Hopp til innhold

Gasslekkasjen aukar presset for å stenge russiske fiskarar ute

Eksplosjonane i Austersjøen aukar presset for at regjeringa må droppe unntaket som gjer at russiske fiskefartøy har tilgang til norske hamner.

Det russiske fiskefartøyet Borey

BOREY: Det russiske fiskefartøyet Borey kan framleis legge til kai i Noreg.

Foto: Kystvakten

Fleire på Stortinget tek til orde for å sjå på det omstridde fiskefartøy-unntaket med nye auger.

Bakgrunnen er eksplosjonane ved gassrøyleidningane i Austersjøen, der mistanken er kasta på Russland, som avviser at dei står bak nokon sabotasje.

Det må takast ein ny vurdering. Den siste utviklinga viser at det er all grunn til å vera på alerten i forhold til all russisk aktivitet, seier stortingsrepresentant for Hordaland, Liv Kari Eskeland (H).

Utanrikspolitisk talsperson Ine Eriksen Søreide (H) uttalte i april at det er «rett at vi gjer dei unntaka som er nødvendig sett frå Noregs posisjon». Men ho har sidan etterlyst svar frå regjeringa på «kva slags kontroll som vert gjennomført av russiske fiskefartøy for å sikre at dei ikkje er utstyrte for militære formål».

Sist i Debatten på NRK tysdag kveld (sjå under).

I ein kronikk i avisa iTromsø skriv Høgre-representant Erlend Svardal Bøe at regjeringa «ikkje må vere naiv», men ta «ei ny og rask vurdering av om Noreg framleis skal ha dette unntaket når vi veit kva trussel russiske fiskefartøy kan utgjere mot kritisk infrastruktur.»

Tal frå Kystverket viser at det i fjor var 978 anløp fra russiske fiskefartøy i norske hamner.

OPPDATERING: Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) seier til NRK torsdag morgon at han «følgjer utviklinga nøye», men at han per i dag «ser ingen grunn til å snu i dette unntaket». Han grunngjev synspunktet med at «berekraftig forvaltning er heilt grunnleggjande for regjeringa», og viser til kollapsen i sildestammen på 60-talet og torskekrisa på 80-talet.

Regjeringen antyder at det kan være sabotasje

Mystiske hendingar i norske farvatn

Sidan i fjor haust har fleire mystiske hendingar i norske farvatn vore tolka innanfor ramma av hybridkrig, altså ei blanding av konvensjonelle militære operasjonar og alternative verkemiddel som cyberangrep og sabotasje.

Ein av «fordelane» med hybridkrig er at den angripande parten kan skjule seg. I mange tilfelle vil det også vere tvil om det eigentleg går føre seg eit angrep, seier FFi-forskar Sverre Diesen til forskning.no.

Putin i en miniubåt

Krefter på Stortinget vil nekte russiske fiskefartøy tilgang til norske hamner. På bilete: Vladimir Putin på veg ned i djupet for å sjå på vraket av den russiske 1800-tallsfregatten «Oleg».

Foto: RIA NOVOSTI / REUTERS / NTB

Unntaket for russiske fiskefartøy er grunngjeve med omsynet til den norsk-russiske fiskeforvaltninga, men påstandar om spionasje og militarisering av den russiske fiskeflåten har i fleire månadar auka presset på unntaket.

Regjeringa har likevel stått fast på at ho ikkje vil stenge norske hamner for russiske fiskefartøy.

Det er bra at stemmer i Høgre omsider kjem etter Venstre, seier Alfred Bjørlo (V).

Eit Venstre-forslag om å vrake unntaket skal til behandling når Stortinget opnar igjen i oktober.

Gassrørledningene Nord Stream 1 og 2 begynte å lekke i Østersjøen på mandag.

Gassrøyrleidningane Nord Stream 1 og 2 byrja å lekke i Østersjøen på måndag.

Vi kan ikkje vere passive i møte med russisk aggresjon

– Om det ikkje tidlegare har vore klart at russiske fiskefartøy burde stengast ute frå norske hamner, burde det i alle fall vere soleklart no. Vi kan ikkje halde fram med å vere passive i møte med russisk aggresjon, skriv Venstre-leiar Guri Melby på Facebook.

I Debatten tysdag kveld sa oberstløytnant Geir Hågen Karlsen at «norsk gassforsyning truleg er det største og mest strategisk viktige sabotasjemålet i heile Europa akkurat no».

Fungerande MDG-leiar Arild Hermstad seier hendingane i Austersjøen «styrker argumentet vårt om at vi ikkje lenger kan tillate russiske fiskefartøy i norske hamner».

Medlem i utanrikskomiteen på Stortinget, Christian Tybring-Gjedde (Frp), seier til NRK at «det er viktig at vi evnar å sjå heile biletet og at vi ikkje utøver utanrikspolitikk i basert på kjenslene i augneblinken».

Eg meiner regjeringa ikkje treng å gjere ei ny vurdering. Det regjeringa har lagt fram av informasjon knytt til bakgrunnen for avgjerda, er reflektert og fornuftig, seier han.

Emilie Enger Mehl

Trass auka press står regjeringa og justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) fast på unntaket som gjer at russiske fiskefartøy kan legge til hamn i Noreg.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Ei gåvepakke til dei som vil oss vondt

Dagens Næringsliv skreiv tidlegare i september at Nærings- og fiskeridepartementet «misforstod EU-reglar» før regjeringa gjekk inn for å gjere unntak for russiske fiskefartøy frå sanksjonane mot Russland.

Ein samla kontroll- og konstitusjonskomité på Stortinget har sidan sendt brev til regjeringa med spørsmål om vedtaket.

Forskar Ina Holst-Pedersen Kvam ved Sjøkrigsskolen har omtalt den russiske trafikken i norske hamner som «ein akilleshæl» og «ei gåvepakke for alle aktørar som vil oss vondt».

– Russisk maritim gråsonekrigføring i nord er inga hypotetisk problemstilling, men ein reell trussel, sa ho til NRK i august.

Ho gler seg over signala frå Høgre om å legge ytterlegare press på regjeringa.

Det einaste er at det skulle vore gjort i går!