Hopp til innhold

Kommunen delt i to - veit ikkje når Gudvangatunnelen opnar

AURLAND (NRK): Sundag føremiddag er geologane til Statens vegvesen i gang med å vurdere skadane i Gudvangatunnelen etter brannen i går.

Granskar Gudvangatunnelen etter brannen

TUNNELBRANN: Geologar frå Statens vegvesen og havarikommisjonen skal undersøke brannen i Gudvangatunnelen natt til laurdag.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Arbeidet vart laurdag kveld utsett på grunn av at det framleis var høg temperatur i fjellet.

– Når geologane har fått tatt si vurdering får vi ei betre oversikt over kva som må gjerast. Vi må blant anna sikre fjellet og ta ned det som er laust før vi kan byrje på sjølve oppryddingsarbeidet, seier Svenn Egil Finden, som er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Statens vegvesen finn omfattande skadar på Norges nest lengste tunnel etter vogntogbrannen.

Statens vegvesen finn omfattande skadar på Norges nest lengste tunnel etter vogntogbrannen.

Natt til laurdag tok det til å brenne i eit vogntog som køyrde i ei kolonne på fire gjennom Gudvangatunnelen. 33 personar blei evakuert og fire personar blei sende til sjukehus. Føraren av ledebilen i har i ettertid fått ros for jobben ho gjorde med å berge folk ut av tunnelen.

Sjekkar tunneltak

GRANSKAR: Her sjekkar dei tunneltaket for skadar etter brannen.

Foto: Tore H Medgard, statens vegvesen

Delt kommune

På grunn av at Gudvangatunnelen er stengd etter brannen er Aurland kommune no delt i to. Det skapar utfordringar, seier ordførar Noralv Distad (H).

– Vi jobbar no blant anna med å finne løysingar for skuleelevane og borna frå Gudvangen som skal i barnehage. Vi har og eigne tilsette som bur i Gudvangen og som jobbar i kommunen, seier Distad.

Han ventar no spent på svar frå Statens vegvesen om kor lenge tunnelen vert stengd denne gongen.

33 personer ble evakuert og fire personer ble sende til sykehus etter at et vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til lørdag.

DRAMATISK: 32 personar vart evakuerte då vogntoget tok fyr. (FOTO: VOSS BRANNVESEN)

Vil hente ut vogntog

Medan geologane jobbar med å sikre vegen inn til vogntoget, konsentrerer mannskap frå Staten havarikommisjon seg om å undersøke skadane på tunnelen.

Per Olav Hetland, havariinspektør i Statens Havarikommisjon

MÅ SIKRAST: Per Olav Hetland, som er havariinspektør i Statens Havarikommisjon.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Det vi har sett så langt er mykje sotskadar. Det elektriske anlegget må sikrast slik at det vert trygt å jobbe her, seier Per Olav Hetland, som er havariinspektør i Statens Havarikommisjon.

Han har til no berre sett bilete av det utbrende vogntoget.

– Det ser ut til å vere å vere heilt utbrent, så vil prøve å få henta det ut på ein så skånsam måte som mogleg, seier Hetland.

Når det kan skje er førebels uvisst.

Statens Havarikommisjon har alt varsla at dei vil sjå nærare på problemstillingar knytt til tunnelarbeid og trafikkavvikling.

Vil ha gransking

Brannen natt til laurdag var den tredje alvorlege brannen i Gudvangatunnelen på seks år.

I 2013 vart kring 70 personar sendt til sjukehus då ein lastebil byrja å brenne på dagtid. To år seinare vart 37 personar evakuerte, og fire personar alvorleg skadde då ein turistbuss byrja å brenne.

Til Bergens Tidende i dag seier Distad han no vi l ha ei gransking av brannane.

Noralv Distad i Gudvangen

VIL HA GRANSKING: Noralv Distad (H) er ordførar i Aurland.

Foto: NRK

– Det kan sjølvsagt vere tilfeldigheiter, men vi har tre brannar på seks år. Vi veit at det er sterk stigning i Flenjatunnelen, ein av dei andre tunnelane på strekka, og mange spør seg om det kan ha ein samanheng, seier Distad til NRK.

I dag er havarikommisjonen på plass for å gjere eigne undersøkingar etter brannen i Gudvangatunnelen natt til laurdag.

– Dei skal undersøke både køyretøyet som har brann , men og undersøke om sikkerheitssystemet i tunnelen har fungert, seier Finden.

– Når både politi, havarikommisjonen og Statens vegvesen gjer undersøkingar så er eg oppteken av at ein og skal sjå på om det er likskapstrekk mellom dei tre brannane og om det er tiltak som kan settast i verk, seier Distad.