Hopp til innhold

Interessa for toppturar med randonee-ski tar heilt av: – Folk flyktar ut i naturen

Sjølv om utstyret er kostbart, vil stadig fleire gå toppturar med randonee-ski på beina. – Folk har ikkje reist like mykje som før, og kan investera i ski, seier butikkeigar.

Smitteverntiltak, restriksjonar og heimekontor pregar kvardagen til mange nå. Koronapandemien kan vere éin av årsakene til at toppturar treff så godt, meiner Åge Fjellheim Midthun.

– Du får ein kombinasjon av spenning, leik og kos. I den tida vi er inne i nå, skjer det nesten ei flukt ut i naturen. Der kan ein jo til ei viss grad treffe andre, seier Midthun, som har stått på ski store delar av livet.

Både forhandlarar, turistforeininga og skifolk ser det same: I vinter har interessa for randonee-ski tatt heilt av. Og det er framleis gode forhold for toppturar, sjølv etter påske.

– Eg har alltid hatt ei dragning mot å komme meg opp på ein topp. Det gir meg både ein følelse av fridom og eit høve til å tenka gjennom kor liten ein er i noko stort, seier Midthun.

Topptur på Storaheinuten

Det er turen opp som gir høgast puls. Her er ein gjeng randonee-entusiastar på veg opp til Storaheinuten i Hunnedalen.

Foto: Privat

Både turgåing og slalåm i eitt

Helene Vågsvoll har kasta seg på randonee-trenden. I februar bestemte ho og venninna Gunhild Gaara seg for å prøva seg for første gang.

– Det er beintungt. Pulsklokka mi var i raud sone i nesten fire timar. Men det var òg ei utruleg flott oppleving, fortel Vågsvoll.

Gunhild og Helene på Randonee

Det vart ein flott tur då venninnene Helene og Gunhild prøvde seg på Randonee.

Foto: Helene Vågsvoll

Så i staden for nye slalåmski, vart det randonee. Eit val ho ikkje angrar på.

– Eg er utruleg glad i norsk natur, og fjellturar. Eg har òg stått mykje på slalåm opp gjennom åra, og randonee vart ei god blanding av begge to, seier ho.

No er ho svolten på meir, og det blir truleg fleire toppturar med randoneeskia på beina.

– Sesongen startar jo først no. Så då er det berre å komma seg ut.

Salet har skote i vêret

Denne sesongen har sportskjeda XXL seld 50 prosent meir topptur-utstyr enn førre sesong.

Presserådgiver Andreas Nyheim i DNB.

Kommunikasjonsdirektør i XXL, Andreas Nyheim, fortel at salet har tatt heilt av i vinter.

Foto: DNB

– Vi såg at interessa for toppturar kom veldig for fem-seks år sidan. Så flata det litt ut i fjor, før det tok heilt av igjen i vinter, seier kommunikasjonsdirektør Andreas Nyheim i XXL.

Han peikar på ein kald og snørik vinter fleire plassar i landet som ein årsak.

– I tillegg er fleire aktivitetar stengd som følge av pandemien. Det gjer at folk vel naturen.

Hos den 85 år gamle bedrifta Hetland Sport i Sandnes har dei aldri seld fleire ski enn denne sesongen: 1500 par ski på ein vinter er ny rekord. Salet av randonee-ski har aleine auka med 60 prosent.

– Interessa for randonee og toppturar er ekstremt stor. Nå vil alle prøva seg, ikkje berre dei som alltid har gått mykje på ski, seier eigar Anders Grønsund.

Han trur fleire har litt ekstra pengar på grunn av pandemien.

– Dei har ikkje reist like mykje som før, og kan investera i skiutstyr.

Kostbart utstyr

Også turistforeiningane merker at randonee er populært. Christian Lønseth i Stavanger turistforening seier interessa har tatt av dei siste to til tre åra.

– Både ungar og den eldre garde har begynt. Ulempa er at randonee er dyrt. Men det er fullt mogleg å kjøpe brukt eller leige utstyr, seier han.

Lønseth trur utstyret er blitt enklare å bruke, og at det dermed passar for fleire.

– Folk vil ha ei utfordring. Dei vil ikkje berre ta heisen opp til toppen og køyre ned. Og så er det sjølvsagt trendy å vere sporty ute i naturen, seier han.

Over 40 toppturar i år

Ronny Hauge har så langt vore på over 40 toppturar med randonee-ski. På Facebook-sida hans Saudaguiden legg han jamleg ut tips til gode turar, og arrangerer eigne guida turar.

– Skal du ut med randonee-ski, så får du ein rein topptur. Det er inga løype eller oppkøyrt terreng, så du får ei spesiell oppleving, seier Hauge.

Topptur på Storaheinuten

Ein fornøgd gjeng etter å ha nådd toppen på Storaheinuten. F.v.: Tommy Listøl, Kristin Alne, Kjetil Håheimsnes, Erik Lunde og Ronny Hauge.

Foto: Privat

Samtidig må ein vera førebudd viss ein skal dra ut på randonee-tur.

– Du må vera glad i tre ting. Ein god treningsøkt på veg opp, ei fantastisk utsikt på toppen, og du må like skirenn i fritt terreng. Manglar du éin av dei, kan du like gjerne velja fjellski, seier Hauge.