Hopp til innhold

Dette lokkar heile vegen frå Kuwait

Etter at eit turfølgje frå Kuwait vart sitjande fast 600 meter opp Via Ferrata Loen, har fleire frå Saudi-Arabia og Kuwait tatt turen for å gå den luftige klatreruta.

Hengjebrua

LUFTIG TUR: Heile vegen frå Kuwait og Saudi-Arabia tatt turen for å teste ut Via Ferrata Loen.

Foto: Jan Heggheim

– Vi hadde ein uheldig episode eit par dagar før Skåla opp, då nokre frå Kuwait gjekk seg fast oppe i Via Ferrata. Etter det veit eg ikkje kva som har skjedd, for det kjem fleire gjestar frå land som Kuwait og Saudi-Arabia, seier dagleg leiar i Loen Active, Erik Brendefur.

Det var i sommar eit turfølgje frå Kuwait måtte bruke natta på Via Ferrata i Loen. Turfølgjet sat fast på om lag 600 meters høgde, og etter fleire nattetimar fekk ei redningsgruppe berga dei ned i tryggleik.

Etter redningsaksjonen har Brendefur merka seg fleire gjestar frå Kuwait og Saudi-Arabia.

– Det er litt spesielt. Eg skjønar ikkje heilt kvifor, men det verkar sånn. Det kan jo vere noko presse etter redningsaksjonen, men sannsynlegvis tek dei vel berre tilfeldigvis turen til Noreg, ler Brendefur.

Lågare besøkstal

Initiativtakar Erik Brendefur

MINDRE ENN FJORÅRET: Færre har besøkt Via Ferrata enn rekordåret 2015, men dagleg leiar i Loen Active, Erik Brendefur, seier seg likevel nøgd.

Foto: Anne Rudsengen

Nær 6000 har kasta seg ut i luftige svev over Via Ferrata i Loen fram til no, noko som er færre enn på same tid i fjor. Sesongen varar til 1. november.

– Vi er stort sett nøgd med sesongen. Det nærmar seg besøkstala for 2015, men vi ligg litt under det vi hadde i fjor, seier Brendefur.

Fleire av gjestane brukar guide for å nå opp majestetiske Hoven på 1010 m.o.h.

– Vi nærmar oss 2900 gjestar med guide, 1500 til 1600 har leigd utstyr, og eit par tusen som har hatt med eige utstyr, seier Brendefur.

Brendefur trur ein sommar med meir regn og vind, enn sol og høge temperaturar, har påverka besøkstala.

– Målet er å vere betre enn fjoråret, og det greier vi mest truleg ikkje. Det er uansett eit høgt prosenttal, men vi har ikkje hatt det beste vêret med ein del regn. Då utset folk turen, men alt i alt nærmar vi oss bra nøgd.

Byggar truleg nytt til neste år

Sommaren 2015 var eit rekordår for Via Ferrata Loen.

– Etter ein veldig flott sommar i 2014, tenkte vi at vi aldri ville få så mykje folk igjen. Likevel hadde vi ei auke på 50 prosent i fjor, seier Brendefur.

Mykje av grunnen til den store veksten under fjoråret, meiner Brendefur skuldast nye ruter.

– Vi bygde ei ny rute og Gjølmunnestrengen. Det førte nok til ein del fleire gjestar i fjor.

Den nye wirebrua Gjølmunnestrengen tilknytt Via Ferrata i Loen.

Kor viktig er det å fornye seg?

– Anna kvart år må vi nesten bygge nye ting, så vi har litt planar for neste år. Då kjem pendelbana i Loen, men vi har tankar om at vi skal bygge litt nytt inne i Via Ferrata Loen, avsluttar Brendefur.