Hopp til innhold

Geir og Hendrik gjekk over tre isbrear i éin jafs: – Vil ikkje anbefale andre å gjere det

Ekstreme langturar har vorte ein trend. Geir Orrestad og Hendrik Lapp gjekk rundt heile Fjærlandsfjorden utan å stanse.

Kl. 2 over Supphellabreen

SUPPHELLANIPA: – Eg er glad for opplevinga, men vil ikkje anbefale den til nokon andre, seier Geir Orrestad.

Foto: Geir Orrestad / Privat

På nordsida av Sognefjorden stikk Fjærlandsfjorden opp som ein torne inn mot Jostedalsbreen.

Denne veka har skiløparane Geir Orrestad og Hendrik Lapp gått rundt heile fjorden i éin jafs.

Frå Bøyabreen til Flatbreen og så vidare til Supphellabreen.

Opp og ned.

10.000 høgdemeter.

Dag og natt.

– Eg er glad for opplevinga, men vil ikkje anbefale den til nokon andre, seier Orrestad.

Krevjande vêrforhold, mykje snø og for lite raske karbohydrat i sekken gjorde turen meir strabasiøs enn dei hadde rekna med.

– Det er verkeleg nokre timar der ein er langt nede og det ikkje berre er sol og flotte fjell rundt, seier Orrestad.

Planen var å kome rundt på 24 timar. I staden tok det 30 timar.

Ekstreme langturar har vorte ein trend. Geir Orrestad og Hendrik Lapp gjekk rundt heile Fjærlandsfjorden i ein jafs.

– Må vere mentalt førebudd

– Sinnssjukt imponerande, seier Sigurd Nordeide-Felde.

I 2016 var han fyrste menneske i verda til å klive opp på Pawar Himal i Himalaya, 6621 meter over havet.

Sondre Kvambekk, som jobbar som fjellførar, er like imponert.

– Utfordrande snøforhold og sikt gjør dette til ein ekstra imponerande prestasjon, seier han.

Og legg til:

– Mi erfaring frå slike langturar er at du må vere godt mentalt førebudd. I tillegg er det viktig å vere nøye med mat- og væskeinntak undervegs. Slurver du med dette, får du ein tung avslutning.

Trend med ekstreme langturar

Ettersom toppturar har vorte ein dille blant «folk flest», vil andre ta det eitt skritt lenger.

Slik har ein ny trend dukka opp: ekstreme langturar.

Firda skreiv i fjor om to kompisar som gjekk Jølstravatnet rundt på 17 timar.

I fjor sprang Kilian Jornet på 23 fjelltoppar på under eitt døgn.

I mars sette Anders Aukland ein «uslåeleg rekord» då han gjekk 700 kilometer på ski.

– Eg er mørbanka, sa han etterpå.

– Vi får håpe det inspirerer folk til å halde seg i aktivitet, utan at folk elles trenger å vere så ekstreme, sa NRKs friidretts- og langrennskommentator, Jann Post.

Joar Thele (t.v.), Anders Aukland og Jørgen Aukland etter målgang

REKORD: I mars sette Anders Aukland ein «uslåeleg rekord» då han gjekk 700 kilometer på ski.

Foto: Privat

Lyset i overgangen frå natt til soloppgang

Symptomatisk nok var Orrestad og Lapp ikkje åleine om den krevjande turen i helga.

Asbjørn Klagegg Forland og nokre kompisar vart overraska då dei såg spor framføre seg i starten og slutten av turen.

Dei forstod då at deira eigen tur rundt fjorden berre var for ein slags «Fjærlandsfjorden rundt – light» å rekne.

– Kva var finast? Lyset i overgangen frå natt til soloppgang og nedkøyring i fin snø, seier Forland til NRK.

Turen deira starta klokka tre om natta.

Marino Ask er tidlegare leiar i Sogn og Fjordane turlag.

– 30 timar på ski i så eksponerte fjell føreset rette vurderingar i høve snø og ruteval, seier han.

Minne for livet

Orrestad er ikkje sikker på kva neste utfordring skal bli, men gler seg til rolegare turar rundt Sogndalsdalen, ei rute han har gått meir enn ti gonger tidlegare.

– Eg skal ta det litt med ro og satse på ein litt enklare tur, seier han.

LES MEIR: Jornet er verdas beste fjellaupar: – Frykta held meg i live