Hopp til innhold

Sprang oppom alle totusenmetertoppane i ein jafs

Utstyrt med kart, litt vatn og energigel sprang «verdas beste fjellaupar» oppom alle totusenmetertoppane i Hurrungane. Utan å ha vore der før.

Kilian Jornet

BEST I VERDA: Kilian Jornet (32) har vunne verdsmeisterskapet i fjellrenn seks gonger, og har den raskast kjende tida opp og ned fjell som Mont Blanc og Matterhorn.

Foto: Roy Kenneth S. Jacobsen, NRK

I Hurrungane i Sogn og Fjordane er det 23 toppar som er på over 2000 meter.

Førre veke bestemte Kilian Jornet, som er busett i Rauma i Romsdal, seg for å klive opp på alle samen – i ein jafs.

Den 32 år gamle katalanaren er godt kjent. Han har vunne verdsmeisterskapet i fjellrenn seks gonger, og har den raskast kjende tida opp og ned fjell som Mont Blanc og Matterhorn.

New York Times har kåra han til den største uthaldsutøvaren i generasjonen sin.

– Sjølv om Hurrungane berre er tre timar heimanfrå, hadde eg aldri funne tid til å gå der, skriv han på Facebooksida si, som har nesten 850.000 følgjarar.

Utstyrt med kart, ein halvliter vatn og 15 pakker med energigel parkerte han bilen på vestsida av fjellkjeda, sykla austover, gøymde sykkelen og starta å springe tilbake mot bilen.

20 timar og 45 minutt seinare hadde han kome gjennom 7.500 høgdemeter fordelt på 60 kilometer.

Store Styggedalstinden. Ein av toppane i fjellområde Hurrungane i Sogn og Fjordane.

KREVJANDE: – Ein skal vere i god form, gjere gode førebuingar og ha gode marginar for både klyving og klatring for å gjennomføre dette på ein forsvarleg måte, seier Sondre Kvambekk om terrenget i Hurrungane.

Foto: Sondre Kvambekk

– Ingen kan klare det same

– Ein heilt eineståande prestasjon, seier Marino Ask, tidlegare leiar i Sogn og Fjordane turlag.

– Eg kan ikkje sjå at nokon kan klare det same.

Marino Ask

EINESTÅANDE: – Ein heilt eineståande prestasjon, seier Marino Ask, tidlegare leiar i Sogn og Fjordane turlag, når han får høyre om turen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Det må i så fall vere Jornet sjølv, seier Sigurd Nordeide-Felde, som jobbar som tindevegrettleiar i Nortind.

– Det som er spennande no, er kor langt ned han kan presse denne tida, for alt var jo «on sight» sidan han ikkje har vore her før. Det setter jo prestasjonen i eit heilt vanvitig perspektiv, seier han.

– Kan presse tida under 15 timar

Klatrar og tindevegrettleiar Nils Nielsen er spent på kor mykje Jornet kan presse ned tida om han skulle prøve igjen.

– Om han verkeleg går inn for det, er eg overtydd om at han kan gjere turen på under 15 timar, kanskje fortare, seier han.

Nils Nielsen

15 TIMAR: Klatrar og «mountainguide» Nils Nielsen er spent på kor mykje Jornet kan presse ned tida om han skulle prøve igjen.

Foto: Privat

Bestenoteringa til Nielsen i Hurrungane er den gongen han brukte rett under tre timar på Skagastølsryggen, med Turtagrø som start- og endestad.

– Men etter Kilian-standard er det ganske amatørmessig. Han kan sikkert klare det på under to timar, men då må han verkeleg sette fart.

– Ei ære å bli kopiert

Men den 170 centimeter høge Kilian Jornet, som vaks opp i ei fjellhytte i Pyreneane, er ikkje den fyrste til å gjennomføre «Hurrungane 2K maraton».

Førstemann var fjellføraren Sondre Kvambekk, som sprang opp på dei 23 toppane i 2014.

På berre 19 timar og 3 minutt. Ein prestasjon som Jornet viste til i statusoppdateringa si.

– Ei ære at verdas desidert beste fjellspringar har repetert turen, seier Kvambekk.

Sondre Kvambekk er fjellførar og har sjølv besteget Hurrungane sine 23 totusenmeterstoppar på under 24 timar.

IMPONERT: – Det er ein vanvitig prestasjon, seier fjellføraren Sondre Kvambekk om Kilian Jonert som kom seg opp alle dei 23 toppane i Hurrungane på berre 20 timar og 45 minutt.

Foto: Privat

Forskjellen er at Kvambekk, som held til i Sogndal, brukte eitt år på å førebu seg til turen, medan Jornet nærast sprang opp etter innfallsmetoden. Jornet hadde dessutan eit anna start- og sluttpunkt, som gjorde at turen varte lenger.

– At han gjennomfører turen på omtrent same tid er vanvitig imponerande, men ikkje overraskande. Han er i ein eigen liga. For han er dette kanskje meir eller mindre ein søndagstur.

Kvambekk seier at dei som vil prøve seg ikkje berre må vere i god form, men også ha ferdigheiter innan klyving og klatring.

– Dersom ein snublar her, så kan det vere katastrofalt fleire stader.