flaske.
Det er desember. Tida har kome: No ryk barten.
På badet står Aadne Nesbø (25) og rakar vekk håra med barberkniv.
– Nokon blir glade for det. Det er ikkje alle som meiner at det ser så flott ut, seier han.
Saman med 19 kameratar starta han «Fitjar Bart» for fem år sidan. Kvart år sidan har dei samla inn pengar under «Movember».
Og bart har vist seg å vera god butikk på Fitjar.
I år har dei samla inn nesten 160.000 kroner – det største norske enkeltbidraget til Movember i år.
På fem år har den samla summen passert ein halv million.
Aadne Nesbø (25) med og uten «movemberbart».
Eli Bjelland / NRK– For at menn skal bli litt gladare
Pengane har dei samla inn ved å arrangera kviss og konkurransar med familiar, vener, kjende og lokale bedrifter.
Alt går til den internasjonale stiftinga «Movember», og arbeidet deira for å fremma helseproblem som menn slit med.
– Det er for at me menn skal vera litt gladare, litt lykkelegare og leva litt lenger, seier Jøran Helland Aleksandersen (27), ein av dei nyaste medlemane i bartegjengen.
At det har funnest eit slikt engasjement lokalt, har betydd mykje for 27-åringen. Han sleit sjølv med vonde tankar i tolv år, før han torde å snakka om dei.
– Eg såg at det var fokus på det, også i mitt lokalsamfunn. Då visste eg at uansett kva eg sat inne med, så ville det bli akseptert. Det er det det handlar om, å tora.
Han håpar at fokus på menn si helse kan hjelpa fleire til å tora å snakka om det, om dei har det vanskeleg.
– Å sleppa den kula i magen, plutseleg kan du pusta litt djupare, ting luktar betre og du føler alt mykje meir. Det er alltid verdt det, seier han.
BARTEGJENG: Denne unge gjengen frå Fitjar gror bart for å fremme mannehelse.
Foto: Eli Bjelland / NRK– Håpar folk vågar å opna seg
I Fitjar kommune bur det berre 3000 personar.
– På mindre plassar er det endå vanskelegare å koma ut med det ein sit inne med, tenkjer eg. Når me set fokus på det på ein så liten plass, håpar me at folk skal våga å opna seg og våga å oppsøkja legen om det er noko dei føler på, seier Ruben Træet i Fitjar Bart.
I tillegg til psykisk helse, går også pengane som blir samla inn til «Movember» til støtte for dei som blir ramma av testikkel- og prostatakreft.
I fjor fekk 35.515 menneske i Noreg kreft. 19.223 av dei var menn.
Sjølv om det er ei overvekt av menn blant kreftdiagnostiserte, opplever Kreftforeningen at menn i mindre grad enn kvinner oppsøkjer dei for støtte og rådgjeving.
– Det tenkjer me kanskje at handlar om haldningar. Det er viktig å oppmoda menn til å snakka saman, eller med nokon om dei utfordringane dei har, seier distriktsleiar for Kreftforeningen i Vestland, Geir Vangsnes.