Hopp til innhold

Turgåaren gjekk usikra over hengebru 750 meter over fjorden – så gjekk han same veg tilbake

Den danske mannen var på veg nedover den stupbratte Via Ferrata-ruta i Stryn – utan sikring. Då han møtte eit turfølgje festa med sele og karabinkrokar til fjellsida, må han ha forstått at det han dreiv på med var livsfarleg.

Dansk turist har gått usikra over Gjølmunnebrua i Loen - må gå same veg tilbake

STUPBRATT: Den danske mannen, truleg i 50-åra, står her på enden av Gjølmunnebrua (heilt til venstre i bilete), etter å ha gått over den usikra. For å kome ned hit har han gått i eit bratt og krevjande terreng. Etter at Haugen tok dette bilete gjekk mannen tilbake over brua – også då heilt utan sikring.

Foto: Kjartan Haugen

– Glepp du der, så går det gale. Du har ikkje ein sjanse, seier Kjartan Haugen som fredag tok bilete av den danske mannen på veg over Gjølmunnebrua i Loen.

Den usikra turgåaren er omtalt i VG og avisa Firda, og fotografen frå Hordaland forstår godt at folk slår auga opp når dei ser bilete.

– Eg måtte fram med kameraet mitt og telelinsa, og zoome inn for å sjå om han verkeleg gjekk utan klatreutstyr og sikring, og det gjorde han, seier Haugen til NRK.no.

Snudde då han møtte folk

Den 120 meter lange hengebrua som festa over eit brådjupt juv, 750 meter over fjorden, har blitt svært populær. Folk frå heile verda kjem for å prøve den luftige klatreruta og oppleve den spektakulære utsikta.

Loen skylift

GONDOLBANE TIL TOPPEN: I mai i år opna gondolbana Loen Skylift, som går heile nede frå fjorden og opp til fjelltoppen Hoven. Det går også ein bilveg opp og ned fjellet.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Det dansken må ha misforstått er at klatreruta berre er tenkt brukt frå botnen av fjellet og opp. Og det med profesjonelt sikringsutstyr.

I vår opna ei gondolbane som går frå fjorden og opp til toppen av fjellet Hoven. Mange meiner den har ført til at endå fleire prøvar seg på klatreruta, fordi dei kan ta bana ned att.

Haugen trur mannen har teke gondolbana opp til toppen, før han bestemte seg for å gå ned att. Sjølv starta Haugen nedanfrå tidleg om morgonen, og då han i 11-tida kom til Gjølmunnebrua såg han den usikra mannen kome imot.

– Då mannen kom over hengebrua såg han meg og nokre andre kome i fullt klatreutstyr. Då må han ha skjønt at dette ikkje var så lurt. Han har nok gått ned dit utan å møte folk, sidan det var så tidleg på dagen, seier Haugen til NRK.no.

Den danske mannen i 50-åra må etter kvart ha forstått at han ikkje kunne fortsette vidare nedover, men for å kome seg opp att til toppen gjekk han tilbake over Gjølmunnebrua – også då usikra.

Dansk turist på veg over Gjølmunnebrua 750 moh, - utan sikring

FORSTÅR IKKJE RISIKOEN: Fotograf og ivrig friluftslivsmann Kjartan Haugen meiner bilete av den danske turisten som går usikra over hengebrua er eit eksempel på utanlandske turistar som ikkje forstår risikoen i norsk natur. – Han verka hyggeleg, men eg trur ikkje han forstod kva dette gjekk ut på, seier Haugen som berre veksla eit par ord med mannen.

Foto: Kjartan Haugen

Vil vurdere skilting

All ferdsel i Via Ferrata-stien i Loen er på eige ansvar. Loen Active leiger ut klatreutstyr og tilbyr guida turar.

Det finst i dag ingen skilt på toppen av Hoven som seier at det er forbode å gå klatreruta nedover.

Dagleg leiar Erik Brendefur seier til NRK at det er første gong på seks år at nokon har gjort den den danske turisten gjorde.

- Dette er eit ope anlegg, som er ope for kven som helst. Skilt på toppen er noko vi må vurdere. Men når folk ser ein vaier, så burde dei skjønne det. Ein skal bruke Via Ferrata-klatreutstyr når ein går ein Via Ferrata, og retninga er oppover, ikkje nedover.