Hopp til innhold

Sandra berga sjåførar og arbeidarar frå brannen i Gudvangatunnelen

AURLAND (NRK): Resolutt innsats frå Sandra Helland kan ha berga liv då det natt til laurdag tok til å brenne i eit vogntog i den 11 kilometer lange Gudvangatunnelen.

Sandra Helland

TUNNELHELT: Sandra Helland køyrer ledebil i Gudvangatunnelen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Vakthavande brannsjef i Voss brannvesen, Arnfinn Halrynjo, seier brannen kunne gått langt verre utan ein snarrådig førar av bilen som leia kolonnen gjennom tunnelen.

Ho gjorde ein kjempeinnsats. Ho varsla om brannen, tok med seg føraren av bilen og køyrde ut med ein trailer bak seg. På vegen fekk ho varsla dei kring 30 personane som var i tunnelen, seier Halrynjo.

– Vi gjorde ein god jobb. Eg stolt av både meg sjølv og alle dei som var på jobb i tunnelen då dette skjedde, seier Sandra Dalebø.

Dramatikken

I natt køyrde 23-åringen som vanlege ledebil for Sogn Vegtjeneste, slik ho har gjort dei siste tre åra. Om lag halvannan kilometer inne i Gudvangatunnelen skjønte ho at avslutninga på vekeskiftet kom til verta alt anna enn vanleg.

– Eg såg lastebilen bak meg byrja å blinke kraftig. I spegelen såg eg flammane, seier Helland.

Ho stogga då bilen og sprang til næraste naudskåp og fekk varsla om brannen, før ho tok med seg føraren av lastebilen i sin bil.

33 personer ble evakuert og fire personer ble sende til sykehus etter at et vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til lørdag.

DRAMATISK: 32 personar vart evakuerte då vogntoget tok fyr. (FOTO: VOSS BRANNVESEN)

Varsla andre

Tunnelen er under oppgradering i forhold til tunnelsikringsforskrifta. Arbeidet har allereie gått over lang tid og skal etter planen vere ferdig neste år. Då det braut ut brann i vogntoget i natt var det 26 personar på jobb.

– På vegen ut fekk vi og varsla alle arbeidarane i tunnelen slik at dei kom seg ut, seier Helland.

Til alt hell bles viftene i tunnelen røyken frå brannen i motsett retning av det dei køyrde. Helland prisar seg lukkeleg over at det i natt var mindre trafikk enn vanleg og berre fire vogntog i kolonnen.

– Hadde vi vore uheldige så hadde kolonnen vore mykje lenger. Det brukar å vere ein del trafikk der, seier Helland.

Er budde

I Gudvangatunnelen har det tidlegare vore to større brannar tidlegare. I 2013 vart kring 70 personar sende til sjukehus då det tok til å brenne i lastebil. To år seinare vart 37 personar evakuerte, og fire personar alvorleg skadde då ein turistbuss byrja å brenne.

Sjølv har 23-åringen ikkje vore med på noko slikt tidlegare, men seier det er noko dei er budde på kan skje.

– Det er sjølvsagt noko vi fryktar, men vi har både evakueringsplanar og planar for korleis det skal gjerast. Det har vi gått i gjennom så det fungerte svært bra. Men sjølvsagt er det noko heilt anna når du plutseleg står midt oppe i det.

No ser ho fram til ei veke fri før ho er attende bak rattet i ledebilen

–Eg har ikkje latt meg skremme. No skal eg ha friveke, men etter den er det på an igjen, seier Helland.